Publisert

Til Jesus om natta


Ca leselengde:
9 min

Tekst: Ludvig Hope



2. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 3
 
Lesetekster: Esek 36,25-29a
 Rom 6,3-8
Prekentekst: Joh 3,1-13
Fortellingstekst: Apg 8,26-40
Poetisk tekst: Salme 66,1.2a.4-6

 Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» (Joh 3:1-2)

Ikkje alle menneske vert førde til Jesus på same vis, og heller ikkje er det same ytre grunn som driv alle. Ser me etter i Guds ord, vil me snart finne stor skilnad og mange ulike grunnar som driv folket til Jesus.

Sakkeus vart ropa ned frå eit tre, kananearkvinna, kongs­mannen frå Kapernaum og mange andre kom til han fordi sjukdom eller ulukka herja heimen, og andre kom fordi dei sjølve var sjuke.

Saulus vart kasta nesegrus i vegen av eit himmelsk syn og med ein gong riven ut or den mørkaste natt til djup syndenaud og stor frelse-trong. Syndarinna i Simons hus var nedlesst av så tung ei syndebør at ho brydde seg snautt om nokon ting, berre ho nådde fram til Jesus.

Sume søkjer Jesus fordi lekamen er sjuk, andre på grunn av sjelenaud. Sume går og grublar over livsgåta, fåmælte og uglade. Andre trøytte og tvilande, bortgøymde i seg sjølve, til dei også ein dag har nådd fram til sin rednings­mann.

Dette er ikkje å undrast på. For me menneske er i mange måtar så ulike. Me er ikkje støypte i ei form og bundne i hop som perler på ei snor. Tvert imot. Samstundes som me er så forunderleg like er me også så reint ulike. Ikkje to blad  på alle tre i verda er heilt like, heller ikkje to menneske.

Vår utsjånad og vår karakter er som ein skiftande natur. Vegane me er førde på gjennom livet, dei folk me bur mellom, den landsdel og dei kår me lever i, - alt er med og pregar kvart menneske.

Denne lov ligg så klart i dagen både i Guds Ord og i folkelivet, at det kan ikkje løynast. Difor har me heller ikkje lov til å laga eit skjema som alle skal fylgja i smått og stort, enten det no gjeld menneskelivet eller kristenlivet. Dei som brukar det same mål på alle og vil at andre i alle ting skal vera lik ein sjølv, dei går seg fast. Dei strir mot Gud. Det Gud har skapt som ein levande organisme, vil dei gjera om til livlaust støypegods.

Men om måtane å koma til Kristus på er mange. - målet er det same for alle. Me må alle finna Jesus, skal me verta frelste.

Det går mange vegar opp lia, men for den som vil nå toppen, så møtes dei alle der oppe. Det renn mange bekker og elvar ned gjennom dalane, men alle møtes i havet. Slik er det også med dei som søkjer frelse.

Det finst ikkje noko anna namn enn Jesunamnet som me vert frelste ved.

Til Jesus må den lærde og stillfarande Nikodemus og den sterke framstormande Saulus, saman med  tollmenn, skjøger og vanvyrde heidningar. Hos han vert kongen og fattigmannen like. Alle må gjennom den same tronge porten. På den staden vert den nye ætta født, den som går opp til det landet der Gud har gjort alle ting nye.

Nikodemus kjem om natta, roleg og stilt. Ingen veit om det utan han som gjekk og den han gjekk til. Han ligg ikkje sundriven i sjela som Saulus, eller samanbøygd med tåreflaum over Jesu føter som syndarinna. Roleg og turt seier han to tre rosande ord om Kristus, og dermed sluttar han. Ikkje eit ord om seg sjølv, ikkje ei tåre, ikkje ei bøn. Alt er som ei lukka bok – og der sit han.

Kan det verta ein kristen av ein slik kar?

Ja! Han er komen til rette mannen, og så gjorde Jesus han til eit nytt menneske, som veks i nåde og kjennskap til Meisteren, meir enn mange andre.

Det er ikkje alltid at det liv som spring fortast fram i dagen, er det friskaste og sterkaste. Det er minst likså godt at rota veks djupt ned og vidt ut, som at strået skyt fort i veret.

_____

Når vi har ordet om denne mannen framfor oss, er det ein mennesketype som kjem fram for meg. Det er alle dei gode menneska som vi møter og som er så forunderleg rett-tenkte, moralske og samvitsfulle. Dei fører eit liv som mange kristne kunne misunna dei.

