Denne artikkelen er den første av tre som handler om valg av skole. For mange familier er temaet både utfordrende og kan få potensielt stor innvirkning på hverdagen. Vi håper artiklene vil bidra til å gi deg bedre innsikt i hva de ulike valgene vil bety i praksis. Du kan lese de andre artiklene i serien her.
Heilt frå ungane våre starta i barnehage då dei var ca. 1,5 år, har me vore bevisst på at me ville byggja relasjonar med barn og foreldre som ikkje er engasjert i kristent arbeid frå før. Me søkte ungane inn i ein barnehage med godt rykte som ligg i nærleiken av der me bur, og der dei fleste ungane kom til å starta på nærskulen. Ungane hadde det bra i offentleg barnehage, og det var heilt naturleg for oss at dei starta i offentleg skule. Det finst ein kristen friskule i nærleiken, men det var eigentleg aldri eit tema før skulestart at dei skulle gå der.
Det er naturleg for oss å ønskja å nå ut med den gode bodskapen om Jesus, og det gjer me best ved å byggja relasjonar, tenkjer me. Dersom ungane ikkje hadde funne seg til rette i offentleg skule, hadde me nok vurdert å søkja dei til ein kristen skule. Men så lenge dei har det bra, og så lenge dei er trygge i den kristne trua si blant ikkje-kristne venner, tenkjer me at det er det beste å ha dei i offentleg skule. Det krev av oss foreldre at me har fokus på trusopplæring i heimen, og at me har eit aktivt forhold til menigheten me går i, der ungane har gode, kristne venner.
Gjennom ungane sine vennskap på skulen har me foreldre også fått gode venner som ikkje var engasjert i kristent arbeid. Nokre av ungane har me fått invitera med i kor, søndagsskule og ungdomsarbeid, og nokre familiar har vore innom på gudstenester i forsamlinga der me går, gjerne i samband med at barnekoret skulle opptre. Det har blitt nokre fine samtalar om tru med både barn og foreldre, og me må tru at me har fått bety noko i liva til folk, sjølv om me skulle ønskja det hadde blitt meir synlege frukter. Nokre vennskap har vart i mange år, og andre har me ikkje så naturleg kontakt med lenger, fordi relasjonane mellom ungane endrar seg over tid. Det er berre Gud som veit kor mykje som har slått rot av det som er sådd. Det er ofte ein ekstra person rundt middagsbordet hos oss. Ungane sine venner er alltid velkomne. Det er svært verdifullt å ha måltidsfellesskap, syngja for maten og snakka om Gud og Jesus der det er naturleg i samtalen. Er det nokon på overnatting, er det naturleg å be kveldsbøn.
Me er også på tilbodssida når det gjeld å køyra, dersom ungane sine venner får lov å vera med på kristne aktivitetar. Eg er sjølv engasjert i barne- og ungdomsarbeid i misjonsforsamlinga der me går. Gjennom mange år har eg sett at dei kyrkje-framande me får inn i arbeidet vårt i all hovudsak blir invitert med av ein kristen venn som dei kjenner frå barnehage eller skule. Eg ser tydeleg kor avgjerande desse naturlege koplingane er for å nå ut med evangeliet. Eg jobbar som lærar i ein offentleg ungdomsskule, og underviser mellom anna i KRLE. Eg kan ikkje forkynna, men læreplanen seier at omlag 50 % av tida skal brukast til å undervisa om kristendom. Det er det mange lærarar som ikkje bryr seg om, men eg kan vera med å minna mine kollegaer om dette, og eg kan undervisa om det eg meiner er det mest sentrale for elevane å vita om kristendommen.I det siste har eg opplevd ei meir positiv interesse for kristen tru enn før i KRLE-timane. Dette stemmer med det som kjem fram i undersøkingar om tru blant ungdom. Eg trur ein del av elevane mine ville vore interessert, viss dei blei invitert med på eit kristent møte av ein kristen venn. Som lærar kan ikkje eg invitera. Men eg skulle verkeleg ønskja at det var eit par frimodige kristne i kvar klasse, som kunne invitera med vennene sine på kristne ungdomsmøte. Det er veldig få kristne på skulen der eg jobbar. Eg veit om kanskje ei handfull kristne ungdommar av fleire hundre elevar, og det er omtrent det same på skulen der ungane våre går.
Mange kristne ungdommar går på den kristne friskulen i nærleiken. Det er fleire store og gode kristne ungdomsarbeid i byen vår, men det er liten sjanse for at ein vanleg søkjande ungdom blir invitert med der, fordi det er så liten sjanse for at han eller ho kjenner ein frimodig kristen. Eg forstår dei foreldra som vel å ha ungane sine på kristne skular. Men som lærar og forelder i offentleg skule, skulle eg ønskja meg fleire kristne foreldre og lærarar å stå saman med. Det er klart det er mange utfordringar for kristne ungar i offentleg skule. Me møter ulike problemstillingar rundt undervisning om kjønn og seksualitet, og ungane kan komma i situasjonar der det er vanskeleg å stå opp for det dei trur på. Me foreldre må snakka ope med ungane våre om kva me trur på og kvifor me meiner dette er rett og godt. Og me kan bruka vår stemme i møte med rektorar og lærarar. Di fleire me er, di lettare er det å bli høyrt.
Ungane våre skal læra å leva liva sine som frimodige kristne i eit samfunn der me kristne er i mindretal. Det krev mykje av oss som foreldre å gje vidare ei trygg tru, men klarar me det, så vil me få ungdommar og vaksne i neste generasjon som står stødig og er «I verda, men ikkje av verda» (Joh 17:15-18).



