Publisert

Såkornet i åkeren Luk 8:5-8


Ca leselengde:
15 min

Såmannssøndag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 55,8-13
 Hebr 4,12-13
Prekentekst: Luk 8,4-15
Fortellingstekst: Luk 8,4-15
Poetisk tekst: Salme 119,105.130-133

Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Teksten er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.

Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd. Då han hadde sagt dette, ropa han ut: Den som har øyre å høyra med, høyr! (Luk 8: 5-8)

Han som ikkje har bruk for at nokon vitnar om eit menneske - fordi han sjølv veit kva som bur i mennesket - han opnar døra for oss inn til dette under av liv som oftast går under namnet "vårt hjarta" - og viser oss korleis det ser ut der inne hos dei som høyrer hans ord.

Med guddomsauga ser han tvert i gjennom oss. Alle ting er openberra for han, heilt inn til det djupaste djup i ånd og tanke og kjensla. Vi kan derfor vera fullvisse om at både du og eg er med i det firkløveret som Jesus syner fram for oss i ordet idag. Hjarta - ditt og mitt - er enten som ein vegkant, eller som ein bergrabb, eller som ein åker med klunger i, eller som ein åker med god jord.

Andre "klassar" enn desse finst visst ikkje.

Kunne det berre så sant lukkast å finna oss sjølv igjen så vi visste kva slag "hjarte-jord" det er i oss, då ville vi vera på veg til å få rett kunnskap om oss sjølv. Og den kunnskapen er det som fører oss inn i Guds visdom. «Ein såmann gjekk ut og skulle så.»

Kven denne såmannen er, seier ikkje Jesus. Men han seier at dette ordet møter mange menneskehjarte som liknar ein vegkant. Det vil vel seia at der er ikkje rom for Guds ord.

Ein stor skare av dei som høyrer ordet, rekk aldri lenger enn til å høyra. År etter år fyller dei ein stor part av kyrkjer og bedehus, dei høyrer alt, og dei høyrer ingenting. Hjarta er som ein hardtrakka vegkant, som ingen plog kan skjera i gjennom, og som det aldri kan gro noko i. Alt som vert sagt, er like godt. Det kvassaste sverd bit ikkje på dei, og den hardaste domedagstale synest dei er ei framifrå preik. Å! han tala så godt, den mannen.

Slike folk er her idag også.

Du høyrer, men du høyrer ikkje.

Du er som ein rundslipt stein i eit elvefar eller ved ei havstrand.

Du har site på kyrkjebenk og bedehusbenk eit heilt liv, og er akkurat som du var.

Du kan gå frå kyrkja til dansesalen, frå bedehuset til kortstokken, frå salmesong til skjøkevisa, frå ei kristen samling til det mest gudlause lag.

Guds røyst har endå aldri nådd hjarta, ditt. Kvart ord frå Gud som rekk øyra ditt, plukkar satan bort, og du er den du var. Du lever som om alt var i orden, og kjem truleg også til å døy i god ro.

Der er ein bom for hjartedøra, som Guds ånd ikkje kan bryta, eld ikkje brenna, dom ikkje knusa og kjærleik ikkje lyfta.

Det er fælt, men sant.

Slik er det med mange, mange av dei som høyrer ordet.

Om eg spør: er det du som høyrer Guds ord på den måten, så rullar spørsmålet av deg som vatn av gåsa. Det rakar ikkje deg, dei andre kan passa seg, så skal eg passa meg. - På den måten møter du alle som prøver å berga deg. Men ein dag må du mjukna. Ein dag går Guds plog gjennom livet ditt - utan at nokon såmann strør såkorn i fora. Men domsklokka ringar.---

Arme kryp!

Kva skal eg seia til deg?

Eg veit ikkje!

Kanskje ei tåra kunne gjera meir enn ein "plog"? Skal djevelen også plukka desse orda ifrå deg? Enn om det er dei siste orda du får høyra før du møter Gud? "Høyr etter, kvar som høyra kan !»

-----

"Og  noko fall på steingrunn, og då det vaks opp, visna det bort, fordi det ikkje hadde væte. Dette er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det; men dei har ikkje rot, dei trur for ei tid, men i freistingsstunda fell dei frå."

Her synest vera litegrann god jord, men så altfor lite. Der er grunt ned på steingrunnen, og så brenn stråa bort når det sluttar å regna, og sola renn.

Dette er dei vi brukar kalla "stemningsmenneske". Dei som først vert grepne av ei sak, men som også er dei første til å gi opp når motvinden bles.

Rett som det er, møter vi desse menneska.

I vekkingstider er desse dei første som rettar handa i veret, når talaren legg sitt tunge trykk på deira veike vilje og sterke kjensla. Først av alle står dei fram og vitnar at dei er frelste og lovar Gud at dei aldri vil gå bort ifrå han, kva som måtte møta.

Dei brukar dei djervaste ord, fordi dei tek imot ordet med glede.

Men når vekkingstida er slutt, så finn du dei ikkje lenger i den kristne flokken.

