Publisert

Til fjells med Jesus


Ca leselengde:
12 min

Kristi forklarelsesdag
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 5 Mos 18,15-18
 Åp 1, 9-18
Prekentekst: Matt 17,1-9
Fortellingstekst: Matt 17,1-8
Poetisk tekst: Salme 89,12-13.15-16

Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førde dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Og han vart forklåra for augo deira. Andletet hans skein som sola, og kleda hans vart kvite som ljoset. Matt. 17: 1-2.

Livet for ein kristen er på mange måtar skiftande. Meir enn noko anna liv er det ute i store farar, men når det vinn over vanskane, er det eit liv i sæla og siger som ingen kan nemna maken til.

Det er dei kristne som møter den kvassaste strid og nyt den sælaste kvila; dei må gjennom det svartaste mørke, men ser også det klåraste lys. Dei kjenner til den sværaste maktesløysa og den største styrke, den tyngste sorg og den høgste gleda, den djupaste sjeleangst og den helligste ro.

var det, så er det, og så vil det koma til å vera så lenge denne tidsalder varer.

Profeten Elias står åleine i sitt folk. Kongehuset held seg til avgudane, og folket har snudd Gud ryggen. Men denne eine mannen stengjer himmelen, så det ikkje regner i 3 1/2  år. Han stig fram for konge og folk og heile samlinga av prestar og profetar utan frykt og går ut av striden med stor siger. Men kort etter rømer han for ei kvinna og set seg under ein einerbusk og klagar si naud og si maktesløysa:

Herre, no er det nok, ta livet mitt; for eg er ikkje betre enn fedrane mine.

Paulus, som pløgde hav og land og bar Jesu namn fram, for keisar og konge utan frykt, han som sa: livet det er for meg Kristus og døden ei vinning — han gret, han sukka, han bar smerte og verk i si ånd. Ein gong han skriv til sin beste ven her i verda, kjem det så mjukt og ekte menneskeleg frå djupet av sjela: "Når eg hugsar dine tårer, lengtar eg etter deg."

Han minnest venen sin, Timoteus, som ein gråtande mann, ein mann som vart motlaus i den harde striden han måtte føra. Og så lengta Paulus etter sin gråtande ven. Slik var det, og slik er det.

Du lader oss med helvedfrykt
i våre synder plage,
at nåden rett kan blive søkt
og desto bedre smage.
Du truer oss med nød og død,
når du oss vil opplive - trøsten give,
som er langt mere sød
enn noen kan beskrive.

Eg veit her er dei som trur og lærer at denne striden, desse tårer og motsetningar skal ta ende i eit kristenliv her i verda. Dei trur at eit slikt kristenliv er ufritt, det er utslag av ein kristendom som fører til Sinai, det er eit liv utan åndskraft og åndsdåp.

Nei, dette som ovanfor er skildra, er ikkje ein ufri og åndsfattig kristendom. Det er den beste og mest frigjorde kristendom. Det er eit friskt kristenliv i strid, i sigrande strid. Det er eit liv i framsteg, i vokster. Det er ein mann eller ei kvinna på heimferd gjennom fiendeland.

Ordet vi har føre oss her, tek til slik: "Seks dagar etter".

Er ikkje dette ein underleg måte å begynna på? Kva skal ein med dei seks dagane? Er det noko å fortella ætt etter ætt ned gjennom tidene?

Men ser vi etter, og tenkjer vi roleg, så vil vi nok finna noko guddomsstort også i desse orda om dei seks dagane.

Det første som ein vanleg bibellesar vil koma til å stansa ved og spørja om, er dette: Kva var det som hende seks dagar før? Les vi så det 16. kapitlet, vil vi finna grunnen til at Matteus minnest desse dagane så godt.

Jesu mål med sine her i verda var og er å føra dei lenger og lenger inn i sanninga. Det vil seia: læra å kjenna seg sjølv og læra å kjenna han. Det er livsens høgste kunst.

No stundar det til den tida då han skal gå inn i døden, men endå er det eit og anna dei må læra før han går bort. Så går dei saman ein dag, og best som det er, spør han dei:

"Kven seier folk at Menneskesonen er?"

