Publisert

Takk! Luk 17:11-19


Ca leselengde:
10 min

17. mai
Tekstrekke 3
 
Lesetekster: 5 Mos 8,11-14
 1 Kor 4,7
Prekentekst: Luk 17,11-19
Fortellingstekst: Luk 15,1-10
Poetisk tekst: Salme 127,1-2

Ein av dei kom attende då han såg han var 1egt, han lova Gud med høg røyst, og han fall ned på sitt åsyn framfor føtene hans og takka han; det var ein samaritan. Luk 17:15-16

Mennene som ordet dag fortel om, hadde fått den tunge lagnad å bera på ein sjukdom som ingen lege og ingen medisin kan lækje. I si djupe naud kom dei så til Jesus og bad om hjelp. Og han hjelpte dei – som han gjorde med alle som ville ta imot hjelp av han.

Men berre ein av desse ti menn kom att og takka for hjelpa. Jesus spør då om ikkje dei andre også vart friske. «Var det ingen utan denne framande som kom att og ville gje Gud æra?»

Av desse orda ser me at Jesus ventar takk av dei han hjelper, og det er det me sers vilde minna kvarandre om i dag.

Det er sagt at den som ikkje har lært å klaga, kjenner ikkje seg sjølv, og den som ikkje har lært å takka, kjen­ner ikkje Gud. Det er visst mykje sant i dette. Men me må leggja til at det er mykje lettare å læra å klaga enn å takka. Grunnen til klage ligg oss alle så nær – me treng ikkje å vera gløgge for å sjå at her er mykje å klaga over, aller mest om me har fått syn på oss sjølve og vår synd. Men når det gjeld å takke, kjem me over i ei anna gate. Først fordi me har så lett for å gløyme det gode me får. Dernest fordi me ser det så lite. Om me skal takka, så må me tidt gjera det i tru, tvert imot det me ser og kjenner.

Det er såleis tyngre å takka enn å klaga. Men så visst som det kostar meir å takka enn å klaga, like visst har ein større vinning av takk enn klage.

Mange kristne klagar seg inn i mørke, tvil og grått humør, men ingen takkar seg inn i mørke. Det går ei underleg kraft inn i sjela til alle som takkar. Det er ikkje berre rett å takka, men det er godt.

Ein ærleg takk krev eit audmjukt sinn. Det er den stive og stolte som krev og knurrar. Har me vanskeleg for å skjøna dette, så kan me berre tenkja på korleis det er med oss sjølve mellom våre eigne når me skal takka. Det er vanskeleg å læra den kunsten å takka sine eigne. Ute mellom framande går det oftast lett som fot i hose, då kan me seia «tusen takk» for alt slag og ingen ting; men heime kan andre gå og slita for oss mest eit heilt liv utan å  få eit ord til takk.

Mang ei husmor ville kjenna seg både sterkare og gla­dare om ho av og til fekk ein takk av mannen sin. Det ville bli lettare både å leva og å arbeida for alle i huset om det var meir takk og mindre klage og krav.

Å klaga og å koma med krav tidleg og seint, er som å  leva  i skodde og grått ver. Ein misser motet.

Det du ikkje kan få tenaren til å gjera om du legg på løna, det gjer han når han får takk. Og når mor held på å siga saman av nervøsitet og motløyse, fordi alle knurrar og klagar, så kan ein velmeint takk gjera meir til å reisa henne opp att, meir enn både medisin og sjukehusopphald.

Det er godt å takka.

Men alt som er godt, kostar kamp.

Takkar du dine husfolk for det dei gjer for deg? Prøv om du kan læra den kunsten! Så skal du verta glad og gjera andre glad.

Men det me helst skulle tala om idag, var å takka Gud.

Det er mi tru at mange menneske – også av dei som står utanfor samfunnet med Gud – veit om mykje godt som Gud har gitt dei, ikkje minst svar på bøner dei bad den dagen dei var i naud. Mange av desse er også visse på at det er Gud som har halde dei oppe og har signa både heimen og arbeidet deira.

Du som høyrer til desse menneske; eg vil spørja deg: Kva trur du er den beste takken du kunne koma til Gud med for alt det gode Han har gjort imot deg?

Prøv å tenkja på det.

Den største takken du og alle andre kan gje Gud, er å ta imot Jesus Kristus som din Frelsar. Kan du skjøna det, og kan du tru det?

Eg ottast for at det fell tungt for deg både å skjøna og tru dette. Ja, at du beint fram tvilar på at det er sant. Kunne eg berre, så ville eg gjerne ha prøvt å overtyda deg om at det er sant. – Eg hugsar ei forteljing om ei kvinne i ei bygd her i landet. Denne forteljinga vil eg bruka til prøva å få fram denne sanninga klårare.

For omlag 50 år sidan budde det ei gamal kvinna i ei av bygdene pa Sørlandet. Ho gjekk under namnet «Bøne-Kari» for ho var nærpå den einaste i bygda som ba til Gud, så vidt folk visste om. Ho var fattig og levde av det folk ga henne, og alt ho fekk, tok ho imot av Gud som svar på bøn. Det slo ikkje feil: når ho bad, så fekk ho!

