5. Så drag oss til ditt hjarta nær,
Vår sjeleven så god og kjær,
At kvar av oss så inderleg
I hjartans tru må fagna deg!
6. Lat ikkje verdi med si makt
Oss draga frå vår dåp og pakt;
Men gjev, vår lyst og lengting må
Til deg, til deg åleine stå!
7. Så skal me syngja sigersong
Med alle heilage ein gong
Og i ditt sæle paradis
Få prisa deg på englevis.
8. Her står me no i flokk og rad
Kring deg, vårt fagre hjarteblad.
Å, hjelp at me og alle må I himlen
kring din kongsstol stå!
«Så skal me syngja sigersong» i Guds evige sæle. Det er frelsa sitt mål. «Deretter såg eg – og sjå: Ein stor skare som ingen kunne telja, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite kjortlar og med palmegreiner i hendene. Og dei ropa med høg røyst og sa: Frelsa høyrer vår Gud til, han som sit på trona, og Lammet. Og alle englane som stod ikring trona.. .» (Op 7:9-11)
Jesus vart fattig, like til døden under Guds forbanning, for at me ved hans fattigdom skulle verta evig rike (2. Kor 8:9) i hans evige paradis. Vår evige frelse kosta Jesus så useieleg mykje. Men «Så blir hva tungt du pløyet, en evig høst for meg,» (Paul Gerhard) og for alle som tok sin tilflukt til Herren Jesus. Uendelege sæle!
Evig ulukkeleg er det menneske som vrakar Jesus til si eiga fortaping så dei går glipp av alt!





