Publisert

Siger i freisting


Ca leselengde:
11 min

1. søndag i fastetiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 1 Mos 2,8-9; 3,1-8
 Jak 1,12-16
Prekentekst: Matt 4,1-11
Fortellingstekst: 1 Mos 37,1-36
Poetisk tekst: Salme 25,4-8

Anden førde no Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. Matt. 4: 1.

Jesus vart ført av Anden ut i øydemarka, så djevelen skulle få freista han. Med det same han står ferdig til å stiga fram som frelsar, må han møta satan. Han kan ikkje koma forbi den vonde utan strid. Men då han har vunne, så stig han fram for folket og søkjer å frelsa det som er fortapt.

Jesus måtte møta satan. Vi må også det. Ikkje noko menneske kan koma forbi dei vonde makter. Kor vi er og kor vi vender oss, finn vi aldri eit rom der inga freistande makt møter oss.

Vi kan ferdast åleine i dei villaste fjell, og vi kan vera midt i folkestraumen i ein millionby - det er på mange vis det same, alle stader må vi møte vonde makter som freistar oss.

Dette gjeld alle menneske, anten dei er kristne eller vantru.

Så lenge vi er så mykje menneske at vi står over det vonde, så lenge er det noko i oss som kan dragast ned ved freisting og fall, og så lenge vil også satan freista oss. Først når vi er komne heilt ned i djupet til dei vonde ånder, sluttar freistinga. For då kan vi ikkje koma lenger ned. -

I så måte kan vi likna oss menneske og åndsmaktene med vatnet i ei sluse. Når det nederste sluse-kammeret skal fyllast med vatn frå det som ligg ovanfor, så båten kan bli lyfta opp, er det svært mykje sus og brus i vatnet. Men når vatnet i begge kammera står like høgt, vert det stilt. Striden i vatnet er til ende.

Slik også i menneskelivet. For den kristne ber det oppover, i stadig strid med det vonde, - oppover mot Gud, opp mot den store dag då Gud og menneske «flyt saman», fordi vi har vorte lik Gud og ser han som han er. Vi er like Gud utan å vera Gud. Då sluttar striden for ein kristen. Han ferdast i fred og glede i det evige liv.

For eit vantru menneske går det stadig nedover, nedover mot satans rike, til dess mennesket og satan «flyt i hop», fordi mennesket vert eitt med satan og er kome der den evige død rår.

Ein kan også likna kristenlivet med ein mann som ror båten sin oppover mot straumen, tomme for tomme. Alle som trur at livslukka ligg i å reka med straumen, synest det er meiningslaust å leita etter lukka når ein snur båten mot straumen. Og står ein utanfor og ser og høyrer på dette at ein kristen alltid må ro imot straumen her i verda, så kan ein undrast over at eit einaste menneske vil la seg lokka inn på denne vegen.

Men la oss sjå litt på dette. Vi skal la livet sjølv tale, slik som det ligg i dagen, og slik som det skrik imot oss, så vi ikkje kan koma forbi utan å høyra og sjå.

Der sit ein mann med andletet gøymt i hendene. Livsmotet hans er knust, karakteren er øydelagt, alkoholen og umoralen er kongen hans. Kroppen er utsliten og sjela full av sår, og samvitet så skjelvande og skremt at mannen er ferdig til å ta livet sitt.

Kvifor er det slik med denne mannen?

Fordi han rak med straumen!

Ei ung kvinne gjekk ut frå ein god heim. Ho var frisk og rein, uprøvd, tankelaus og glad. Ho var som ein fager blom, som nettopp har sprunge ut. - -  No er den fagre blomen berre eit minne. Moralen er borte, og helsa er øydelagt, dei klare, reine augo er fulle av satanisk eld. Kvart skikkeleg menneske som møter henne, svingar til side, så dei skal sleppa å sjå skamma og ulukka.

Kvifor gjekk det slik med denne fine, gode kvinna?