Dei svarar på dette. Men i grunnen var det no ikkje det han ville vita. Det han ville få fram, var dette: "Men de, kven seier då de at eg er?"

Så svarar Peter med desse djupe orda: "Du er Messias, den levande Guds son". Då Peter har sagt dette, får han det vitnemålet av Jesus at han har funne det rette. Kjennskapen han hadde til sanninga, var rett -  så langt han rakk. Ikkje berre teoretisk, men også praktisk, fordi Peter hadde opplevd det han vitna om. Jesu Kristi fader hadde synt det for han. Og på dette vitnemålet sette Jesus han inn til sin tenar.

Men Peter og dei andre måtte læra meir - om Frelsaren og om seg sjølv. Endå veit dei ikkje at han skal døy, men også det må dei få vita, og no må det skje. Så kjem det så roleg og fast at no ber det til Jerusalem, og der går han inn i liding, ja heilt inn i døden på eit kors.

Men då kan dei ikkje vera med lenger. Då brest det. Peter fører ordet - som vanleg - og no ropar han ut eit vondt ord, vondt fordi han visste for lite om frelsesvegen. Han som nettopp fekk høyra av Jesu eigen munn: "sæl er du", han måtte no ta imot desse orda: "Gå ut or augo mine, satan".

Er ikkje det motsetningar? Er ikkje dette svært å få høyra? Kven kan skjøna dette?

Med sin beste vilje kunne dei ikkje forstå Jesus. Og no sveipte det seg belgmørk natt omkring dei. Men no får det bera eller bresta, no må Jesus seia dei klårt korleis vegen ligg - for han og for dei. No må alle bruer sprengjast, no må dei vita kva det kostar.

Og så driv han på. Det er ikkje berre så at Jesus må døy på eit kors, men dei må gløyma seg sjølv og ta sitt kors opp og fylgja etter han. Ja, den som vil berga livet sitt, han må mista det.---

Dette - og kanskje mykje meir - var det som hende seks dagar før.

Ver viss om at det var svære dagar, desse seks. Ver viss om at det var dagar dei aldri gløymde.

Alt det dei trudde var fast som fjell, det brast under dei. Alt som før syntest  liggja klårt i dagen, vart no sveipt i natt. Og så sit dei og stirer inn i ei håplaus gåta.

Ikkje forstår dei seg sjølv, og ikkje forstår dei han.

På denne måten vart livsboka deira opna for dei, og denne boka må dei no lesa i. Men å verte sett på skulebenken med si eiga livsbok til lærebok, det er ein hard kur "for mennesk`lig natur". På blada i denne boka er det skreve mykje sårt og tungt. Men kvar sann kristen må finna seg i det, og likeså visst som det er Guds ånd som gir oss kunnskap om oss sjølv, likeså visst gjer denne kunnskapen oss motlause og redde.

Er her ein einaste sann kristen som tvilar på at desse seks dagane var svære for læresveinane?

Matteus gløymde ikkje den tida. Han hugsa også kor mange dagar dei gjekk såleis: seks dagar.

Har du nokon gong i ditt liv hatt slike dagar?

Mange kan svara ja.

Først fekk du oppleva at Jesus hadde frelst deg. Guds ord og ånd har sagt det og segla det fast djupt inne i sjela, dette: "sæl er du". Og så ein dag snur alt seg om til dom, til tvil, til mørke og dårskap.

Alt vert gale for eins eige syn. Eg har visst aldri vore ein sann kristen? Var eg verkeleg vakt? Var eg rett omvendt? Har mi tru vore levande?

Det eg har søkt å gjera i Guds rike, har eg gjort det fordi Kristi kjærleik tvinga meg?

Svaret på alle desse spørsmål leitar du etter i di livsbok, den du no les i, og svaret vert nei.Og dette nei er eit tungt nei for det menneske som framfor alt i livet ville at det skulle vera ja.-

Den som har opplevd meir eller mindre av dette, han er i skule hos Frelsaren.

Han er i fylgje med Jesus.

Han sit i slike tider ved eksamensbordet i Guds rike og skal flyttast opp i ein høgre klasse. Det vil seia: først inn i større kjennskap til seg sjølv, og så etterpå sjå Frelsaren klårare og klårare.

