Dette er den andre artikkelen i en serie som omhandler kristent samfunnssyn og toregimentslæra. De andre tilhørende artiklene finner du her
Stortingsvalet aktualiserer nokre områder av den kristne trua som spesielt bør haldast blankpussa når me skal velje våre ombod til å representere oss på øverste nivå i det verdslege regimentet (Stortinget).
I den bibelsk funderte toregimentslæra klargjorde og systematiserte Luther i eit eige skrift (Om den verdslige øvrighet, 1523) kva Guds ord lærer om forholdet mellom kyrkja og den verdslege makta (myndigheitene, øvrigheita, staten). Læra blei til som del av det store reformatoriske oppgjeret med teologiske avvik og kyrkjeleg maktmisbruk som den katolske kyrkja lærte og praktiserte. Martin Luther justerteteologien både om kva kyrkja er og kva ein borgar- og ein kristen borgar i verda er,slik at justeringane samla sett blei ei kraftig endring bort frå rådande katolsk lære og praksis.
Grunnrissa i toregimentslæra er forpliktande lære for lutheranarar verda over
gjennom vedkjenningskriftet Confessio Augustana slik det spesielt kjem til uttrykk i §28 og §16, lett tilgjengeleg på nett for dei som vil lese seg opp på kva dei er forplikta på. Den Norske Kyrkja (DNK) har i tillegg sidan 1942 hatt ei sær-norsk vedkjenning, «Kirkens grunn» - også den blitt til i eksistensiell kamp - som byggjer på og utdjupar toregimentslæra.
Den lutherske toregimentslæra blei altså til i kamp mot ei teokratisk pavekyrkje.
Brytningstid er stort sett hovudstikkordet også for dei før-reformatoriske endringane i teologi om kyrkje-stat-forholdet tilbake til urkyrkja. Me kan ikkje gå inn på alle tidlegare syn, men interesserte kan søke opp Augustins todeling av verda i Guds by og Verdens by, Det gelatiske prinsipp, tosverdlæra og toverdlæra for meir fylde på det teologihistoriske kjøtbeinet. Noko må likevel seiast om det rådande synet som Luther og reformatorane braut med.
Den katolske kyrkja hadde eit institusjonelt og hierarkisk syn på kva kyrkja er; den eine, synlege, heilage, nødvendige frelsesanstalt, Kristi kropp (Corpus Christianum) på jorda med paven, Kristi stedfortredar, som ufeilbarleg hovud og med alle døypte som den breie nominelle botnen av ein hierarkisk pyramide i ein imponerande kanonisk (kyrkjerettsleg) gjennomregulert paneuropeisk organisasjonsstruktur med sin eigen hær av leigesoldatar, skatteinnkrevarar, fengsel, domstolar og universitet. Langt frå berre ein Ord- og nådegåveforvaltar, men væpna til kyrkjetårnet med all slag dennesidige maktmiddel. Såpass må det kanskje vere dersom ein har sitt eige land, Kyrkjestaten, men poenget her er at kjerneoppgåva - evangelieforkynning og sakramentforvaltning - var blitt så samanfiltra med verdslege oppgåver og maktmiddel at det kravde ei opprydding til beste for begge regiment. Corpus Christianum-teologien la til rette for ei over- og underordning mellom kyrkje og stat, der all kyrkjeleg og verdsleg makt skulle samhandle om i å oppretthalde ein kristen orden med kyrkja i spissen. Luther (og Philip Melancthon) klargjorde at kyrkja og staten er ikkje, og skal ikkje vere, to konkurrerande maktinstitusjonar. Dei er to domener med kvar sine oppgåver som begge har fått oppgåver av Gud og står til ansvar for Han. Begge skal tene Guds vilje ved å tene folket. Dei skal hjelpe kvarandre og legge til rette for kvarandre slik at begge kan utføre Guds vilje best mogeleg, men dei skal ikkje trø inn på kvarandres domene ved å tilrane seg makt og oppgåver som tilhøyrer den andre. Ikkje berre distansert respekt, men aktiv tilrettelegging for at den andre kan lukkast med sine oppgåver. Heller ikkje skal dei foreinast i noko integrert form, korkje som teokrati med pave eller erkebiskop som kombinert overhovud for kyrkje og stat, eller i cæsaropapistiske variantar der tsar, konge, keiser eller president rår over både stat og kyrkje. Sjølv om maktperspektivet ikkje er hovudsaka, lærer Bibelen altså eit maktfordelingsprinsipp gjennom det
oppgåvefordelingsprinsippet Luther vaska fram av bibeltekstane.
