Publisert

Tvil


Ca leselengde:
9 min

3. søndag i adventstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: Jes 35,1-10
 1 Kor 3,18-23
Prekentekst: Matt 11,2-11
Fortellingstekst: Dan 6,4-24
Poetisk tekst: Luk 1,78-79

I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane og spurde: Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan? Matt. 11:2-3

Johannes sit no i eit fangerom i Makerus-borga. Han hadde vitna imot synda utan å bry seg om personar, og så kom han i fangehus.

Den sterke ørn frå villmarka sit no attom låste dører i eit trongt rom, der det er lite av både lys og luft. Åleine med tankane sine sit Johannes, døyparen, han som var vant med dei store vidder og dei brusande folkesamlingane. Og så tek han til å grunna og grubla over livslagnaden - og mykje meir. Og så kjem tvilen.

Alt går rundt for han. No forstår han ikkje lenger anten seg sjølv eller Meisteren, som han hadde vitna så frimodig om.

Han tvilar.

Mange har spurt: Korleis kunne han tvila, han som så sigersviss hadde retta armen sin ut mot den eine mannen med desse store orda: Sjå, der er Guds lam som tek bort verdsens synd? Han som ikkje vart misunneleg då folkestraumen vende seg til Jesus, men tvertimot gledde seg  over at alle gjekk til han.

Korleis kunne han tvila?

La oss ikkje gløyma at Johannes var berre eit menneske, eit menneske som ingenting kunne ta utan at han fekk det frå Gud. Alt det han var, det var han av nåde, han også.

Og så mørknar det for han. Han ser ikkje Guds veg, og han er ikkje lenger viss på om Messias er komen.

-----

Det er andre enn Johannes som det har gått på same måten med. I sigersviss tru har dei gitt livet sitt til Kristus, og med fritt mot har dei gjort han kjent for andre i eit langt liv. Og no -- ja, no sit dei motlause, fordi tvilen fann veg til hjarta.

Nokre meiner at dei menneske som eingong er komne til frimodig tru på Kristus, dei kan ikkje meir koma i tvil. Men dei som tenkjer og talar så, dei må ha lært seg sjølv lite å kjenna, og dei må også ha lite syn både for satans makt og Guds nåde.

Det å vera ein kristen er ikkje det same som å koma i ein åndeleg hermetikkboks, så aldri noko vondt når fram til ein meir. Kristendom er nytt liv, fødd i eit syndarhjarta, og dette livet er i fare så lenge den kristne er her i verda.

Gud må også føra oss på mange underlege måtar, så vi ikkje skal verta liggjande bundne i vanekristendom og sjølvgode tankar og såleis veksa bort frå Guds nåde.

Å vera ein ærleg kristen og ikkje møta tvil er vel mest uråd. Der trua er, der kjem også tvilen.

Ingen kristen må difor ta det som eit vitnemål om at livet i Gud er borte, når tvilen kjem. Det kan vera så, men det kan også vera nettopp det motsette. Å bli freista av tvil er ikkje det same som å leva i tvil. Det er stor skilnad på å møta ein fiende til strid og la seg fanga av han.

Den kristne må også møta sine motstandarar. Ikkje minst den som forkynner ordet.

Du hugsar nok den tid du som stod fram og peika på Kristus for folket. Sjølv hadde du møtt han, han hadde berga deg frå synd og eit gudlaust liv og sett ny kraft i viljen og fred i hjarta. Du stod mellom ditt eige folk som eit nytt menneske og vitna om han som hadde gjort dette med deg. Og folket vart grepne av vitnemålet ditt, og mange fann det du hadde funne. Folket fylgde deg og prisa dine ord og ditt verk.

Men smått om senn slo det om. Ein annan vart brukt meir enn du. I staden for ros fekk du kritikk. Dei som før prisa deg, er borte. Så kjenner du kor det stikk i barmen: andre går langt føre deg, vener svik, og få kjem der du forkynner ordet. Ingen skriv om deg lenger i bøker eller blad, og få ber deg om å tala. Du sig saman i mørke og motløysa, og ut frå dette mørket stig tvilen.

Var eg ikkje omvend? Meinte eg det ikkje ærleg? Tok eg i miss både av meg sjølv og av Kristus? Var det berre ein kjenslerus og eit æresjukt hjarta som dreiv meg? Eg har visst dåra meg sjølv, og Gud har kasta meg bort.

Såleis sit mang ein forkynnar og grublar og tvilar også no. Ja såleis sit titt dei beste.

Gud har lagt deg over herdingselden. Han vil reinsa gullet og føra deg bort frå det mørket som varer til evig tid. Kan du ikkje ana det?

