Krisa auka i omfang. Folk såg motlause på kvarandre og visste ikkje si arme råd. Mange av dei hadde vore i eksil i Babylon, men hadde fått lov til å venda tilbake til Jerusalem då perserkongen Kyros hadde fått makta. Det hadde sett lyst ut. Endeleg kunne folket venda tilbake og byggja opp igjen den flotte byen Jerusalem og Guds eige hus, tempelet.
Men dei var få og fattige, og bygginga av tempelet støytte på mange problem. Folkeslaga som levde rundt dei var fiendtlige, og dei likte ikkje at eit tempel vart bygd opp igjen i Jerusalem. Dei lukkast med å bestikka persarane til å trekka byggeløyvet tilbake (Esra 4:5).
Med ein slik bakgrunn starta Sakarja og Haggai å profetera (Esra 5:1). Hovudbodskapen deira var at jødane skulle fortsetja med å bygga tempelet til trass for dei politiske tilhøva som gjorde det vanskeleg og farleg. For Sakarja førte ein slik bodskap til ei rekkje andre profetiar, som ikkje berre handla om oppbygginga av tempelet, men om gjenoppretting og fornying for Israel på eit langt høgare plan (særleg kap 9-14).
Profeten Sakarja
Profeten Sakarja skildrast som son av Berekja og Iddos barnebarn (Sak 1:1). Iddo var frå ei presteslekt, og Sakarja var sjølv prest (Neh 12:16). Når han virka, kan daterast heilt presist på grunn av tidfestinga i boka, og då særleg i dei fyrste åtte kapitla. Han byrja og profetera i perserkongen Dareios I sitt andre regjeringsår, om lag 520 f.Kr. (Sak 1:1). Profetiane heldt fram i Dareios I sitt fjerde regjeringsår, omkring 518 f. Kr. (7:1) Tempelet stod ferdig i år 516 f Kr (jf Esra 6:15), og Sakarja fekk då ei avgjerande stemme i det prosjektet.
Blant bibelforskarar vert det ofte diskutert om Sak 9-14 er skrive av Sakarja, eller har vorte lagt til boka seinare. Grunnen til diskusjonen er skildnaden på kap 1-8 og 9-14. Fyrste delen handlar om bygginga av tempelet i Jerusalem, medan temaet, stilen og språket skifter litt i den andre delen. Til dømes vert Grekenland nemnt i 9:13 («Javan» i NB-07), og nokre tek dette som eit teikn på at boka er skrive mykje seinare, då grekarane var ein maktfaktor i reigionen (frå 2-300 talet f. Kr.). Men allereie frå slutten av 500-talet f.Kr var det faktisk konfliktar mellom persarane og grekarane. Me veit til dømes at Dareios I leda eit felttog mot grekarane i 492-490 f. Kr. Nokre har difor argumentert for at Sakarja skreiv andre del nokre år etter den fyrste delen, og at det kan forklara skilnaden i språket, stilen og innhaldet.
Oppbygging
Profeten Sakarja kan som allereie nemnd, delast i to delar. Fyrste del (kap 1-8) er dominert av åtte nattesyn (1:7-6:15), som på forskjellig og halv-mystisk vis handlar om oppbygginga av tempelet. Formålet med dei nattlege syna, er å forsikra folket og, ikkje minst, dei to leiarane, stattholdaren Serubabbel og ypperstepresten Josva, om at Gud vil la arbeidet lukkast (til døme 1:16; 2:9; 4:9 og 6:12). Fyrste del av boka sluttar med kap 7-8 som byrjar med spørsmålet om folket skal forsetja å fasta.
Andre del av boka til Sakarja (9-14) inneheld to profetiar (9-11 og 12-14). Desse profetiane rører ved fleire emne, og eit av dei mest sentrale handlar om leierskap. Ein aner ei voldsom misnøye med leiarene til folket (ofte kalt «hyrder»), som overlet folket («fåra») til seg sjølv (10:2-3; og 11:4-17). Profetane skriv ofte om dårleg leiarskap, og eksilet og heimkomsten frå Babylon hjalp ikkje noko særleg på denne utfordringa. Men Sakarja profeterer og om ein fredskonge, som skal herska frå «hav til hav» (9:9-10). Denne fredskongen skal leia folket som ein god hyrde.
Den siste profetien (kap 12-14) er ein stor profeti om Jerusalem si framtid. Byen skal verta beleira av fiendar, men Gud vil sjølv gripa inn mot fiendane, før han vekker Jerusalem, så folket vert fylt av «nåde- og bøneande» (12:10). Seinare vert det profetert at Gud vil stilla seg på Oljeberget aust for Jerusalem, før han skaper heile landet om til eit paradis (14:4-9). Til sist skal heile jorda dra opp til Jerusalem for å ta del i løvhyttefesten (14:16-19).
Profeten Sakarja i dag
Saman med profeten Jesaja er profeten Sakarja den boka i det gamle testamente som tydelegast talar om ein komande Messias. Sjølv om det kjem best til uttrykk i slutten av profeten Sakarja, er det eit gjennomgåande tema i heile boka (sjå til dømes profetiane om prestekongen «Semak» i 3:8-10 og 6:12-15). Det er Sakarja som profeterer om kongen som kjem ridane på eit esel (9:9), og han varslar ei stor vekking over Israels folk, når Gud åpnar auga deira for han, som dei har «gjennombore» (12:10).
I ljoset frå det nye testamentet oppfyllar Jesus profetiane frå Sakarja. Han er den gode (leiaren), som reid inn i Jerusalem på eit esel for å gå i døden for sitt folk (Joh 10:11). Og han bygg eit tempel, men med mykje større forstand enn leiarene på Sakarja si tid. Jesu «tempel» er hans eigen kropp, som han vil bygge opp igjen på tre dagar, etter at han døydde på krossen (Joh 2:18-20). Som på Sakarja si tid, er tempelet den staden kor menneska kan møta Gud. At Jesus er eit «tempel», syner at det er i Jesus Kristus at himmelens konge er kome nær. Gjennom Jesu død vart fellesskapet mellom Gud og menneska oppretta på nytt.
Teksten er oversatt fra dansk av Siri Myklebust.




