Publisert

Er det i Noreg atter dag? Om 17.mai, nasjonalromantikk og vår tid


Ca leselengde:
5 min

År etter år har eg på 17.mai vore med på allsangen. Det er ofte eit stort høgdepunkt på 17.mai. Me syng mange fine songar! Songar om vårt ansvar for vårt fedreland og om Herrens velsigning av det landet me får bu i. Likevel er det ein song som eg i utgangspunktet er glad i, men som eg dei siste åra meir og meir kjenner ein vond bismak ved. Det er «Gud signe vårt dyre fedreland.»
Bismak, seier du? Kvifor? Det er jo ikkje berre ei nasjonalromantisk søtsuppe! Det er jo ein så god kristen sang! Ja, det er veldig mykje bra med denne songen. Og ja, eg syng mesteparten av songen med stor glede. Men utfordringa meiner eg er at den bommar på å skildra den andelege tilstanden i Noreg i dag. Difor kjenner eg ein bismak.

Ein kyrkjehistorisk salme

For å forstå min tanke må me byrja med å sjå på innhaldet i sjølve salmen. Gud signe vårt dyre fedreland er eit litterært mesterverk. Det er historieforteljing gjennom song. Etter det fyrste verset, som er ei bøn til Herren om hans velsiging av vårt land, held dei neste versa fram med ei teologisk idealisert gjenforteljing av norsk historie. Her vert skildringa av kristendommen sitt inntog i landet og kampen for fridom og fred fletta saman i ein lovprisande harmoni. Slik er den andre strofen:

Vårt heimland i mørker lenge låg
Og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
Din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
Og ljos over landet strøymde

Her møter me Noreg i før-kristen-tid. Det var eit land i mørkre. Nordmannen hadde ikkje høyrd om Kvitekrist. Men Herren hadde ikkje gløymd nordmannen. Ljoset kom til landet gjennom at evangeliet om Kristus vart forkynt.

Mørkret senka seg

Dei neste strofene syner korleis mørkret på nytt kom krypande inn over landet. Det kom tunge tider med trældom, der folket sukka etter ljoset. Om Blix her siktar til at Noreg vart eit land underlagt Danmark eller om det sikta til den andelege utviklinga gjennom middelalderen kan eg ikkje svara sikkert på. Men det er uansett hans forståing at Noreg hadde gått inn i ei mørk tid. Men så kjem morgonen på nytt! Ljoset skin på nytt. Det er fridom og fred i landet igjen!

Og morgonen rann
Og mørkret kvarv
Som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv
Og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred,
Og landet med lov me bygde

Men er det i Noreg atter dag?

Salmen vert avslutta med dette som den siste strofa:

No er det i Noreg atter dag
Med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
Det brydde då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd
Til groren ein gong er mogen.

Ute spirar det. Våren har meldt sin anmarsj for fullt. I samfunnet har me det materialistisk sett betre i Noreg enn nokon gong tidlegare historia. Det er fred. Me har meir enn nok. Men i denne songen vert også dag og natt, mørkre og ljos knytt saman med den andelege tilstanden i landet. Og det er her eg kjenner at det er med ein bismak eg syng desse linjene. For andeleg sett er det ikkje høglys dag i Noreg.

Då Blix skreiv sin salme var Noreg midt inne i ei tid prega av gjennomgripande folkevekkjingar. Den haugianske, johnsonske og rosenianske vekkjinga hadde gjennom 1900-talet sett sine klare spor i landet. Det var eit andeleg vårklima der nytt andeleg liv blomstra fram i bygd etter bygd og i hus etter hus. Men er denne samtidsoptimismen noko me har grunn til å ha i dag?

No er det i Noreg atter natt

I mine augo er situasjonen at det no er eit andeleg mørkre som i større grad preger vårt samfunn. Den gjennomgripande oppvekkjinga som var på 1800-talet er ikkje kvardagskost lenger. Og den generelle utviklinga ser ut til å vera at det færre som bekjenner trua på Jesus som sin frelsar og innretter liva sine som at dei har han som herre. Midt i mørkret arbeider Herren. Det er mange ljosglimt, framfor alt knytt til at det er mange ungdommar som ynskjer å leva livet sitt i trua på Jesus. Men likevel er den generelle trenden at det er eit mørkare åndsklima i landet vårt no enn det var for litt over hundre år sidan. Når det er situasjonen vert det merkeleg, ja eg vil seia misvisande, å avslutta fedrelandssalmen med ein slik lys skildring av eiga samtid.

Bygningsmannen

Kanskje det difor hadde vore betre om me avslutta salmen etter det nest siste strofa? For i den nest siste strofa møter me eit bodskap som står igjen som ein profetisk bodskap til alle tider frå denne salmen:

Vil Gud ikkje vera bygningsmann
Me fåfengt på huset byggja
Vil Gud ikkje verja by og land
Kan vaktmann oss ikkje tryggja
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
I heimen med fred og hyggja!

Denne strofa kallar oss til å vurdera kva me byggjer våre liv, våre kyrkjer og vårt samfunn på. Det er ei strofe som viser oss ei retning og eit fundament. Strofa syner oss at i ei tid med mørkre skal me få gå til han som er ljoset. Det er han som må få vera bygningsmann. For alt anna byggemateriale, om det er oljepengar, flotte byggverk, gode strategiar eller god stemning, er fåfengt. Det er jag etter vind. Det er Guds byggverk som er det einaste som vil vera av ævelege dimensjonar. Måtte Herren la sitt ljos på nytt skina over landet vårt!


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Aktuelt

Emne

  Høytider

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen er gift med Kamilla og bor i Tromsø. Han jobber som rektor på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
   Ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.