Publisert

Den lidande tenaren Ille tilreidd-for oss


Ca leselengde:
6 min

Denne artikkelen er ein av fleire denne påska der me vandrar gjennom Jesajaboka. Sjå oversikta over dei andre  til høgre eller under. 

I dag er det langfredag, den mørkaste og dystraste dagen i påskeveka: «Men dette er dykkar time, og no er det mørkret som rår», sa Jesus til mennene som greip han i Getsemane (Luk 22:53). Kor sant var vel ikkje det. Me skal i dag sjå nærare på nokre avsnitt i tenarsongane som så tydeleg peiker fram mot Jesu lidingar denne dagen.

Det forbode kapittelet (Jes 53)

I synagogen blir det kvar sabbat lese opp tekstar frå Lova (Torah) og ein rekke utvalde kapittel frå andre bøker i GT. Dersom ein går gjennom lesekalenderen og søkjer etter tekstar frå Jesaja, vil ein oppdaga at ein i Jesaja 52 stansar i vers 10 og at det deretter er eit hopp fram til 54:1.

Det er altså eitt bestemt avsnitt som ikkje blir lese. Av somme blir det kalla «Det forbode kapittelet». Den jødiske historikaren Raphael Levi, som levde på 1600-tallet, skal ha sagt at Jesaja 53 lenge blei lese, men at det skapte så mykje støy at ein kutta det ut. Jødar flest i dagens Israel har lita eller inga kjennskap til dette kapittelet i Bibelen.

Det er mange ting ved Jesaja 53 som skapar undring hjå lesaren. Det merkelegaste er opptakten og starten. For å få tak i kor sjokkerande kapittelet eigentleg er, treng me å ta ein liten tur innom kapitla som kjem rett føre.

Når ein les utover Trøysteboka (Jes 40-55), blir det tydeleg at Gud har store planar på gong. Tida er komen for at Gud på nytt skal gripa inn og gjera store ting. Han skal frelsa folket sitt og føra det attende til Jerusalem. Det heile blir oppsummert i Jes 52:8-10:

Høyr, vektarane dine ropar, dei jublar alle saman. For beint framfor augo sine ser dei at Herren kjem heim att til Sion. Bryt ut i jubel alle saman, de Jerusalems ruinar! For Herren trøystar folket sitt, han løyser ut Jerusalem. 10 Herren syner sin veldige arm for augo på alle folk, og alle endane av jorda får sjå frelsa frå vår Gud. Jes 52:8-10

Herren er i ferd med å venda attende til Jerusalem og med seg har han folket han har løyst ut. No er det like før det skjer og Herren er i ferd med å avdekka «sin veldige arm», som me jo var innom på onsdag.

Deretter blir tenaren introdusert i Jes 52:13-15. I starten får ein inntrykk av at det er snakk om ein mektig konge:

Sjå, min tenar skal gå fram med visdom. Han skal lyftast opp og verta opphøgd og vera overlag høg. Jes 52:13

Men så kjem overraskinga raskt. Han er også «ille tilreidd» (v. 14). Men likevel, «Kongar skal lata att munnen sin for han» (v. 15). I 53:1-2 blir dette biletet til å byrja med oppretthalde. Han blir kalla «Herrens arm» og så får me veta at han er ein «kvist» og eit «rotskot». Tankane går til tekstane om kongen, «Isais rotrenning» (Jes 11:10). Det er ein som er Herrens arm og Herrens konge me møter i Jes 53.

Men så endrar teksten fullstendig karakter og det er eigentleg ikkje så vanskeleg å forstå at teksten skapte mykje oppstyr i synagogen. For det er ikkje berre det at kristne har tolka teksten som ein profeti på Jesus som gjer han vanskeleg. Det er også vanskeleg å akseptera ein lidande Messias. Det var noko læresveinane også strevde med. Det sank ikkje inn hjå dei heller. Først etter oppstoda og etter nokre forklarande bibeltimar saman med Meisteren vart dei i stand til å forstå noko av dette. Og kanskje vart ikkje alt klårt før Anden kom over dei Pinsedag.

