Vonde ånder

Ca leselengde:
9 min

Tekst: Ludvig Hope



3. søndag i fastetiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 1 Sam 18,6-14
 Ef 5,1-2.8-11
Prekentekst: Luk 11,14-28
Fortellingstekst: 1 Mos 45,1-15; 50,14-21
Poetisk tekst: Salme 25,1-2.11-12.16-17

Han dreiv ut ei vond ånd, og ho var mållaus. Men det hende då den vonde ånda var faren ut, då tala den mållause. Og folket undra seg.    Luk. 11: 14.

Rett som det er, møter Jesus menneske som er forgjorde av vonde ånder. Av og til er desse stakkarane så heilt styrde av desse usynlege krefter at dei har heile mennesket, sjel og kropp, tanke og tunge, i si makt. Og når dei kjem nær Jesus, så vert desse åndene meir enn vanleg urolege og ville. Då kan dei ikkje teia, men ropar og skrik. Då riv og slit dei i armingen, og slengjer han hit og dit som eit skip i storm, utan styrmann og ror.

Men når desse arme menneska får koma nær Jesus og får be han om hjelp, må dei vonde åndene bort frå bustaden sin.

Han syner seg alltid som den sterkaste, som vinn over den sterke. Dei vonde ånder må vika for han. Og når dei så er drivne ut, vert dei som var forgjorde, på ein særleg måte frie og glade menneske.

-----

Dette er eit ord som vi «fornuftige» menneske burde tenkja vel over.

Mykje ville vore vunne om vi for alvor rekna med desse mektige vonde makter. Men det synest vera så vanskeleg for oss å tru at dei ting som er omtala i ordet i dag, er verkelege. Dei var ikkje forgjorde av vonde ånder, seier dei kloke og lærde i vår tid. Dei var berre sinnssjuke, dei hadde mist vitet. Vi, som trur at vi veit så mykje, vi reknar berre med lovene som gjeld i naturen, og står det noko i Guds bok som ikkje høver med naturlovene og mennesketanken, så stryk vi det ut.

Men Jesus syner oss i ordet i dag at her er andre krefter - og andre lover, som vi må rekna med, om vi vil læra å kjenna sanninga.

Vi menneske som lever på jorda er den del av skapningen som dei vonde ånder søkjer å gjera til bustad og reiskap for seg sjølv. I oss ynskjer dei å bu, oss vil dei ha makt over og slik fullføra sin vilje. Om vi hadde augo å sjå med, ville vi sikkert verta forskrekka ved synet av alle dei menneske som er tekne og styrde av vonde ånder.

Tenkjer vi etter, så er ikkje dette så reint urimeleg. Vi trur alle -  iallfall alle som trur på Gud, - at eit menneske kan vera bustad og reiskap for Guds ånd. Er det då noko urimeleg i at vonde ånder kan ta oss i bruk? Nei, mennesket kan verta ført både opp og ned. Guds ånd dreg oss oppover mot eit reinare og meir gudfylt liv; dei vonde ånder dreg oss ned i synd og styggedom og satans makt. Ei av desse to usynlege maktene tek oss alle i bruk.

Vi kan ikkje vera oss sjølve, heller ikkje kan vi styra oss sjølv. Andre tek oss i bruk, andre styrer oss. Anten vi veit det eller ikkje, anten vi trur det eller ikkje, så er det slik. Og ser vi litt djupare på livet, vil denne sanninga kasta klårare lys over mykje av alt det fæle og utrulege som vi ser at folk kan finna på.

Tenk over alle dei du har kjent som visste at dei gjorde gale og var redde sitt eige verk! Dei stridde imot, men dei tapte, dei måtte gjera det vonde, enno dei visste at det tok livslukka ifrå dei. Mang ein mann - og mang ei kvinne med - visste at alkoholen drog dei ned og gjorde dei til vrak, men dei kunne ikkje slutta; flaska var kjærare enn livslukka!

Sjølvsagt er den vonde naturen vi ber på, årsak til mykje av det som dreg oss ned mot synd og skam. Men det trur eg at mesteparten av det verste som menneske gjer, har si rot i vonde ånder. Guds ord fortel oss også at når den tid renn over jorda at satan vert bunden, då taper det vonde si største makt over mennesket.

Tenk deg om! Tenk på dei mange som mest ikkje kan opna munnen utan å bera fram dei styggaste eidar, dei råaste ord og den grovaste spott imot Gud. Sjå på unge og eldre, som sel seg til eit liv i umoral, råskap og drikk, som alltid eglar seg inn på andre folk og skaper ufred, løgn, misunning, hat og krig.

Gransk folkelivet, ikkje berre i dei europeiske storbyane, der overkulturen har ført folket attende til ein tilstand som er verre enn heidenskapen. Gå omkring på bondebygda, og du vil møta mange som er så innbarka vrange, så satans-kloke til å gjera vondt, at dei aldri ville komma på det om ikkje ei vond åndsmakt styrde dei.