No er den tida inne då du skal strida og vinna ein ny siger, så du atter kan stiga fram fornya i ånda og på nytt verta grepen av Kristus. Dette kan Gud gi deg gjennom tvilen. Han vil at du skal reisa deg til eit nytt dagsverk, som morgonen renn etter den mørke natt.

Du motlause og anfekta forkynnar: Reis deg att! Lat ikkje fienden vinna over deg og jaga deg lenger bort og djupare ned.

Bøy deg enno ein gong og strid striden ut på same staden som den første gongen. Då skal du atter, og i rikare mål, smaka Guds nådekraft og sjå djupare inn i Jesu Kristi frelsarhjarta.

-----

Men ikkje berre forkynnarane møter tvilen. Også dei andre kristne gjer det, om han nok ofte kjem på ein annan måte til dei.

Du stod ikkje fram for folket som forkynnar, men du steig fram som ein kristen og vitna at du hadde funne fred med Gud. Men så kom tvilen også til deg. Grunnen er ikkje alltid så lett å finna. Sjølv trur du helst at han kom fordi du vart sløv og verdsleg, fordi du forsømde Bibelen og bøna, og fordi du var ulydig når Gud kalla deg til teneste i hans rike.

Kanskje det også er slik.

I alle høve sit du der med klypte vengjer og er stukken i hjarta av tvilen. Du veit ikkje anten  ut eller inn. Du tvilar på Gud, på frelsa, på ordet og på nåden. Alt det som før var di gleda og di vissa, er borte, og du kan ikkje finna det att. Bøna vil døy i hjarta, og ordet som du før fann kraft og lys i, der finn du no berre dom.

Og så trur du at han har snudd deg ryggen, han som eingong møtte deg og gjorde deg så glad.

Tvilen har bora seg inn i hjarta ditt, og der inne står striden kvass og tung. At du av all makt strir imot tvilen, det kan du ikkje sjølv sjå, og det gjer kampen endå tyngre.

Mange av dei som les dette, er truleg nettopp ute på slagmarka i heit strid med denne kalde, sterke og miskunnslause kongen. Lat meg seia dykk: Gje ikkje opp! Tru ikkje at Gud har vendt seg ifrå deg  fordi du tvilar.

Såleis er ikkje Gud.

Nei, nå venner, bort med slike tanker!
Det er løgn fra løgnens falske ånd!
Ømt hans faderhjerte for deg banker,
du er tegnet i hans høyre hånd.
Trengslens fylte skåler kan han gyte
over deg og med sitt ris deg slå,
men sin pakt den kan han aldri bryte,
fastere enn fjellet skal den stå.

Trur ikkje i grunnen du også dette?

Jau, du trur det djupt inne i hjarta, og difor strir du så du ikkje skal verta knust under tvilen. Trua er ikkje ei perla som ein kan leggja i eit skrin eller hengja på trøya, så at alt folket kan sjå henne. Trua er ein stridsmann, som aldri her i verda kan løysa sverd frå lend. Denne stridsmannen er det som ved Jesu Kristi nåde skal føra deg og meg gjennom ei syndefull verd heim til Gud.

Ingen kristen kan koma bort frå farene i verda. Ein må tvert igjennom dei. Og då kan det ofte røyna hardt på. Sjølv Paulus står ved slutten av livet så glad som eit barn fordi han ikkje har tapt trua.

Lat det vera ei trøyst også for deg som strir med tvilen i det 21. hundreåret.

Men først og sist: ta lærdom av Johannes. Gjer som han gjorde: send bod til Jesus og spør han om alt det du tvilar på.

Det er den einaste sikre hjelp imot tvilen.

Sei det til han beintfram alt det du strir med og tvilar på. Som eit barn legg seg i fanget til mor og skrik ut når det frys eller svelt, såleis skal du leggja deg i frelsarfamnen og seia fram alle dine tvil. Før du anar det eller forstår det, skal tvilen vera borte. Han skal ta tvilen bort frå deg og styrkja di tru og gjera deg glad.

Såleis gjekk det for Natanael. Åsyn til åsyn med Jesus vart trua hans sigerherre over tvilen.

Gjer du som han, så finn du den same hjelpa. Då skal du sjå at også striden mot tvilen gav deg ei stor sigersfrukt, fordi du vann ved han som elskar deg.

Det er en sak å merke
til trøst i kampens tid:
De svake, de blir sterke
i aller største strid.
Jo verre det går til,
jo mere skal du vinne
og større styrke finne,
når du kun stride vil.
Sangboken nr. 299

"Men Gud være takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus."


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  11: 2-3

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.

Dagens bibelord i fastetiden 24/03/19 – Luk 1,46-55