Ho rak med straumen. Ho vende båten nedover. Ho la årene inn.

Ein ung gut steig ut i livet. Augo lyste av mot og manndom. Han hadde gode evner og fekk ein god post, ein god heim og mange vener. -  Men no sit han i eit mørkt fangerom. Døra er låst av andre. Augo stirer håplause inn i mørket. Livsmotet er borte, framtida stengt, heimen lagt i grus og venene borte.

Kvifor gjekk det slik med han?

Svar sjølv - og sei det høgt, at det gjekk slik fordi han rak med straumen. Han tapte den dagen han vart freista. Satan vann.

Det går mange mellom oss, tunge om hjarta og sår i hugen, - med ei mørk framtid i vente. Livet er eit opent sår som ikkje vil gro, fordi du ga opp og la deg i armane på han som freistar.

Så tidt høyrde du ei stille, klår røyst som kviskra i øyra ditt at du skulle venda båten din mot straumen. Men du let det driva, fordi du syntest det var så lett og så fritt. Men no er det ikkje lett og fritt lenger, no er du som mannen på vegen frå Jerusalem til Jeriko: utplyndra og skamslegen.

Den som kunne få hjelpa deg! Den som kunne få deg til å venda båten din no i dag. Den som kunne få deg til å gi livet ditt til Kristus no, så ville han gi deg kraft til å snu om med glede og takk.

Du som sig nedover medan straumen vert sterkare dag for dag: snu om!

Enn hans røst deg kaller
med så skjønn en klang,
gi ham rom, du hører røsten
snart for siste gang!
Skal han der forgjeves stå?
Hva om så han går,
blott fordi hans milde stemme
ei ditt hjerte når.

-----

Men det store spørsmålet for oss som vil oppover, og som gjerne vil nå fram, er om vi kan læra kunsten å vinna når freistaren møter oss.

Lærer vi den kunsten, så skal ikkje freistingane gjera oss skade, - dei vert til gagn for oss.

Det første rådet eg vil gi deg som vil oppover, er dette:

Prøv - i lyset av Guds ord og i samvær med Jesus Kristus å finna dei veikaste sider hos deg sjølv.

Det er ein stor og hellig kunst, som synest vera svært vanskeleg å læra, og som dei fleste ikkje har lært.

Det vi best lærer, det er å sjå dei veike sider hos andre. Vi kan vita på ein prikk kva som er veikt og skeivt hos han og henne, og det er så lettvint å springa bort til naboen og fortelje det. Men våre eigne feil, - nei, dei ser vi ikkje.

Har du fått augo opp for dette: å læra å kjenna deg sjølv? Då veit du med det same kor fienden lettast kan koma over muren. Då har du vunne mykje kunnskap.

Det første steget på visdomsvegen er å kjenna sin eigen dårskap. Denne visdommen vinn berre dei som har eit audmjukt sinn.

Men har det lukkast for deg å få auga på dine veike sider, så gå til Gud og sei alt til han. Sei beint fram at du feilar og fell der og der, og at du har ikkje kraft til å stå imot når freistinga kjem. Og gløym så ikkje å nemna synda med sitt rette namn for Gud.

Det er det tyngste, men også det som hjelper mest.

Vi kan nok seia til Gud at vi er syndarar, at vi  feilar og fell, at han må tilgi og hjelpa og gi kraft. Men å nemna synda på namn, det er verre.

Då måtte mange seia omlag dette: Herre, eg er stolt, eg er æresiuk, eg vil vera den første og den største. Når andre ikkje vil ta omsyn til meg, så vert eg sur og sår og arg. Andre måtte seia til Gud: Eg er så pengekjær. Mi største lyst er å klora frå andre til meg sjølv. Eller: Eg er misunneleg, eg er bitter og sladresjuk, eg vil så gjerne stikka, erta og gjera andre vondt.

Slik måtte den eine etter den andre seia til Gud.