Sjå også utover verda, til nasjonane, folkeslaga og dei som styrer, kor den eine eggjar den andre opp til hat og krig berre for ein jordlapp, eller for eit ord som stakk den nasjonale æresykja. Dei veit at det kjem ulukke av det, før dei sender soldatane ut. Men det hjelper ikkje. Drepa kvarandre må dei!

Er ikkje dette vonde åndsmakter  - trur de - som slår olje på elden?

Les det 10. kapitlet i profeten Daniel. Les nøye, så vil du få sjå litt inn i denne verda av vonde ånder, som styrer folkeslaga og eggjar dei opp til å gjera det vonde.

Vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær i himmelrommet, seier Paulus.

La oss rekna med desse vonde makter, så reknar vi rett.

-----

Men Jesu ord i evangeliet i dag syner oss ei anna side av livet vårt og av framferda til dei vonde ånder, noko som er enno meir alvorleg enn det vi har tala om før.

Det er dette at den vonde ånda som Jesus driv ut av eit menneske, flakkar husvill frå stad til stad over tørre vidder og leitar etter kvile. Når så ingen kvilestad er å finna, seier ånda: Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytta ifrå. Når ho så kjem dit, er huset feia og pynta og - tomt. Og så flyttar den same ånda inn att, i lag med sju andre ånder, som er verre enn den første. Var det ille før med dette menneske, så vert det mykje verre no.

Dette er det tyngste i Jesu ord i dag.

Vi som ein gong var bustad og reiskap for vonde ånder, som Frelsaren dreiv ut av oss, vi kan verta tekne av desse makter på nytt. Dersom huset vårt står tomt, så kjem dei att og tek plassen utan å spørja om lov. Ja, dei tek fleire med seg, så det vert mange gonger verre med oss enn det var før.

Det er som blodet vil stivna i ein når ein les desse orda av Jesus.

Spørsmålet for oss er då dette: Står vårt hus feia og pynta og – tomt?

Vårt hjartehus kan ikkje stå tomt!

Nokon må bu der!

Du som eingong vart styrt av mållause ånder, så tunga di aldri kunne tala eit ord om Guds rike. Du som fekk tunga di løyst, har du vorte mållaus att? Du som var hus og heim for ånder som dreiv deg til å hata, lyga og gjera vondt, men som fekk desse utdrivne av deg, - korleis er det no ?

Hatar du no?

Har du på nytt vorte verdsleg, gjerrig, full av vondskap og løgn? Har du vorte den same vrange karen mellom dine eigne som du var før du vende om?

Vil du ta dette spørsmålet med alvor og la det gripa hjarta ditt?

Gjer det!

For også desse orda av Jesus er sanne. Mange som vart berga frå dei vonde ånder, så dei vart omskapte frå løver til lam, er no løver att. Mange som vart berga frå hat og æresykja og annan djevelskap, er no fanga på nytt, ja, verre enn før.

Eg må sanna med meg sjølv at slikt har eg sett.

Å, for eit armt, ja, sju gonger ulukkeleg menneske! Guds folk: De må ikkje la huset stå feia og pynta og - tomt.

Fyll ditt hjarta med Jesu Kristi ånd, med gudsfrykt, brorskjærleik, med kjærleik til alle. Ber bod om din Frelsar i ord og gjerning frå eit hjarta som er fylt av Gud. Då skal dei vonde ånder aldri få bu hos deg.

-----

Medan Jesus talar desse djupe alvorsamme orda, er det ei kvinne som ropar: Sælt er det morslivet som bar deg og det brystet du saug! På dette ropet svarar Jesus: Ja, sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!

Av dette får vi vita at det er større og meir sælt å høyra Guds ord og ta vare på det, enn å vera Jesu mor.

No har også vi høyrt Jesu ord. Måtte vi alle ta vare på det, så skal vi få sanna at det er sælt.

Kanskje det ordet du har høyrt i dag, har overtydd deg om at også du vert styrt av vonde ånder. Då skal du hugsa at om du går til han som dreiv åndene ut før, så skal han gjera det same med deg. Gjer du det, så tek du vare på ordet, og då vert også du sæl.

Og vi som vart utfridde or satans makt og sette inn i Guds rike, vi må hugsa at vi skal leva i den ånd som vi fekk av Gud. Står det eit rom tomt i hjarta, så søkjer den vonde ånd å koma inn att. Skal vi sleppa å verta brukte av den vonde, så må vi la oss bruka av Gud.

For liksom de før baud lemene dykkar fram til teneste for ureinskapen og lovløysa, som førde til lovløyse, så byd no fram lemene dykkar til teneste for rettferda, det fører til helging. Rom. 6: 19.

Sæl er den som høyrer Guds ord og slik tek vare på det.

Be Gud om lyst til det.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
  Flere ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

   Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.