Når det minkar med bøn og song og dei sterke stemningane på møta, når det grå kvardagsstrevet melder seg, når ein verdsleg ungdom gir deg eit stingande spottord eller den gamle lettsindige kameraten bankar på døra igjen, då er du ferdig. Då visnar det som grodde i di hjartejord, og du er borte  -  borte frå samværet med dei kristne og frå samfunnet med Gud.

Mange av oss har møtt desse ulukkelege sjeler, stundom ei for ei og stundom i store flokkar. Dei stod som ein sprettande åker i vårsola - og så ein dag var alt avsvidd.

Kvifor gjekk det så?

Var det alltid berre deira skuld?

Nei!

Det var også stundom deira skuld som bygde drivhus, dei som med uvettig hand la for sterkt trykk på viljen. Dei arbeidde for mykje etter eit skjema og tok for lite omsyn til livet. Dei hadde slik hastverk at dei klypte av banda som bind den uferdige sommarfuglen til hylsteret, i staden for at sommarfuglen sjølv skulle slita banda. Då ville han ha utvikla seg på naturleg måte og levd sin dag til ende, men no måtte han døy før han hadde breidd vengjene ut. ---

Ein dag møtte Jesus ein ung mann. Han var grepen av Jesus, og så ropte han utan blygsel: "Meister, eg vil fylgja deg kor du går:" Hugsar de det Jesus svara? "Revane har hi og fuglane reir, men Menneskesonen har ikkje noko å leggja hovudet sitt på."

Skulle ein ha høyrt maken! Ville Jesus ikkje ha den unge mannen med seg?

Jau, det ville han nok gjerne, men han såg steingrunnen, og visste at såkornet ville visna. Han såg at det var ein av desse som hadde rekna for lite over kva det ville kosta å fylgja Meisteren, og så visste han at då ville det siste verta verre med den mannen enn det første.

Han ville ikkje gjera det vondt verre, og så let han mannen få ein kald sturt så han stansa.

Slik gjorde Jesus.

Ein underleg mann til å halda ettermøte. Vi kunne visst læra noko av han også i dette stykke.

Mykje hadde vorte berga om vi hadde lært meir av Jesus her. For dette tunge trykket på viljen før hjarta er opppløgd, det er farleg. Måtte vi forkynnarar læra det, så ville ikkje så alt for mykje av såkornet verta liggjande på steingrunn.-

Du som kjenner deg igjen mellom desse som ikkje hadde rot, du som fall på freistingsdagen, du sit kanskje no og sturer. No ser du grunnen til at du visna. No rekk synet ditt lenger ned i avgrunnen i sjela di, du veit meir om kor makteslaus og syndig du er. Du ser betre enn før at det verdslege livet er tomt, og i grunnen lengtar du meir enn du vil vera ved etter fred med Gud. Men du tør ikkje ta steget ut no; du er så redd det skal gå gale ein gong til.

Du: lat deg ikkje narra! Til deg vil Jesus sikkert seia: Fylg meg! Den harde steingrunnen i bringa di har nå morkna til mold, og om du vil ta i mot ordet, om du ville lata opp hjarta for Jesus, så skulle såkornet slå djupare rot enn første gong. Det er eg viss på.

Det er så sårt å tenkja på at du som eingong smakte ein drope av livsens elv, no skal tørsta, du som ein gong kjende at livsgneisten  spratt i barmen, at du no berre skal eiga minne. Kom igjen til han som aldri støyter nokon ut, og som ikkje vil at nokon syndar skal døy.

Syndarvenen mildt deg bed,
Ved hans kors er rom,
Kom, og deg i nåden gled!
Ved hans kors er rom.

Drikk av livsens kjeldevell,
Rik og fattig, fri og træl,
Der er frelse for di sjel!
Ved hans kors er rom.
(Sangboken, nr 166)

Der skal steingrunnen meir og meir smuldra til jord, og du skal ved nåden stå på freistingsdagen.

-----

"Og noko fall mellom klunger, og klungeren vaks opp og kvalde det."

Jesus seier at dette er dei som høyrer ordet , men så går bort og kvelar det i bekymring  og rikdom og verdsleg lyst. Grøda vert aldri fullmoden.

Her synest det ikkje vera mangel på jord. Her har såkornet nok å gro i. Her turkar ikkje akset bort, men her vert det kvalt av ugras.

Du, å du, kor akkurat Jesus trefte det! Livet rundt omkring oss frå ætt til ætt vitnar om kor sanne desse orda er.

Mellom desse som her er skildra, vil vi finna mange av dei beste menneske i verda. Dei skvett ikkje tankelaust i veret for ein rørande tale. Dei stengjer heller ikkje hjarta sitt for Guds ord. Dei liknar ikkje verken vegkanten eller steingrunnen. Det er djupe sjeler, praktiske, kloke og evnerike folk. Det er "første sort" fiskarar, bønder, forretningsfolk eller embetsmenn. Dei ser målet og set all si evne inn på å nå det. Dei veit kor det kan vera noko både å gjera og tena, og dei tek i med liv og lyst.