Desse menneska kan ein dela i to flokkar. Den eine er dei som har levt seg inn i den trua at dei skal koma til Himmelen ved gode gjerningar. Dei vert med åra meir sjølvgode og verdslege. Dei lever og døyr så forunderleg roleg på dette tynne, råtne skalet og synest aldri å ha den minste trong til ein frelsar som kan løysa livsgåta for dei og bera dei over grava. Dei er så snille, så gode, så rett-tenkte og fromme, så rolege og velnøgde.

Den andre flokken er dei som aldri kan slå seg til ro med seg sjølv, enda dei fører eit fint, moralskt liv, minst likså fint som dei vi nettopp har tala om. Inne i barmen ligg det ei glo som aldri sloknar, ei uro som aldri gir fred. Det eine spørsmålet veks fram etter det andre. Livet med all si dygd og dåd vert så fattig og tomt.

Du veit om Jesus Kristus og lengtar i grunnen etter å finna Han, men du veit ikkje korleis det skal gå til. Du er lik Nikodemus.

Dette å verta fødd på ny forstår du deg ikkje på. Helst trur du at det berre er snakk av ein flokk fanatika­rar, som dyrkar sitt kjensleliv og sin fantasi på ein "usunn" måte. Men så kan du ikkje slå deg til ro med det heller, og så er du oppriven og redd.

Her er mange slike menneske.

Er du ein av dei?

Lat oss no stansa på den staden der Jesus stansa med Nikodemus. Kvar var det ?

Det var ved koparormen, som Moses hengde på ei stong i øydemarka,

og ved  Menneskesonen på korset.

Der laut Nikodemus stansa og sjå. Og me kan vera visse på at han har sett godt. Han såg til han fann svar på hjartespørsmålet sitt. Det var ikkje på måfå han kom til Golgata, da Jesus hang der død, og det var heller ikkje hans naturlege mannsmot som ga han kraft til å stå fram som Jesu ven da til og med læresveinane heldt seg borte. Nei, det var fordi livsgåta hans var løyst, -  lyset frå Golgata stråla for han.

Korsgåta løyste livsgåta for han.

Livet bryt fram. Han som kom til Jesus om natta med sitt største spørsmål uløyst,   står no utsprungen i livsens morgonsol som ein fager blom.

Kva er det då å læra av ormen på stonga i øydemarka?

Og kva er det å  få  hos Menneskesonen på Golgata?

Israelittane var bitne av ormar. Gifta hadde gått inn i blodet, og det var ikkje anna å venta enn døden. Så ropar dei på Moses, og han vender seg til Gud. Han får til svar at dei skal hengja ein koparorm på ei stong midt i leiren, og alle som ser på ormen, skal leva.

Ein underleg måte å lækja ormebitet på!

Har me ikkje grunn til å tenkja at mange sa  - da dette ordet gjekk fra telt til telt: Nei, det er uråd. Her ligg me med gifta i kroppen, ferdige til å døy, og så skal me verta friske ved å sjå på eit stykke kopar! Det er meiningslaust. Det trur me ikkje. Så låg dei der dei låg - og døde. Men andre sette fornuften til side. Dei kravla seg fram til teltdøra, gløtta ut, såg ormen - og levde!

Du så endeframt!

Og så seier Jesus at han skal hengjast på eit kors,

og kvar den som trur på  Han, har evig liv.

Er ikkje det likså endeframt?

Du synest vel at det er både for endeframt og for mei­ningslaust. Og så ligg du i teltet ditt, stukken av helheimsormen, med synda og døden i blodet og kjem nærare og nærare den evige død.

Jesus seier til deg enno ein gong: Den som trur på meg, skal ha evig, liv.

Vil du tru det?

Kva skal eg tru? spør du.

Du skal tru at den Jesus som heng på korset, er din Frelsar.

Du skal tru at Han har frelst deg.

Du skal tru at du er frelst.

Du skal ikkje tru at du skal verta frelst, men at du er frelst.

Du skal våga livet ditt fullt og heilt på det Han har gjort, Han som heng på krossen!

Du skal tru deg frelst.

Det er heile kunsten.

Alt er fullbragt, alt er rede og gjort.
Lammet har seieren vunnet.
Herren er trofast, og tiden er kort,
Salig om du Kristus har funnet.
Å, er du borte; kom. Kom igjen!
Alt kan opprettes igjennom din venn.
Alt er fullbragt, alt er rede og gjort.
Lammet har seieren vunnet!

Det skal du tru, så er du frelst!

Då tolkar Anden Kristus for hjarta ditt, og så vert du født på ny.

Så elska Gud verda...

 

_____

Henta frå "Mot Målet", ei preikesamling over søndagens tekstar av Hope, utgitt på Lunde Forlag, første gong i 1926. Gjengitt med forlaget si tillating.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Johannes´ evangelium  3: 1-2

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.