Publisert

Staten, skatten og dei kristne Matt 22:15-22


Ca leselengde:
9 min

21. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jer 29,4-7
 Rom 13,1-7
Prekentekst: Matt 22,15-22
Fortellingstekst: 1 Mos 4,1-16
Poetisk tekst: Salme 146,1-2.5-7

Sei oss no: Kva meiner du? Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Matt 22:17

Farisearane prøvde på alle vis å få Jesus i knipa, så dei kunne finna noko å klaga han for. Det var det samme kva det var, berre det kunne brukast til å gjera han skade. No trudde dei sjølve at dei hadde han i saksa; han kunne ikkje sleppa forbi dette tve-eggja spørsmålet om romarveldet og jødefolket. Sa han at dei skulle svara skatt, så kunne dei bruka det til å eggja folket opp imot han, og sa han at dei ikkje skulle betala, så kunne dei klaga han for keisaren. Eit av desse svara måtte han gi, trudde dei, og begge var like gode, berre dei kunne brukast imot han.

Men dei gløymde å rekna med at Jesu visdom var større enn deira lumske klokskap, og så måtte dei også denne gon­gen gå bort med undring og skam.

Men spørsmålet i ordet i dag om keisaren og skatten har ærend til oss og, fordi også me lever i eit samfunn som krev store skattar av folket. Det er få ting me disku­terar meir enn skattespørsmålet, og mest alle klagar over at skatten er urimeleg stor, ja, mange meiner at han også er urettferdig.

Kvifor skal me svara skatt?

Var det ikkje likare å få den børa bort?

Er det ikkje ei duglaus regjering og ei grisk liknings­nemnd som står bak dette plundringssystemet som går under namnet skatt?

Det ser ut som mange beint fram tenkjer og trur slik. Difor klagar dei seint og tidleg og skjenner på Storting og Regjering, likningsnemnd og kommunestyre – som om desse styresmaktene berre satt og la opp råd om korleis dei fortast kunna lura pengane frå folk.

Er ein slik kritikk rettferdig?

Nei, som regel er han ikkje det.

Er skattane for tunge, så ligg skulda ikkje berre hos dei som styrer. Skulda ligg på heile folket, fordi det lever for flott og arbeider for lite. Eller fordi det er ein annan grunnskade som tærer på folket.

Som oftast er det gamle ordet sant at eit folk har det styret det fortener. Eit moralsk, sterkt og friskt folk vil ikkje i lengda finna seg i å ha eit duglaust og umoralskt styre.

Som folket er, slik vil styret verta.

Men la oss sjå litt på det me kallar keisar­dømme, kongedømme, republikk eller diktatur – kva er dette for noko?

La oss halda oss til oss sjølve. Noreg er eit fritt, sjølv­styrt rike, og dette riket eig det norske folk omlag på same måten som ein bonde eig garden og handelsmannen si forretning. Eit rike er såleis også i mange måtar likt ein heim og ein huslyd, med husbond og tenarar. Og som heimen trivst og går fram i same grad som alle lemer i huslyden er flinke og arbeidsame, milde i krava til andre og strenge i krava til seg sjølve, såleis er det også med eit rike.

Då Jeremia skreiv Herrens ord til folket sitt, som var fletta inn i ein ny stat, seier han mellom anna:

Streva etter at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed for han til Herren. For når det går han vel, så går det dykk vel. Jer 29:7

Og då Paulus svara den øvste høvedsmannen i Jerusalem at han er fødd romersk borgar, ser det ut til at han i god meining er stolt over det.

Personleg tilstår eg at eg er glad over å vera norsk borgar. Dess meir eg har sett av andre land og folk, dess meir har eg takka Gud i mitt hjarta fordi Noreg er mitt fedreland. Om me så sørgeleg godt har lært i klaga og knurra for alt som er ille her i landet, så er det like­vel eit av dei beste land på jorda å leva i.

Lov og rett vernar om det gode og straffar det vonde. Ikkje alltid så fullkome som det burde vera, og som det kunne vera, men likevel tvilar eg på om lov og rett står høgre i noko anna land enn dei gjer i Noreg. Staten byggjer våre skular og kyrkjer og hjelper våre born til å få kunnskap. Staten byggjer vegar og jarnvegar, og ham­nar for sjøfolk og fiskarar. Han set merke for kvar grunn langs den utruleg lange kysten og inn til botnen av den lengste fjord. Fra nes til nes blinkar lys som sjø­mannen kan styra etter i den mørke natta, mens syngjande klokker og ljomande lur ropar i snøkave og skodde til våre sjøfolk: her er vegen!

