Eg lærte ikkje å køyra bil på teologistudiet, korkje på NLA i Bergen eller på MF i Oslo. Og det er jo ikkje så rart, då det vel må kunne seiast å vera køyreskulane si oppgåve å læra bort bilkøyring. Men dei av dykk som kjenner att namnet mitt veit kanskje kor eg vil. I mai blei eg nemleg nokolunde kjent takka vere tre ulike aviser, to innlegg på den kjente Instagramprofilen «BAdesKen», liten notis i VG og eit kort intervju på radio. Desse hadde nemleg fått med seg at soknepresten i Giske på Sunnmøre rett og slett ikkje var nokon god sjåfør og at han ikkje berre hadde mista lappen, men at han hadde hatt fire ulike uhell på under eitt år.
Desse uhella resulterte i den ganske gode, får me innrømma, overskrifta i Dagen: «Sokneprest mistet forhjulet i fart, rullet inn i bilen til misjonskvinne og havnet i lensmannens hage». Og slik blei soknepresten, altså underteikna, på øyane utanfor Ålesund ein, såkalla, snakkis. No skal ikkje dette handla så mykje om bil. Men det skal handla noko om det som har kome i kjølvatnet av desse opplevingane mine bak rattet. Nemleg opplevinga av å bli sett på som folkeleg, og det at folk kunne kjenna seg igjen i presten sin.
Som prest får du ei særleg rolle i eit samfunn. Ja, du får i grunn fleire roller. Og kanskje særleg gjeld det for prestar i Den norske kyrkja, med det mangfaldet ho ber i seg. For nokre er du hyrde, for nokre er du seremonimeister, for andre sjelesørgjar, for nokre er du han rare som folk ikkje heilt veit korleis dei skal oppføra seg rundt, for nokre er du ei plage, for nokre er du mørkemann, for andre er du førebilete og så vidare.
For meg har det vore viktig å kunna vera folkeleg, samtidig som eg held fast på den bibelske læra. Ei utfordring i 2022, og i Den norske kyrkja. Dette var ikkje akkurat noko me snakka så mykje om på studiet. Vel var me innom korleis presten skulle vera, men for min del opplevde eg at det blei vel mykje snakk om arbeidstidslovgining og fagforeiningsarbeid. Sjølv er eg prest av den gamle typen, og tenkjer at du er prest 24/7. Det er eit kall, ei livsoppgåve.
Utruleg nok har nok denne, noko gamaldagse, tanken bidrege til at eg også har blitt oppfatta som folkeleg, då ein blir oppfatta som ein som er til stades, og ikkje ein som berre stengjer alt ute når klokka slår 16.00. Men kanskje er det særleg «bilsaka» kor det har kome tydelegast til uttrykk. Etter at eg opent fortalde i avisa, og i andre samanhengar, om kva som hadde hendt og kvifor presten var utan lappen og blei køyrt rundt omkring, så har eg fått mange gode tilbakemeldingar. Folk set pris på at også presten kan gjera feil, og at han er open om det.
Dette er ein viktig lærdom, og eg vil også påstå at den er bibelsk. Det handlar i utgangspunktet om å leva opne og ærlege liv. Om å leva i lyset. Både i evangelia og i brevlitteraturen finn me oppmodinga til dette. Likeins det å vera folkeleg, det kan me kanskje også ana noko av i det bibelske materialet, for eksempel i 1. Korintarbrev 9, 19ff. Eller kanskje rettare, vera til stades for det folk ein er sett til å tena. Difor vil eg oppmoda prestar og pastorarar og andre kristne leiarar om å vera open, ærleg og til stades for dei ein er sett til å tena.
Det å vera folkeleg og det at folk kan kjenna seg igjen i presten sin, det er også ein lærdom i det å vera audmjuk, i motsetning til sjølvhøgtideleg. Når ein har gjort noko flaut, eller noko som ein ikkje er særleg stolt av, så kan det vera ei øving i å bli meir audmjuk. Det å vera audmjuk er av Andens frukter, jf. Gal. 5, 22. Eg var ikkje særleg høg i hatten då eg mista framhjulet mitt, eller då eg gløymde å setja på handbrekket og rulla inn i bilen til ei misjonskvinne, eller då eg sovna bak rattet og øydela både bil og arm.
Det var freistande å berre stikka av. Eg hugsar godt at tanken slo meg, etter at bilen hadde trilla borti misjonskvinna sin bil: «Kan eg ikkje berre stikka?» Men eg blei. Eg fekk ei dragning mot heller å gå inn for å finna bileigaren. Og der blei eg møtt med ein stillferdig nåde. Det var ikkje noko meir å snakka om. Eg høyrde gjenklangen av Jesu eigne ord: «Gå bort i fred…»
Sjølv om det å vera folkeleg ikkje nødvendigvis blir lista opp i pastoralbreva som noko nødvendig for tenesta, så har det likevel med seg nokre gode frukter. Det å vera folkeleg handlar ikkje om å gi seg over for å vera som alle andre, «ikkje av verda, men i verda» som Jesus seier, men det handlar vel så mykje om å vera ekte og å sjå dei menneska du er sett til å tene. Prestar skal ikkje vere perfekte, men truverdige og audmjuke. Jesus kallar ikkje dei perfekte til teneste eller til frelse, men han opnar dører for dei han kallar og som kjem til han.
Det har eg verkeleg fått erfare når det gjeld mine mange trafikkuhell. Sjølv om dei i seg sjølv ikkje har vore gode, så har dei opna dører for samtaler og tilbakemeldingar. Folk har fått eit inntrykk av presten som gjer at dei kanskje vågar seg litt nærare, og slik kan ein veg for evangeliet opnast på finurleg vis. Det er freistande å sitera noko mange har sitert etter å ha høyrt eller lese om mine forteljingar frå bilvegen: «Herrens vegar er uransakelege».