Når dei omvender seg til Gud, så gjer dei det ikkje fordi kjensla kom inn i ein kort rus, eller fordi trykket på viljen vart for sterkt. Nei, dei omvender seg fordi den indre overtyding driv dei. Og likså dugande som dei er til å koma fram i verda, likså godt høver dei til å vera leidarar i Guds rike.

Dei eig kristendomen både i hjarta og i gjerning. Men så kjem det eit tungt "men".

Kva for eit er det ?

Jesus seier det her.

Hugen til verda veks over hugen til Guds rike. Omsorga for dette liv vert sterkare enn omsorga for livet i Gud. Det å få det godt her vert større enn å ha det godt med Gud.

I hjartejorda hos desse menneska veks ugraset likeså godt som kornet.

Det er så moro å leva. Det er så gildt å tena pengar og vera med å styra og rå både her og der. Det er så gildt å koma fram i verda!

Men er det då gale å trå etter å koma fram her i verda?

Nei, beintfram gale er det ikkje, men det er farleg. Ein kan så lett gløyma Guds rike.

Høyr og tak til hjarta Jesu ord: Dette er dei som høyrer ordet, men som går bort og vert kvalte i sus, i rikdom og verdsleg lyst.

Mange av oss treng å høyra dette. For her er den største fare for kristenlivet hos mange. Nettopp her.

Kor mykje friskt kristenliv var det ikkje som bleikna mellom dette ugraset!

Mens akset står og ruggar i åkeren, stikk tornane sår i sår, og gjennom desse såra renn krafta ut. Så sluttar voksteren, og akset vert kvalt.

Du tornefulle jord, kor mykje fagert gudsliv du tynte!

Så mang ein kristen med Guds segl i si panna og i si hand miste det og tok merket til dyret i staden. Mange gjeve kristne, som eingong brann for Guds æra og rike, er no sjeldan å sjå i den kristne flokken. Dei har aldri tid, og lite råd også. Her er så mykje gnål og tigging, seier dei, ein får ikkje fred enten natt eller dag. Så snører hjarta seg saman til ein pengesekk, og fingrane dirrar når dei tek i 10-øringen som ein skal gi bort.

Klungeren har vakse over kornet, og akset står lågt nede - kvalt.

Du, kor sant dette er!

Hos nokre av desse er det kanskje liv endå, men skralt er det, bleikt er det, makteslaust er det, og aldri vil det bera fullmoden grøda.

Alle de kristne som står i den klungerfulle jord: ver varsame, ver redde, vak og bed! Prøv å komma djupare ned i den sanninga at du er i fare, og så djupare ned i den trøyst at han gir styrke til den som inga kraft har. Så skal du veksa over klungeren, og ikkje bli kvalt. Bruk så evnene og pengane dine meir til arbeid i Guds rike. Sørg  meir for sjelene enn for æra og makt.

Så skal grøda modnast og klungeren døy.

-----

«Og noko fall i god jord, og då det vaks opp, gav det grøda i hundre foll. - Det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit godt og vent hjarta og ber grøda i tolmod.»

Dei som høyrer og gøymer. Der er god jord, der gror det, og der vert det mykje grøda.

Mange med meg ynskjer å sjå innom døra til dei menneska som eig så god hjartejord. Så kunne vi få læra å dyrka vår eigen åker og leva som fruktberande kristne.

Hos desse som eig den gode hjartajorda, vert alle ting i livet lagt inn under Guds ord, Guds lys og Guds vilje. Alt, frå det minste til det største, legg dei fram for Guds åsyn. Såleis lever dei kvar dag. Som jernflisa stikk når ho ligg på auga, såleis stikk den minste ting som vert liggjande i hjarta mellom sjela og Gud. Det må bort.

Desse menneska kan gjera gale - som alle andre - ja, dei kan også synda, men aldri kan dei bera si synd uoppgjord med Gud. Enten det vert tap eller vinning, fattigdom eller rikdom, æra eller vanæra, så gir dei livet sitt til Frelsaren. Dei kan mista alt som er gjevt her i verda: namn og æra og gull; men Frelsaren, hjartefreden, det gode samvitet og himmelen kan dei aldri mista.

Det dei er og det dei eig, held dei for ei gåva frå Gud som dei skal bruka til hans æra, og eingong gjera  rekneskap for.

Alt høyrer Herren til, og med alt søkjer dei å tena han, samstundes som dei ikkje veit noko anna å lita på enn det Jesus har gjort. I han ser dei døra open til det landet som dei framfor alt ynskjer å nå.

Det må vera "god jord".

Desse ber grøda i tolmod.

Måtte du og eg vera mellom dei!

Å, Herre, du som ordet sår,
du sjølv vårt hjarte lage,
så det må gjeva grorsamt år
og bløma som din hage.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
15 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  8: 5-8

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.