Dette og tusentals andre ting gjer stat og kommune for oss. Og dette skal me ikkje berre vera takksame for, dette må me også betala for. Kven skulle elles gjera det? Er det ikkje me som eig landet, som også må byggja det? Vil ikkje me byggja det, så kan visst ingen andre gjera det. Difor må me lyda våre lover og betala vår skatt.

I alle ting som ikkje strir mot Guds Ord, skal ein kristen lyda lov og rett i Staten, ikkje berre for å sleppa straff, men også for å eiga eit godt samvit. (Rom 13:5)

Difor legg dei og skatt, for dei (som styrer) er Guds tenarar, som just tek vare på dette. Gi då alle det de er dei skuldige: skatt til den som skatt skal ha, toll til den som toll skal ha, age til den som age skal ha, ære til den som ære skal ha. Rom 13:6-7

Dette seier Guds Ord, og dermed har ein kristen svar nok.

Visst er det slik at skattane er store og alt det me skal leva av er dyrt. Men når ein støtt høyrer denne knurr og klage, går tankane attende til barndomsheimen, til far og mor. Eg hugsar korleis dei sleit for å få skrapa saman pengar til skatt og til mat. Det vanka ikkje mange flotte rettar korkje til helg eller veke. Det var sild og pote­tar, graut og mjølk dag etter dag og år etter år. Når det ein og annan gong kom fisk og smør og eit kjøtbein p bordet, då var det høgtid. Desserten til middagen var vatn blanda med sur myse. Og når det så rakk i hop med pengar til klede, mat og skatt, så lyste andletet til far – fordi det hadde lukkast.

Du som les dette, strevar du så for å betala skatten, og lever du sparsamt?

Stans litt, tenk etter og vert skamfull over klagene dine. Betal skatten din ærleg utan knurr og takk Gud for at du kan betala.

Gi keisaren det keisaren skal ha.

Det er rett og sømeleg for ein kristen.

La vera at andre på urett viss dreg seg unna mykje av si skatteplikt, og at du som er ærleg, må betala også for dei. Det kan freista ein kristen til noko av kvart. Freista kan det, men ein kristen bør vinna over denne freistinga også. Eit godt samvit for Gud og menneske er meir verdt enn nokre kroner.

Det er Guds vilje til oss, og det er Guds velsigning over oss.

Men Jesus seier i Ordet i dag at me skal ikkje berre gje keisaren det som høyrer han til, me skal også gje Gud det han skal ha.

Kva er det då som høyrer Gud til av det me har? Det er du og eg, akkurat som me er – med kropp og sjel, med synd og med skam. Me er hans eigedom, fordi Han har skapt oss, og fordi Han har kjøpt oss. Går så du og eg på ville vegar borte frå Gud, så har me ikkje gitt Han det Han eig. Du og eg er då den eine sauen, den eine penningen og den eine sonen han har mist. Finn han og får han deg sjølv, så har han fått att sin eigedom, den som var bortkomen.

Gje Gud deg sjølv. Det er det største og det beste du kan gje han.

Om du så er den verste syndar jorda bar, du er like fullt hans eigedom, som han har kjøpt. Det er sårt å minnast at me kom bort frå Gud, men enno meir sårt er det å sleppa den tanken inn over seg at alt det Gud har gjort for oss, skal vera til inga nytte, fordi me ikkje vil la oss frelsa. Over den synda og den dårskapen sørgjer alle himlar og Guds store frelsarhjarta, og av den grunn vil helvete verta bustad for menneske som skjer tenner og gret vonlause tårer.

Å, gje Gud det som høyrer Han til!

Så vend da om i denne dag
og gjer Guds hjarta gleda!
Så held han helg i englelag,
der Kristi lov dei kveda
for syndaren som atter fann
sin Frelsarmann.
Å, gjer då Gud den gleda!
(Elias Blix)

Og så du som kom, du som ga han det han kjøpte, deg sjølv – som strevar og har det tungt, han seier også: Gå ut i heile verda og kunngjer evangeliet for all skapningen. Til dette arbeidet kan me gje Gud våre evner, vår sjels­ og lekams-kraft, våre levedagar og pengar. Også dette eig Gud, og me skal gje det attende til han.

På denne måten stakar Jesus opp vegen for oss i ordet i dag, me som har borgarskap både i Himmelen og på jorda. Kunsten å leva er ein høg kunst.

Måtte Ordet i dag hjelpa oss til å læra litt meir av den kunsten enn me har lært før.

Nærmere, o Jesus Krist, til deg!
Nærmere, hva enn det koster meg!
Nærmere i morgen enn i går,
Nærmere, o Herre, år for år!
(Sangboken nr 536)


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  22: 15-22

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.