Med Luther løysest institusjonstenkinga opp. Kyrkja er ikkje lenger samlinga av dei døypte i nominell forstand, men samlinga av dei truande om ord og sakrament. Spissa kan ein seie at som kristen er ein kyrkje når ein deler evangeliet, uansett situasjon. Dei kristne er elles alle stader når dei ikkje er samla i kyrkja, og kan ha all slag stillingar i samfunnslivet. Dei kan vere i verdslege stillinger eller kyrkjelege kall, ærleg teneste i begge er ein gudsteneste og like verdifullt. Den protestantiske kallstanken, at alt ærleg arbeid er ei gudsteneste, har fått svært mykje å seie for både politisk egalisering, arbeidsetikk og velstandsutvikling i Europa. Slik fekk gammal, men nyformulert teologi sterkt samfunnsutviklande følger.
Stat og kyrkje er ikkje lenger maktkonkurrerande institusjonar, men gudommelege maktfunksjonar. Det er ikkje lenger rom for å tenke over- eller underordning mellom stat og kyrkje. Gud er Herre over alle ting, og det er berre eitt rike, men med to styreformer eller regimenter som er sidestilte, med kvart sitt særegne mandat.
Grunnleggande i toregimentslæra er altså at Gud styrer verda på to måtar: Gjennom Ord og sakrament forvalta av kyrkja styrer han sjelene til frelse og evig liv på ei nyskapt jord. Kyrkja har såleis oppdraget med å forvalte den vertikale dimensjonen, menneska sitt forhold til Gud, med ord og sakrament – Andens sverd (Ef. 6.17) som einaste maktmiddel.
Livet på horisontalplanet – samfunnslivet – styrer Gud gjennom øvrigheita, gjennom personar i ulike embete som ved si naturlege utrustning og fornuft, og med rettferd som styrande norm skal syte for orden og tryggleik for lekamen. Øvrigheita, eller myndigheitene, skal vere til skrekk for dei som gjer urett, og maktmiddelet deira er difor ulike sanksjonar, fengsel og anna form for straff, symbolisert ved sverdet i Rom. 13.4: «…For styresmakta er Guds tenar, til beste for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd. Styresmakta ber ikkje sverdet utan grunn, men er Guds tenar som set hans vreidedom i verk over den som gjer det vonde.»
Grenser for lydnad
Rom.13.1-3: «Kvar og ein skal vera lydig mot dei styresmaktene han har over seg. For det finst inga styresmakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud. 2 Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett, og dei som gjer det, skal få sin dom. 3 For dei som styrer, skaper ikkje frykt hos den som gjer det gode, men hos den som gjer det vonde. Vil du sleppa å vera redd styresmakta? Gjer det som godt er, og du skal få ros.»
Apgj. 5.29: «Men Peter og apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske!»
Rom. 13.1-3 føreset at myndigheitene gjer det gode, men historia er full av eksempel på at det ikkje er tilfelle. Kva skal ein kristen gjera då? Kort sagt ser det ut til at ein kristen for sin eigen del skal lide urett i materielle saker, men grensa for lydnadsplikta stoppar ved reservasjonsplikta i Apgj. 5.29, dersom pålegg frå øvrigheita ville leie til synd. I boka «Om den verdslige øvrighet» (1523), som forøvrig burde vore pensum for alle politikarar, går Luther svært langt i å reindyrke kristne si forplikting på å vende det andre kinnet til, å lide urett utan å hemne seg, med Jesus som førebilete, når
myndigheitene misbruker makta si. Til dette siste er det likevel nokre kompliserande element som ikkje får plass her, men som eg håpar å komme tilbake til i ein anna tekst.