Dette er vegen opp til Tabor, der vi får sjå Jesus herleggjort  for våre augo. Og vegen til denne fjelltoppen går gjennom den djupe dalen. Ingen annan veg fører dit opp.

Dette synest mange kristne vera ukjende med, og difor forstår dei så lite det som ligg i orda: "seks dagar etter".

Det er to ting ein kristen må læra opp att og opp att om han skal halda ved å vera ein kristen. Han må læra å kjenna synd og nåde. Han må læra å kjenna seg sjølv, og han må læra å kjenna Kristus.

Lærer vi ikkje å kjenna synda, vår synd, så er det uråd å læra å kjenna nåden.

Den som vil læra Frelsaren å kjenna, må også læra å kjenna seg sjølv.

"Seg sjølv"— det er den djupe, mørke dalen mellom oss og Tabor. "Seg sjølv" -   det er den bratte fjellsida opp til ein Jesus som må verta omskapt for våre augo. Likså visst som større kjennskap til seg sjølv føder sorg og tvil, likså visst fører større kjennskap til Kristus til meir gleda og tru.

Du fører oss i kamp og strid
mot mørkets hele skare;
vi synes titt i sådan tid
i altfor stor en fare.
Da lærer vi hvor litt vår leir
formår mot satans pile -
til deg ile — og etter vunnen seir
i deg alene hvile.

I sådan kamp vi føres inn
til våres store nytte,
i Gud et uforandret sinn
vi får til del og bytte.
Når vi vår jammer, synd og nød
ved ånden så bekrige -
at de vike - det bringer  kjødet død,
men ånden kraft og rige.

Når sjelen sitter kold og svak
i stort anfektningsmørke,
da just på denne mørke dag
du selv er all dens styrke.
Vi tenker ofte i vår ve
at du oss helt forstøder -
knuser, døder -  ved enden kan vi se,
ditt hjerte mot oss bløder.

(Landstads reviderte salmebok, nr 256)

Og så ein dag - ein tung, mørk dag, då du har gjort opp med deg sjølv at alt er forbi - så ber det oppover, heilt opp til toppen.

No er det ordna så i Guds vise råd at du skal ikkje lenger lesa i di bok. Frelsarauga ser at du ikkje maktar å bera meir av kunnskapen om deg sjølv, no skal du lesa i hans bok. I livsens bok, i frelsens bok, i nådens bok.

Så opnar han boka - si bok - for oss, og så opnar han våre augo, så  vi ser han gjennom ordet.

Reint som ved eit under vert alt snudd opp ned med ein einaste gong. Mørke, motløysa, tvil, angst, og klage forsvinn. Som sola et opp skodda, er alle skuggar borte frå di sjel.

Du veit ikkje kor det for av, men borte er det.

No må du berre undra deg over at du som hadde opplevd så mykje ihop med Jesus, at du kunne koma inn i slikt. Du som så tidt hadde hjelpt andre, du kunne ikkje hjelpa deg sjølv.

Nei, ingen kristen kan hjelpa seg sjølv, kor gamal kristen han er, og kor mykje han har opplevd i samfunnet med Gud. Når Ånden finn for godt å dra seg unna, kan ingen sjå Kristus.

Men no ser du han på nytt, og du gløymer deg sjølv, fordi Kristus er herleggjord for deg.

Du har ikkje vorte annleis. Du er den du er, men Kristus har vorte større for deg.

Kva gjer det no om det er smått med deg; det er ikkje smått med han.

No er Jesus åleine nok for deg.

Målet med kristendomen er ikkje å få seg sjølv, i eigne augo, til ein helgen. Målet er å få gjort Kristus større for oss. Større og større kjennskap til Kristus, det er løyndomen i all sann helging. Eit fornya syn på Kristus omskaper oss etter hans bilete.

Det slår aldri feil.

Jesus åleine er nok.

Når så Guds stridande hær om kort tid går inn gjennom portane til livsens land og av Guds eiga hand tek imot himmelharpa, då skal songen tona til æra for Jesus åleine.

Kva skulle vera for gjevt å snu ryggen til her i verda når ein kan få vera med der!


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli.


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
12 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  17: 1-9

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.

Dagens bibelord i fastetiden 24/03/19 – Luk 1,46-55