Ille tilreidd

Korleis skal me forstå skildringane av tenaren i Jesaja 53? På den eine sida trur eg at mykje av det blir oppfylt Langfredag. Det var då han var «ille tilreidd» (52:14) – «sjå, det mennesket», utbraut Pilatus (Joh 19:5) då han såg Jesus tornekrona. Det var på Langfredag han vart «ille medfaren» og «plaga» (53:7). Samstundes står det også om at han var «vel kjend med sjukdom». Er dette og ei skildring av torturen han vart utsett for, eller handlar dette om korleis Jesus såg ut uavhengig av alt dette? Me får kanskje aldri vita svaret. Men han er prøvd i alt, seier Bibelen (Heb 4:15).

Det er ikkje rart at dei som talar i Jes 53 er fulle av undring. For korleis kunne ein eigentleg forstå? Legg merke til kor sterkt teksten får fram kontrasten mellom kva «me» trudde og kva som faktisk var sanninga om tenaren. Høgdepunktet kjem i vers 4, med utbrotet «sanneleg». Dei som talar er menneske som etter lang tid i blinde endeleg har forstått sanninga. Kanskje er det ein profeti om dagen Israel skal venda seg til Gud? (jf. Rom 11:25-26). Uansett er det ei sanning som må gå opp for kvar og ein av oss. Jesu herlegdom blir synleg midt i lidinga. Og det er dei to små orda «for oss» som er nøkkelen til det heile.

Piskeslag på ryggen

Før me rundar av, må me sjå litt på enda ein tekst frå tenarsongane som syner oss Jesu lidingar på Langfredag:

Eg baud fram ryggen min til dei som slo, og kinna mine til dei som reiv meg i skjegget. Eg gøymde ikkje andletet for hån og spytt. Men Herren Herren vil hjelpa meg. Difor vert eg ikkje til skammar. Difor har eg gjort mitt andlet hardt som stein. Eg veit eg vert ikkje sviken. Jes 50:6-7

Legg merke til kor aktiv han er – «eg baud fram». Det er ikkje ein som blir tvinga, men han gjer det frivillig. Han tek imot det han blir utsett for. Tankane går til Hebrearbrevet 12:2b:

For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra, og har no sett seg ved høgre sida av Guds trone. Heb 12:2b

Og kanskje me også skal ta med oss uttrykket «gjort mitt andlet hardt som stein». Mange trur at Lukas hintar til dette uttrykket når han skildrar Jesus at Jesus for siste gong vender blikket mot Jerusalem. På vegen går han gjennom ein samaritansk by. Men der vil dei ikkje ta imot han, for «han hadde vendt andletet mot Jerusalem» (Luk 9:53). På gresk brukar Lukas her eit uttrykk som gjer det klårt at han er fast bestemt. Den engelske omsetjinga NIV skriv difor: «Jesus resolutely set out for Jerusalem»

Jesus visste kva som venta han. Men det var dit han ville gå, vegen måtte gå gjennom liding og død. I dag, på Langfredag, skal me minnast dette og me skal takka Jesus for at han gjorde alt dette for oss, han gjorde det for deg og han gjorde det for meg.

Finn difor fram Bibelen. Les desse avsnitta sakte og tenk nøye gjennom desse sanningane. I tillegg kan du gjerne finna fram den vesle filmsnutten om «The Forbidden Chapter», der me får sjå korleis israelarar på gata reagerer når dei les Jesaja 53: https://www.youtube.com/watch?v=cGz9BVJ_k6s


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
6 min
Ressurstype

  Bibelutleggelse

Skrifthenvisning

  Profeten Jesaja  52: 13 - 53: 12

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Knut Kåre Kirkholm.
  Knut Kåre Kirkholm er gift med Marianne, har tre jenter og bor i Oslo. Han jobber som høgskolelektor på Fjellhaug internasjonale Høgskole, lærer på Bibelskolen Fjellhaug og redaktør av magasinet Fast Grunn.
   Ressurser av Knut Kåre Kirkholm
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.