Fastetida har lang tradisjon i kyrkjehistoria, og det er også lang tradisjon med fastebøker. Det kjem stadig nye slike bøker, samstundes om nokre av klassikarane av denne sjangeren held stand. Sjølv om alle fastebøkene er tenkte til å lesast i fastetida, er det nokså så stor variasjon innhaldsmessig, i tematikk og litterært. Då tenkjer eg ikkje primært på den teologiske eller litterære kvaliteten, men på korleis bøkene er lagt opp temamessig, altså kva substansen i dei er.
Ein del av fastetradisjonen er at ein i denne tida skal fokusera nokså breit på det som har med kristenlivet og tru å gjera. Då held ein seg ikkje strengt til påskbodskapen eller førebuing til å gå inn i påskehelga med dei avgjerande hendingane som då skjer. Poenget er meir å reflektera over kristentrua og førast inn for Guds ansikt med alle delar av livet.
Ein annan del, som vi truleg er mest kjent med, er å bruka fastetida på bibeltekstar som førebur oss på påskehelga og påskebodskapen, og der ein gjerne også går inn i sjølve påskeevangeliet. Då hentar ein gjerne fram tekstar frå GT som er profetiske utsegn om ein komande frelsar, Herrens tenar eller Messias, kva denne frelsaren skal gjera og kva det betyr for oss. Det er jo svært mykje å ta av frå GT med tanke på dette, både når det gjeld direkte profetiar, Guds handlemåte med Israel, og det som gjeld prestetenesta, tabernaklet og alle offera – særleg øvstepresten og den store forsoningsdagen. Dette held ein gjerne saman med det som hender i Jesu liv og vandring frå han vert døypt og til det som skjer i påskeveka. Ved dette opnast ein veg inn i påskebodskapen.
Ein tredje type fastebøker er dei som går rett på det som skjer i påskeveka, frå Getsemane til Jesu soningsdød på krossen. På den måten vert vi førebudde til påskefeiringa ved på førehand å ha vorte ført inn i påskeevangeliet, rett nok stoppar ofte denne typene bøker med Jesu død og gravlegging. Fokuset er på lidinga og krossen, ikkje på oppstoda og herleggjeringa. Denne typen bøker er altså sterkt evangelisk orienterte.
Det er ei bok av siste typen vi har med å gjera når det gjeld klassikaren «Med Ham til Golgata». Denne boka kom første gang ut i 1934, og har sidan kome i mange opplag – heilt fram til i dag. Det er knapt noko fastebok i Noreg som har så sterk posisjon som denne, og som no snart har vorte lesen i 100 år. Forfattaren, Fredrik Wisløff (1904 – 1986), var ein sentral kristenleiar i lang tid, særleg knytt til det som då var Indremisjonsselskapet (no del av Normisjon). Han var ein skatta forkynnar og bibelærar, og han var ein svært produktiv forfattar, og det var stor breidde i forfattarskapen hans. Han skreiv bibelkommentar til heile GT, fleire bøker som gjekk på truslære og etikk, reint oppbyggelege bøker, reiseskildringar, forteljingsbøker og romanar. Praktisk talt at han skreiv, står seg godt også i dag – kanskje bortsett frå romanane, og kan lesast med stort utbytte, trass i at det er eit spenn av år frå hans tid til vår tid.
Fredrik Wisløff skreiv altså svært mykje, men «Med Ham til Golgata» hadde ein spesiell plass i forfattarskapen hans, for han skriv: «Ingen av mine bøker har stått mitt hjerte så nær som denne.» I føreordet til opplaget som kom i 1974, skriv han: «Aldri har Jesu lidelseshistorie vært meg så nærværende som da jeg skrev denne boken. Med sinn og tanke fikk jeg følge hans tunge gang opp til Golgata. Jeg ble vitne til hans lidelse, - både den legemlige og den sjelelige.»
Det skal vanskeleg gjerast om vi finn ei bok som fører oss djupare inn i Jesu kamp i Getsemane, anklagene under forhøyra, smertene under vandringa «via dolerosa» og lidinga under Guds dom og vreide på krossen, enn denne boka. Vi førest inn i djupnene i Jesu soningsverk, og den lidinga det innbar for vår skulde – det som vi med eit bokmåluttrykk kallar «Jesu stedfortredende staffelidelse». Den som vel «Med Ham til Golgata» som faste- og påskebok, vil få eit sterkt møte med kva det kosta Jesus å frelsa oss.
«Med Ham til Golgata» kan kjøpes her.




