Utforsk
    foross.no logo
    foross.no logo
    • Kirkeåret
    • Kontakt oss
    • Gi
logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Foross på Facebook Foross på Instagram

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.

Boktips: Bønneplan for mine barn

Barn
Bønn
avatar
Johannes Sæleset

2m lesetid

•

06.04.2022

Boktips: Bønneplan for mine barn
@ Bilde av Jordan Whitt på Unsplash

Bønneplan for mine barn
Forfatter: Heidi Anita Nordbø
Forlag: Luther
Språk: Norsk
År: 2017
Sidetall: 144

Er du ein som trufast ber for den oppveksande generasjon? Eller kanskje du er ein av oss foreldre som treng støtte i bønearbeidet? Bønneplan for mine barn er ei annleis andaktsbok som leier inn i Bibel og bøn.

Boka har 31 tema med tilhøyrande forslag til kva du kan be for, bibeltekstar å be ut frå, og ei ferdig bøn du kan bruka for å be for born og unge som ligg på ditt hjarta. Til slutt gir forfattaren eit tips til korleis me kan ta sanningane frå Bibelen inn i eigne liv. Tema som «materialisme» tek utgangspunkt i livet og kulturen, medan tema som «frelse» og «bønn» gjer tidlause sanningar aktuelle i takk og bøn for born.

Har du tenkt på at Bibelen kan forma bøner i deg om at borna må få god sjølvtillit? Under temaet «sjølvtillit» føreslår boka mellom anna å lesa desse tekstane:

Knoklene mine var ikke skjult for deg
da jeg ble laget på hemmelig vis og vevd dypt i jorden.
Dine øyne så meg da jeg var et foster.
Alle dager er skrevet opp i din bok,
de fikk form før én av dem var kommet. Sal 139:15-16

La ikke ytre stas, som frisyrer, gullkjeder og fine klær, være det som pryder dere, 4 men hjertet, det skjulte mennesket med sin milde og rolige ånd, som er uforgjengelig og dyrebar for Gud. 1 Pet 3:3-4

Boka hjelper oss her til å be sanningar om menneskeverdet inn i liva til små menneske som skal møta ein kultur som diverre fortel at verdien deira varierar med kor mange vener dei har eller kor mange «likes» dei får i sosiale media.

Eg og kona brukte Bønneplan for mine barn som andaktsbok ein periode. Dette vart fine stunder der Bibelen vart opna ilag og me fekk hjelp til å vera konkret i bøn for borna våre. Eg er ikkje van med å bruka faste bøner, men opplevde det fint å be desse bønene.

Boka er med dette anbefalt og kan kjøpast mellom anna her.

Likte du artikkelen?

Relaterte innlegg

annonse