Publisert

Tilgje! Matt 18:23-35


Ca leselengde:
7 min

10. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 2
 
Lesetekster: 1 Mos 50,14-21
 2 Kor 13,11-13
Prekentekst: Matt 18,21-35
Fortellingstekst: Matt 18,21-35
Poetisk tekst: Salme 103,2-5

Og Herren hadde då inderleg medynk med denne tenaren. Han sette han fri og ettergav han gjelda. Men då tenaren kom ut, møtte han ein av medtenarane sine, som skulda han hundre denarar. Han greip fatt i han, tok strupetak på han og sa: Betal det du skuldar! Medtenaren fall ned for han, bad han og sa:Ha tål med meg, så skal eg betala deg! Men han ville ikkje. Han gjekk tvert imot av stad og fekk kasta han i fengsel, der skulle han sitja til han hadde betalt det han skulda. Matt 18:27-30

Gud har ordna det slik at me skal møta han til rekne­skap før eller seinare; men me kan sjøIve velja anten me vil møta han no medan me lever, eller me vil møta han etter døden.

Her i livet kan me gjera som me vil. Vil me koma og ordna vår sak med han, så er me hjarteleg velkomne. Vil me ikkje, så  kan ingen tvinga oss, ikkje eingong Gud. Men etter døden kan me ikkje velja, då me fram og gjera rekneskap, anten me vil eller ei.

Så visst som elva går mot havet, og så visst som kvart liv går mot døden, like visst må kvart menneske ein gong møta Gud.

Men så har han stelt det så stort og godt for oss at me kan møta Han som ven på den siste store rekneskaps­dagen, berre me vil. Men då lyt me møta Han først her i livet og få ordna vår sak og få skulda vår utstroken. Han har funne den forunderlege utvegen for oss at alle som møter han her med si skuld, skal få nåde.

Grunnen til at Gud kan gjera dette, er den at Jesus Kristus gjekk imellom Gud og oss og tok rekneskapen vår og gjorde den til sin. Han førde skulda over frå oss til seg.

Jesus heldt oppgjer med Gud i vår stad, og så har Gud sett han fram som ein nådestol i hans blod, og ved denne nådestolen kan me få  stroke all vår skuld. Kvart menneske som møter Gud på denne måten, får heile skulda si kvittert av Gud utan grenser – for Jesu skuld.

Så har då du og eg den store føremun at me kan møta Gud og få nåde. Eg kan ropa det ut høgt og med handa på Bibelen at det kan vera skrevne kva synder det vera vil i di rekneskapsbok, du får utstroke alt ved nådestolen, berre du kjem!

Mannen i Ordet idag, som fekk alt utstroke, var skul­dig 10 000 talentar, det skal vera om lag 4o millionar kro­ner. Med denne svære summen vil Jesus syne oss kor stor skulda vår er, og samstundes seia oss at han tilgjev alt, berre me møter han ved nådestolen.

Har du halde oppgjer med Gud?

Har du lagt livet ditt ope og greitt fram for han?

Ja, då kan du vera glad, då kan du gå mot døden og møta Gud som ven og far. Men har du ikkje, så må du sjølv svara for livet ditt den dagen du møta han, og kan du ikkje då betala di skuld, så er du dømd til evig straff.

På dommedag er det ingen nådestol. Den vert berre reist her nede i nådetida.

Bruk då di nådetid rett!

Men Ordet i dag syner oss også ei anna side av synda og nåden, ei side som me må ta med om me skal få vera i Guds samfunn. Men denne sida ber i seg ein kvass odd for mange menneske, ein odd som held mange borte frå Gud.

Kva for ein odd er det?

Du skal tilgje dei som har synda imot deg.

Det vert for hardt for mange menneske.

Du kan ikkje tilgje dei som har synda imot deg, og så går du med nag og hat i hjarta og vil ikkje gje det opp. Du ber kanskje til Gud om tilgjeving for dine eigne syn­der, men du får aldri svar. Gud tilgir ingen som ikkje sjølv tilgir.