Men dette er ikkje lett! Det tek hardt på den gamle Adam. Men der nede på denne plassen, der vi slik bøyer oss for Gud, der går vegen til siger.

Du som kjempar og vert freista, har du funne denne vegen? Tenk om du fekk augo opp for dette, og så tok til å seia alt til Gud akkurat som det er! Trur du ikkje at du då ville finna fram?

Når du, mor, vert freista til å hakka og småskjenna på borna dine mest heile dagen, og du, far, går og knurrar for alt og ingenting, - trur du ikkje at du fekk hjelp når du såg dette og gjekk til Gud med det?

Du som vert freista til å bruka kvar krone du eig til å pynta deg og gjera deg til narr på den måten, trur du ikkje at Gud vil hjelpa deg til å kle deg sømmeleg når du sa det til han og ba han om hjelp? Og du som er så glad i pengar at du snautt vågar å eta deg mett eller kle deg som eit sømmeleg menneske, du som synest noko vondt kjem nær deg når offerskåla går mellom benkane i bedehuset, - eg trur at Gud skulle få skikkelege kIede på deg og pengane ut or lomma, og god mat på bordet når du tala med han om det.

Og du som vert freista til å lova, men ikkje halda, - låna, men ikkje betala, -  sløsa, men ikkje arbeida, krevja alt av andre, men ingenting av deg sjølv - når du såg dette, tok kampen opp, og sa alt til Gud akkurat som det er, trur du ikkje at du då skulle vinna?

Prøv han! La han få lov til å bruka makta si på deg. -

La meg så få gi deg eit råd til, du som vil ta striden opp, mot dei freistande makter.

Leit etter dei orda i Bibelen som viser at frelsaren forstår deg og brenn av trong til å hjelpa deg. Satan og vår vonde natur er så flinke til å visa oss Kristus kald og bortvend ifrå oss, ein herre som refsar og slår når vi er i den største fare. Når vi mest treng han, då trur vi at han hjelper oss minst. Men slik er han ikkje. Han er alltid full av medynk og sterk trong etter å hjelpa, men aller mest når du står mellom eld og gloande pilar.

Tenk deg ei mor som står og ser barnet strida for livet mellom udyr, utan at ho kan hjelpa! Kva trur du det rører seg i det morshjarta då?

Men Jesus Kristus ser med større glød etter deg den dagen du kjem ut for Satans freistande klo.

Du kjempande menneske i denne verda full av freisting: Ta dette biletet av din Frelsar med deg ut i livet. Lat det fylgja deg inn i kampen, og han skal koma deg så nær, så nær. I hans medkjensle  ligg krafta for deg til å vinna.

Han kan hjelpa dei som vert freista, fordi han sjølv har vorte freista.

Gå ikkje og ber på ein einaste ting for deg sjølv. Sei til han at du vert freista, sei kva du vert freista til, sei han kor du lid nederlag. Gå inn til Jesus med alt. Gå så ut att i striden med open sak mellom deg og han. Då har du funne vegen til å vinna på freistingsdagen.

Vi er enno ikkje førte inn i kampen for å farga jorda med vårt blod, men vi er kalla til å strida her mellom fjord og fjell, så vi kan leva eit audmjukt, gudfryktig og tenande kristenliv, til æra for han som gav livet for oss, og som har lova oss siger.

Hald så fast ved at han har lova oss hjelp i all freisting og strid, han har sjølv gått gjennom verda, vorte freista og vunne siger. Og han som fekk englar til tenarar då han hadde slått satans freistingar ned, han vil senda dei same tenarane til deg og meg.

Når Jesu kjærlighet vi rett betrakter,
og verdens herlighet for intet akter,
Når himlen er oss kjær og lys og yndig,
først da blir Herrens hær i striden myndig.
(Sangboken, nr. 470)


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
11 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emner

  Djevelen

  Fristelser

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  4: 1-11

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.

Dagens bibelord i fastetiden 24/03/19 – Luk 1,46-55