Sjelden har jeg lest ei bok med så mange tankevekkende sitater. Hans Johan Sagrusten sin bok "Johannes' openberring – ein samtidsvisjon" er full av gullkorn, kloke sannheter om kristen tro og tenkning. Nedenfor har jeg samlet ulike sitater fra denne «annerledes» bibelkommentaren. Sitatene har ingen nødvendig sammenheng med hverandre.
Innledende om åpenbaringsbokas særpreg
Openberringa vil at det skal svi. Ho vil gjere oss urolege. Ho vil at vi skal riste fortvila på hovudet over det vi ser rundt oss. Så vi søkjer hovedpersonen, som er Kristus.
Den kristne kyrkja har alltid levd med freistinga til å flykte frå utfordringane ho ser omkring seg. Og verkeleghetsflukta er den lettaste utvegen.
Paradoksalt nok er det mogleg å bli ekspert på slike (endetids)teoriar, men stå hjelpelaus i møte med vår egen samtid.
Men openberringa er ikkje skriven til sjølvsikre farisearar. Ho er retta til slitne og motlause menneske. Dei vil ta til seg det boka seier.
Om menighetene - kap 2-3
Den kristne kyrkja er alltid lokal
Kyrkja må tala språket som høyrer til på denne staden. Ho kan ikkje høyrast like eins ut i Lillesand og i Lom.
Det finst ingen individualisme i Openberringa. Boka talar til eit større fellesskap. For ingen trur åleine i denne boka. Og ingen klarar seg åleine.
På same måten har mange forsamlingar mista innhaldet av syne og kome i fokus sjølv. Merksemda har flytt seg mot det å halde hjula i gang. Mot balansen i rekneskapen, farga på interiøret og stilen på musikken. Mot alt som må gjerast.
For i vår tid er det relativismen som rår. Tanken at det ikkje finst nokon målestokk. Og at det er intolerant å hevde noko anna. Men ifølge Openberringa finst det ein målestokk, i alle fall i Guds verd.
Med andre ord er det kvaliteten som skal målast, ikkje kvantiteten.
Ikkje all vekst er av det gode. Også ein kreftsvulst veks, det same gjer trafikken, kriminaliteten og forureininga. Vi manglar difor eit mål for den gode veksten.
Trona – sekulariseringa – kap 4-5
Først tømmes troen for innhold, så tømmes kirken for mennesker.
For vi møter eit sterkt press frå dei som seier at kristendom handlar om å kjenne Guds nærvær heile tida.
For framtidsboka er i Guds hand. Ho ligg ikkje i handa til ein amerikansk president. Ho er lagd i to hender som har sårmerke.
Vi ønskjer at han skal gjera vegen lett å gå for oss. Men han svarar ved å gå gjennom lidingane saman med oss.
Gud skaper ikkje noko nytt ved å gje oss det vi ønskjer oss, men ved å knuse draumane våre. Dei som ikkje er i samsvar med hans vilje.
Jorda, himmelen og naturen – mismotet, splittinga og fornektinga kap 6-9
Vi skal ikkje vera redde. Krigen og svolten og døden skal ikkje få siste ordet. For Jesus rir òg fram på jorda.
Vår kollektive evne til å fortrengje informasjon er nesten utan grenser. Det gjeld særlig infomasjon som er for vond til at vi greier å ta stilling til han.
Det kristne fellesskapet er eit nådefellesskap. Vi ber over med kvarandre. Vi pratar med kvarandre når noko blir vanskeleg. Og vi tilgjev kvarandre om den eine har noko å skulde den andre for.
Å halde ut i trengsla kjem til å vere eit tema for kyrkja i framtida.
Vi kjem til å sjå attende på somrar som denne, ikkje som dei varmaste vi har hatt nokon gong, men høgst sannsynleg som dei svalaste vi nokon gong har opplevd.
Vi kjem til å gå i krig om retten til den matjorda som ennå er rik nok til å dyrke mat. Vi kjem til å drepa kvarandre i strid om retten til det sparsame ferskvatnet.
Dyrkinga av idola blir ei erstatning for noko anna. I staden for kollektive storverk hyller vi dei individuelle storverka.
Tiltalen, sentrum og øydemarka – ansvarsfråskrivinga, forhandlinga og forfølging kap 10-12
Tida og døden skulle hindra oss i å leva evig på ei jord der vondskapen var sleppt laus. Det at alle ting har ei ende, er difor ikkje ei straff. Det er ein nåde frå Gud som skapte oss.
Det er noko lite som må vekse fram før det store kjem. Det er noko som må audmjukast før ein kan få ære. Og det er noko som må døy før det kan bli nytt liv.
Guds allmakt er ikkje objekt for vår skarpe tunge, men for vårt tilbedende hjarte.
Ingen er mer utlevert og sårbar enn eit lite barn. Og Guds Son ville bli eit slikt lite barn. Dermed har han gjeve oss ærefrykt for alt som er lite og sårbart.
Dyret og havet – forføringa og usynleggjeringa kap 13-16
Men å forsake Djevelen er ikkje å fornekte at han finst. Å forsake er å seie nei til han.
Under andre verdskrigen var det fleire katolske enn lutherske kristne som stod opp mot naziregimet.
Det verste er når krigane blir støtt av religionen.
Men all dyrking av éin sterk leiar er dyrisk. Også i kyrkjeleg samanheng. All dyrking av den eine politiske retninga, den eine åndelege visjonen, står i fare for å bli dyrisk.
Openberringa vil rusta oss ut til å møte livet slik det er, ikkje slik vi skulle ønskje det var.
For Jesus gjekk omkring og gjorde det gode mot alle han møtte. På same måte må den kristne kyrkja koma ut frå gudshusa sine og gjera det gode. For menneska si skuld.
Byen, krigen og dommen – Materialismen, øydelegginga og sanninga Kap 17-20
Det enklaste er å gjera det som er populært, det som gjer folket fornøgde. Ikkje det ein veit er rett.
Det rike Vesten må ein gong falle, slik alle dei store rika har gjort gjennom historia. Og fallet kjem til å bli stort.
Indirekte forkynner vi at Jesus er slik som det huset vi byggjer – at han er stor og flott og rik på suksess…Eit perfekt hus vitnar om ein Gud som vil at vi skal vera perfekte.
Søk ført Guds rike, sa Jesus…Ein har skifta adresse, ikkje på dørskiltet, men i sitt indre. Ein har vorte ein borgar av eit anna rike. Eit rike der det ikkje handlar om å få mest mogleg att, men om å gje bort det ein har.
Faren for eit helvete av eld og svovel har aldri vore større enn i vår tid. Ironisk nok – i den tida da dei fleste har gått bort frå ideen om eit helvete.
Livgjevaren – narsissismen kap 21-22
Alt blir endeleg fullt og heilt slik som Gud hadde tenkt det… Og vi blir enda meir oss sjølve. Ikkje mindre.
Guds nærvær er tvert imot ein stad der det strøymer liv ut – ikkje inn.
Kven har lyst til å koma til himmelen viss kyrkja, det jordiske spegelbiletet, er ein stad der ein blir utbrend og stressa.
Møtet med Gud er eit møte med eit andlet. Så personleg er vårt gudsbilete. Gud er andletet som lyser over oss.
Boka kan blant annet kjøpes her.