Hytta hennar låg ved eit vegkryss der presten og klokkaren for forbi når dei skulle til annekskyrkja. Dei ottast Gud, båe to, og stakk difor tidt innom døra til Kari, anten når dei drog til – eller kom att frå annekset. Ho hadde lært så mykje visdom av Gud i livsens skule, at dei syntest det var gildt å tala med henne.

Ein dag på heimvegen såg dei på nytt innom Kari. Då dei hadde samtala ei stund, tok Kari til å bera på bordet alt det ho hadde av mat i huset. Det var ikkje mykje: ein halv leiv flatbrød og litt smør. Den halve leiven delte ho i to, eit stykke til kvar, og så bad ho dei gå til bordet. Men presten sa nei takk. Me har fått mat borte i bygda, sa han, me greier oss nok til me kjem heim ; du skal ikkje gi oss noko idag. Forresten skal du ikkje la oss eta opp maten din, du har visst ikkje meir enn du treng det sjølv.

Då Kari høyrde dette, vart ho stur og tagde. Samtalen gjekk i stå, og dei to syntest det var ikkje anna å gjera enn seia farvel. Med det same klokkaren går forbi, ser han inn gjennom glasruta og får auga på Kari, som sit  på peiskrakken og gret. Då spring han etter pre­sten, stansar han og seier: «Prest, me har synda i dag, me.» «Seier du det?», svarar presten. «Eg kjenner nok at eg er litt underleg inne i bringa, men eg veit ikkje av at eg har gjort noko gale.» «Jau», seier klok­karen, «me har synda imot Kari, me tok ikkje imot det ho ville gje oss. Ho vart ikkje kvitt det ho hadde til overs til oss. Me ville ikkje ha det, og no sit ho inne i hytta og gret.»

«Du har rett», seier presten. Så snudde dei og bad Kari om tilgjevning, og dei åt det som stod på bordet. Men då vart ho glad. – Og neste dag kom det mat, meir enn nok, i hytta til Kari.

Dette forstår me, fordi me veit kor vondt det er å vilja gje ein annan noko, og han ikkje vil ha det.

Har du nokon gong elska utan å bli elska att? Då veit du at forsmådd kjærleik er ein tærande smerte.

Du veit om Han som elska så at han gav sin eigen son til oss, og du veit også om han som gav seg sjølv til oss og for oss, fordi han elska.

Og så seier du nei. Du vil ikkje ta imot han. Han vert ikkje kvitt seg sjølv til deg, Han som gav seg sjølv for deg heilt inn i døden!

Veit du kva det vil seia at du svarar nei?

Veit du at det er den største utakk og den største synd?

Om du ikkje vil vita det no, så får du vita det den dagen du ser han og må gå bort «i mørket utanfor».

I same stund du tek imot Jesus, skal Himmelen syngja til æra for Han som du tok imot. Og Jesu frelsar-hjarta skal gleda seg over at ein syndar tok imot det han ville gje.

Den største takk som når Himmelen frå vår jord, er den at ein syndar tek imot Jesus.

Men den brodd som stikk i all æva, og den eld som aldri døyr, den kjem opp i det hjarta som ikkje aktar så stor ei frelse.

Det skulle du tenkja på, du som ikkje tek imot denne store kjærleiksgåva : Jesus.

Men du og eg som tok imot Han, korleis skal me takka Gud?

Eg vil svara: Ta Bibelen din. Gå bort frå alt og alle. Gøym deg i det rommet der du brukar å møte Gud åleine. Les noko av det som står i boka du tok med deg. Opnå munnen din og ber fram ein takk til Han som har vore så useieleg god. Gløym ikkje alle hans velgjerningar! Hugs dei, og takk for dei. Dei er fleire enn håra på hovudet  ditt!

Det er godt å takka. Det er sælt. Det er styrkjande for sjela. Det er til æra for Gud.

Sei Gud og Faderen takk for alle ting i Jesu namn. Det sømer seg for ein frelst syndar.

Og så dette: Lev som ein kristen der du slit dine dagar, anten du er far eller mor,  barn eller tenar, kor du er og kven du er. Då takkar du Gud!

Syng din Frelsar denne takkesong i dine kvardagsklede, mellom dine husfolk og i arbeidslaget ditt. Då takkar du Han som synte deg større nåde enn dei ti menn som me les om i ordet idag.

Når dei verdslege menneske du lever i lag med, må sanna at du lever som ein kristen, då takkar du Gud. Og når du på ymse vis hjelper andre til å finna den frelsa du sjølv fann, då takkar du Gud.

Takk, Fader, at du var så god
mot Adams falne ætt
Du frelste oss ved Lammets blod
Og gav oss barnerett.
Deg priser nå hvert åndedrag,
Hvert sukk og hjerteslag.
Guds Lam, for all den kval du led,
Takk, takk i evighet!
(Sangboken nr 665, v. 4)


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  17: 11-19

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.