Utforsk
    foross.no logo
    foross.no logo
    • Kirkeåret
    • Kontakt oss
    • Gi
logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Foross på Facebook Foross på Instagram

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.

Jesus møter Sakkeus 4 – Magneten

Lukas 19
Jesu person
Takknemlighet
avatar
Lars Kjetil Emblem

2m lesetid

•

07.08.2016

Jesus møter Sakkeus 4 – Magneten
@ Bilde av HaiRobe på Pixabay

Når vi skal sortere jernspon ut frå ein haug med treflis og anna rusk, er det godt å ha ein magnet for handa. Det er berre å føre magneten nær haugen med rusk, og så dreg den til seg alt som er av jern, og jobben er gjort. Dette tenkjer eg ofte på når eg les om Jesus og hans møte med menneske. Han hadde, og har, ei enorm tiltrekkingskraft. Ikkje på alle, men på dei som opplever seg som syndarar. Slik drog han også Sakkeus til seg.

Ikkje alle identifiserte seg med Sakkeus, og dei reagerte då Jesus gjekk forbi dei for å ta inn i Sakkeus sitt hus.

Men då dei såg det, murra dei alle og sa: Han gjekk inn som gjest hjå ein syndig mann! Luk 19:7

Vi skjønar at det var sagt som kritikk, og det var på mange måtar uhøyrt. Men for ein god bodskap det er for den som er utanfor det gode lag! For eit evangelium for den som ikkje sjølv greier å rydde opp i alt som er gale i forholdet til Gud!

Alle tollmenn og syndarar heldt seg nær til Jesus for å høyra han. Luk 15:1

Her møter vi også «magneten» Jesus. Igjen vart det murring, men det var nokre som måtte høyre det han hadde å seie. Bodskapen hans drog dei til han. Det er dette som dreg meg óg til Jesus. Han går inn til syndarar. Sakkeusforteljinga sluttar slik:

For Menneskesonen er komen for å leita opp og frelsa det som var fortapt. Luk 19:10

Du har høyrt det før, seier du. Eg óg. Kanskje over tusen gongar før. Likevel vil eg høye det ein gong til. Eg vil forkynne det ein gong til. Desse enkle orda om Jesus. Om han som går inn for å ha samfunn med syndarar. Om han som gav sitt liv for at du og eg skal få leve. Om han som strauk ut skuldbrevet vårt med blodet sitt. Det er denne bodskapen som skaper trua i hjartet vårt første gongen, og den held trua levande hos oss dag for dag. Dette ordet om Jesus gir kvile, fred, fridom og glede.

Takk, Jesus!

Sjå, han gjeng inn til syndig mann! Så over Jesus dei klaga. Men denne syndar livet vann, sælt i hans hjarta det daga: Livet han storleg stunda på, ljoset han lengta sårt å sjå, såg han i Frelsarens åsyn. (Elias Blix)

Likte du artikkelen?

Relaterte innlegg

annonse