Lat denne tunge, rettferdige sanning gå deg til hjarta.

Men det verste av alt, ja, det som er så tungt å nemna, det er at her er folk som vil vera kristne, som går og ber på hat og agg imot andre. Dei kan ikkje tilgje Det sit noko steinhardt, stikkande og uforsonleg i hugen deira mot andre menneske.

Er du ein av desse?

Om så er, så må du hugsa at du snart kan missa Guds tilgjeving, dersom du held fast på å  bera på hatet.

Har du tenkt over det?

Reknar du med det ?

Det må du rekna med.

Mange reknar visst ikkje med dette, sjølv om Guds Ord seier det så klårt at me må ikkje berre tilgje med mun­nen, men også med hjarta. Me skal tilgje – av hjarta – 7 gonger 7o gonger, seier Jesus. Det vil seia: me skal tilgje utan grense — som Gud tilgir.

Har du for stiv nakke til å tilgje, så hugs at den stive nakken kan drepa ditt Gudsliv. Skal Gud verta tvinga til å bryta nakken din, så døyr du. Men bøyer du deg under Guds nådehand og tilgjev, så har du berga livet ditt.

Høyr det Guds ord seier:

Og herren hans vart harm, og gav han over til dei som piner, til dess han betalte alt han skulda. Såleis skal og Far min i Himmelen gjera med dykk, om ikkje kvar ein av hjarta tilgjev bror sin. Matt 18:34-35

Det er ord som ingen kan mistyda og ingen koma forbi.

Eg synest høyra nokon som kjem skjelvande og tunge om hjarta og seier: Eg kan ikkje tilgje. Hjarta mitt vil ikkje, og eg maktar ikkje å bryta den muren. Det han (eller ho) gjorde imot meg, har sett seg så fast her inne at eg er for veik til å riva det ut. Om eg tilgav med ord, så kunne eg ikkje gjera det med hjarta.

Kva skal eg gjera?

Høyr det eg no seier, og fylg det, så skal du finna vegen til å tilgje av hjarta.

Du skal tenkja roleg over alt det Gud tilgav deg då du kom til han. Tenk roleg over det med deg sjølv. Hugs at Gud tilgjev deg kvar dag utan grense!

Be så for dei du ikkje kan tilgje. Nemn dei på namn for Gud. Sei han alt det du strir med, sei at du ikkje maktar å tilgje.

Vil du gjera det?

Gjer det!

La hjertet komme inn i bot
Og smelte hen i Jesu blod,
Da bliver Jesu milde sinn
I sjelen deilig plantet inn.
(Sangboken nr 545, vers 5)

 

Når vi med åndsopplyst forstand
Vår Jesu hjerte skue kan,
Hvor han for sine fiender bad
Da de kun stod og lo derav.

Når vi betenker hvor han gikk,
Vår sjelehyrde, før han fikk
Oss ut av dødens fare  -  -,
Hvor titt og lenge han har søkt.

Når vi beser i hjertets grunn
De mange svære syndens pund,
Som Gud så gjerne oss forlot
For Jesu pine, død og blod.

Når ånden gjør oss dette klart,
Da tennes uti sjelen snart
Den sterke kjærlighetens brann,
At vi vår fiende elske kan.
(Landstads rev. nr. 545, vers 5-9)

Har ikkje du denne kjærleiks-brann?

Då må du bøya kne under Jesu kors og seia det til han. Han høyrer ropet frå dei vanmektige. Då må du minnast de mange svære syndens pund som livet ditt hyser, og som han tilgav deg. Då vert Jesu milde sinn i sjelen deilig plantet inn, og du har vunne siger, du kan tilgje av hjarta.

Den som bognar, er betre enn den som brest.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
7 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Emne

  Tilgivelse

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  18: 23-35

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.