Gud er treeinig. Det er ein del av vår vedkjenning at Gud Fader har skapt oss og held oss oppe. Sonen, som under Pontius Pilatus blei pint og korsfesta, som døydde og vart gravlagd, er vår Herre og frelsar, oppstått frå dei daude.
Men kva trur vi om Den heilage ande?
Mange kristne har lett for å lære annleis enn truvedkjenninga og støtte populære, men feilaktige tankar om Anden. Eit gamalt ordtøke lyder slik: «Det er ikkje gull alt som glimar».
Ofte blir det slik at berre noko verkar åndeleg og overnaturleg blir det sagt at «det er av Den heilage ande», sjølv om det skulle ha dårleg ankerfeste i openberringa, i Guds ord. Då blir Anden skild frå Kristus, frå bibelordet, og frå truvedkjenninga som seier fylgjande:
Eg trur på Den heilage Ande, ei heilag allmenn kyrkje, samfunnet av dei heilage og tilgjeving for syndene.
Denne vedkjenninga er eit vern mot falsk lære og må alltid få lov å korrigere vårt bilete av Gud. Kanskje er ein i teorien samd i vedkjenninga, men synes i praksis at det er nok med ein eller to personar i guddomen. Kvifor er det så viktig å ta på alvor det den tredje trusartikkelen seier om Anden?
Anden er livgjevaren i kyrkja
Vi trur på ei heilag allmenn kyrkje fordi Den heilage ande er mellom oss. Han er livgjevaren. Utan Anden ville det ikkje ha eksistert kristne. Ein kristen er fødd av vatn og Ande (Joh 3:5) og det fins ingen kristen som kan seie at «Jesus er Herren» utan at han er overtydd om det av Den heilage ande (1 Kor 12:3).
Vi ser aldri sjølve Anden; det vi ser er resultata av Hans gjerning – om lag slik vind, som er usynleg, etterlet seg bylgjer som vi kan sjå.
Kanskje vi ikkje først og fremst tenkjer på Anden når vi ser korleis vi sjøl kom til tru. Eg var døypt, kom til tru på at Jesus var min frelsar ved å høyre og lese Guds ord, får dagleg tilgjeving for syndene og tek imot nattverden.
Kvar var Den heilage ande i alt dette? Hadde eg opplevingar som kan kallast åndsdåp, eller kjende eg meg spesielt "fyllt" av Anden?
Kanskje ikkje, men likevel var alle desse elementa reiskap som Anden brukte til å kalle og opplyse meg, og leie meg frå verda inn i si kyrkje. Der passar han på meg som eit heilagt medlem, slik at eg held fast på Jesus Kristus i rett tru fram til den dagen han vekkjer opp alle daude og gir evig liv til dei trufaste i Kristus. Slik er han hjelparen og trøystaren. Den usynlege Anden har sine synlege reiskap.
Anden i kyrkja
Det er viktig å ikkje tape desse reiskapane av syne når folk i det vide og breie legg ut om sine erfaringar med Den heilage ande. Det treng ikkje vere Anden sjølv om det verkar åndeleg.
Bibelen har mange forteljingar om korleis Den heilage ande opptrer. Den første pinsedagen undrast folk på kva dei skulle gjere for å få Anden, som på så uvanleg vis hadde kome over dei 12 apostlane. Peter forklarte at også dei kunne få Anden, og det på svært enkelt vis:
Vend om og la dykk døype i Jesu Kristi namn, slik at syndene dykkar blir tilgjevne. Då skal de få Den heilage ande som gåve. Apg 2:38
Seinare blir det fortalt om ikkje-jødar som høyrde på ein lite sensasjonell tale av Peter:
Om [Jesus] vitnar alle profetane at kvar og ein som trur på han, får tilgjeving for syndene gjennom hans namn. Apg 10:43
Medan Peter endå tala, kom Den heilage ande over alle som høyrde denne bodskapen. Dei hadde ikkje ein gong bede om Anden – den kom heilt enkelt medan Peter forkynte ordet.
Paulus stiller eit ransakande spørsmål til dei kristne i Galatia – og til oss. Korleis er det eigentleg at vi får Anden?
Ved å halde lova eller ved å lytte og kome til tru? Gal 3:1-2
Vi skjønar av samanhengen at Paulus vil fram til eit ekstra alvorleg poeng: galatarane hadde kome til tru nettopp ved å få Jesus Kristus måla for augo som krossfest. Då Jesus sjølv opplevde korleis folk blei støytte av det han forkynte, slo han fast at kjøtet – det "fornuftige" kjøtet som blir støytt bort av ordet – ikkje duger til noko. Det er Anden som gir liv. Og det Jesus talar er Ande og liv (Joh 6:61-63).
Såleis kan vi seie at der det er folk som trur (bylgjer), der er òg Anden (vind). Og der ordet og sakramenta er, med Jesus Kristus for oss, der er Andens reiskap. Det er akkurat det vedkjenninga seier om kyrkja:
Kyrkja er samfunnet av dei heilage, der evangeliet blir rett forkynt og sakramenta forvalta på rett måte. (Confessio Augustana VII).
Anden gir liv til kyrkja (som er dei truande) og både føder og livnærer den med nådemidlane.
Anden ber frukt i kyrkja
"Lev dykkar liv i Anden" seier Paulus (Gal 5:16). Då blir det ikkje lenger aktuelt å gjere det som naturen trår etter og Andens frukt vil vekse fram.
Ettersom Andens oppgåve er å føre oss til Kristus, så kan livet i Anden ikkje vera noko anna enn det Jesus seier:
Den som er i meg og eg i han, han ber mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjere. Joh 15:5
I same talen gjer Jesus det tydeleg for læresveinane at dei må bli verande i hans ord og i hans kjærleik. Å leve i Anden og bli verande i Kristus – det er to sider av same sak. Heilt konkret medfører dette å bruke nådens hjelpemiddel. Der er det næring å finne, næring til dei fruktene som Anden får fram og som viser verda Guds herlegdom.
Anden bygg kyrkja
For at den kjempande kyrkja skal kunne utføre sitt oppdrag i verda må den ha Anden sine gåver i seg. Kyrkja er Kristi kropp, der kvar lem får gåver av Den heilage ande. "Hos kvar og ein openbarar Anden seg" skriv Paulus, men legg til "slik at det blir til nytte" (1 Kor 12:7) – for andre, for kroppen.
Kristi kropp treng sine lemmer og sine nådegåver. Gåvene skulle bygge opp kyrkja, men røyndomen er diverre ofte annleis. Når lemmer vanvyrder eller styrer unna Andens gåver tek heile kroppen skade. Når lemmer blæs seg opp med sine nådegåver kan andre lemmer bli misunnelege. Kroppen visnar bort i sjukdom.
Nokon kan tenkje at sann åndelegheit heng saman med einskilde spesielle gåver, noko som fører til at ein søkjer gåvene i staden for Anden. Nådegåvene blir huvudsaka i staden for Kristus og Kristi kropp. Det er til sorg for den Ande som herleggjer Kristus (Joh 16:14). Slikt må vi vende om frå, liksom vi må vende oss bort frå all anna synd.
Den Anden som overtyder om synd (16:8) slik at eg må vedgå at Han har rett, vil då igjen herleggjere Kristus for meg. Då vil eg på nytt be om tilgjeving for mine synder, og Han vil skape i meg tryggleik for at eg får det.
Ja, vi trur på Den heilage ande, ei heilag allmenn kyrkje, samfunnet av dei heilage, tilgjeving for syndene, at kroppen skal stå opp og at vi får evig liv.
Teksten er oversatt fra svensk av Kjell Magne Yri