«Det var ein god tale i dag… »
Sannsynlegvis har du kome med ein slik kommentar etter eit kristent møte. Men kva meiner du eigentleg med det? For kva er eigentleg «god» forkynning? Gjev Bibelen oss nokre retningsliner for kva som bør vektleggast når det skal vera andaktar og talar i kristne samanhengar? I denne artikkelen skal me stoppa opp for 1.Korinterbrev 1-2, som er ein av dei tekstane i Bibelen som har størst relevans for dette spørsmålet. Her gjev Paulus oss eit innblikk i kva han har forkynt for forsamlinga i Korint.
Bodberar eller bodskap i fokus?
Paulus skriv om forkynninga si i Korint på bakgrunn av eit problem i forsamlinga der. Problemet er splitting. 1.Korinterbrev 1-4 ser nemleg ut til å visa at forsamlinga i Korint hadde blitt fraksjonert i ulike grupperingar som hadde sine ulike favorittar – Paulus, Apollos og Kefas (1:12; 3:5-6). Det ser ikkje ut til at det her er ein kritikk av teologisk motivert splitting, då me i til dømes 2.Kor 11:1-15 kan lesa om korleis Paulus åtvarar på det sterkaste mot vranglærarar.
Poenget ser ut til å vera at ulike grupper i Korint hadde bygd seg opp ei usunn avhengigheit av sine leiarar, der det var desse leiarane som vart i fokus. Det er på denne bakgrunnen at Paulus vil understreka at forsamlinga ikkje var kalla til å tilhøyra Paulus, men Jesus Kristus! Denne bodskapen er akkurat like sann i dag. Det er ikkje presten eller forkynnaren som skal herleggjerast. Det er Kristus som skal herleggjerast ved Orda til forkynnaren! Det er med akkurat dette utgangspunktet Paulus no gjev oss eit innblikk i korleis han tenkjer kring forkynninga.
Krossen i sentrum
Når ein les om Paulus si forkynning er det ingen tvil om at den bodskapen han vil ut med er i fokus. Tre gongar understreker Paulus i løpet av desse kapitla at det er evangeliet om den krossfesta Jesus Kristus som har kjenneteikna hans forkynning (1:17-18, 23; 2:3). Grunnen til dette fokuset er ikkje tilfeldig. Fordi ordet om krossen, er det ordet Gud frelser menneske ved, treng menneske å høyra det!
Men det er ikkje berre for å komma til tru på Jesus at denne bodskapen er avgjerande. Paulus demonstrerer gjennom heile 1.Kor korleis dei gode nyhenda om kva Gud har gjort for oss gjennom Jesus har konsekvensar for heile livet (sjå f.eks. i 5:7; 6:11; 7:23). Evangeliet er det samanbindande elementet for Paulus, og mot avslutninga av brevet viser han at det er ved dette ordet at Gud bevarer kristne i ei sann tru (1.Kor 15:2-3).
Kristi død for våre synder og hans oppstode er det navet som alle punkta i Paulus sin teologi krinsar rundt. Krossen er i sentrum.
Når form vert forstyrrande
Men var ikkje Paulus opptatt av korleis han skulle framlegga dette? Vel, i denne teksten les me fyrst og fremst om kva han ville unngå i sin framlegging. Han ville ikkje forkynna ordet med talekunst og visdom (1:17). I antikken kunne folkemengder samlast for å verta underhaldne av samtida sine talekunstnarar, eller retorikarar. Men ein kristen forkynnar er ikkje i Paulus sine augo ein slik retorikarar som skal ta siktemål på å underhalda tilhøyrarane. Medan retorikaren kunne overtyda ved å spela på kjensler og taleevne, utan at det var nokon større substans, så var ikkje dette eit alternativ for Paulus. Fokuset skulle ikkje rettast mot forkynnaren sjølv, men bodskapen som vart forkynt. Paulus vil understreka for korintarane og for oss at forkynninga ikkje er underhaldning eller menneskeleg overtaling.
Samstundes ser det ut til at Paulus til ein viss grad tilpassa seg si samtid for å nå ut med bodskapen sin. Ein liten observasjon rundt dette er at Paulus ser ut til å ha bygd opp 1.Korinterbrev i samsvar med vanleg gresk-romersk retorisk argumentasjon. I tillegg kan me merka oss 1.Kor 9:20-21, der Paulus skriv om korleis han i si teneste har tilpassa seg ulike grupper med det målet at han vil nå dei med evangeliet. Paulus ser dermed ut til å bruka verkemiddel med det siktemålet at bodskapen best mogleg kan verta formidla.
Andens rolle i forkynninga
Likevel, forkynninga si verkekraft ligg ikkje i kva pedagogiske grep ein tek i talen sin. Effekten kjem ikkje av kor dyktig ein er retorisk. Det som gjer at eit menneske kan verta frelst og bevart i trua gjennom forkynninga, er at Den Heilage Ande verkar gjennom orda for å herleggjera Jesus. Det var dette som kjenneteikna Paulus si forkynning (2:4). Guds Ande si rolle er i fylgje desse kapitla å openberra for oss kva Gud i sin nåde har gjeve oss (2:12). For Paulus var dette den grunnleggande haldninga som prega hans teneste. Han var avhengig av Guds inngripen for at misjonsarbeidet hans skulle bera frukter. Han planta, men Gud gav vekst. Det same gjaldt for ein av hans etterfylgjar, Apollos. Han vatna, men Gud gav vekst (1.Kor 3:6).
Praktiske konsekvensar i dag
No er tida for at me kan gå tilbake til spørsmålet frå starten av – kva er det som gjer noko til ein god tale frå Bibelens perspektiv? Hovudsaken er at det er ein bodskap som må vera det berande for all sann bibelsk forkynning. For Paulus var det ikkje nok at Jesu død og oppstode var eit opplese og vedtatt fundament. Ordet om krossen gjennomsyra alt, og må også gjennomsyra all vår forkynning i dag.
Me kan i dagens samfunn verta veldig opphengt i spørsmål om kva som kommuniserer og kva som ikkje gjer det, men me kan sjå at Paulus i stor grad åtvarar mot at eit for sterkt fokus på verkemiddel kan verka distraherande. Eit verkemiddel må vera eit middel for at bodskapen skal verta tydeleggjort og ikkje eit mål i seg sjølv.
Men viktigare enn alle verkemiddel i verda ,er at Anden får verka gjennom Ordet. Til dei av oss som forkynner, er dette ei viktig og ransakande påminning. Vert all vår tid brukt til å finna illustrasjonar og uttrykksmåtar om det me skal seia, medan bøna om at Gud må openberra Ordet for tilhøyrarane vert gløymt? Dette er i så fall ein alvorleg indikator på at me manglar den avhengigheita Paulus har av Herren.
Denne saken ble først publisert i magasinet Fast Grunn.