Kvardagsliv Er det meir andeleg å arbeida som prest enn som bilmekanikar?

Ca leselengde:
8 min

Tekst: Ingvald André Kårbø

Publisert:


Eg kjenner ikkje kvar og ein som les denne artikkelen. Kanskje arbeider du i eit kristent arbeid som forkynnar, prest eller kanskje til og med misjonær? Eller kanskje du er ein lærar, tømrar eller student? Eller så har livet ditt vorte slik at du ikkje har nokon arbeidsplass å gå til når morgonen gryr.

Det kan godt vera at du er ein person som ser rundt deg. Kanskje du ser den frimodige, ekstroverte og engasjerte kameraten eller venninna di som har gitt sitt liv til misjonsteneste. Men du, du sit igjen heime. Du har no aldri vore den som har vore flinkast til å snakka for deg, og du kjenner korleis sveitteringane veks med tanken på å stilla seg opp bak ein talarstol og ha ein andakt. Korleis kan eit slikt menneske som deg leva eit liv til ære for Gud, som du høyrer det er snakk om, når du ikkje er heilt den der «misjonærtypen»? Kva i alle dagar kan ditt kall vera?

Reformasjonen av kvardagslivet

Reformasjonen sin gjenoppdaging av Bibelens sanningar handla blant anna om ein ny forståing av kvardagslivet. Var det slik at nokon yrker eller tenester var meir andeleg enn andre? Og at det var slik at difor burde kristne utelukkande trakta etter desse? Nei! Med reformasjonen vart det ein atteroppdaging av at eitkvart menneske kunne få sjå at dei var sett til å tena sine medmennesker på sin plass, i sin kvardag. Tenesta i Guds rike var ikkje knytt til tittel, posisjon eller menneskeleg anerkjenning. Det ein gjorde, det gjorde ein for Guds ansikt.

Adgang forbudt

Det kan vera lett å tenkja at gjerningane egentlig ikkje har nokon sentral plass i luthersk teologi. Det handlar jo om at menneske vert frelst ved tru, ikkje ved gjerningar. Ja, dette stemmer. I reformasjonen var ein tindrandre klar på at gjerningane ikkje var noko som kunne gjeva fortjeneste hjå Gud. Frelsa kviler ikkje på gjerningar, det er berre ved tru at eit menneske vert frelst (Ef 2:8-9). Her har ikkje gjerningane noko plass. Det er adgang forbudt for dei. Her er det Jesus Kristus og det han er og gjev meg som eine og aleine har sin plass (Ef 1).

Men betyr det at det ikkje er noko å seia om ein kristen sine gjerningar? Jo, det er det absolutt. I Efeserbrevet går Paulus vidare frå å omtala frelsa ved tru åleine (Ef 2:8-9) til å skildra korleis den som er fødd på ny og har fått trua, no er Herrens verk, skapt i Kristus Jesus til gode gjerningar (2:10). Eit Guds barn har vorte fødd på ny for å gjera godt. Vidare fortel Paulus korleis ein skal få vandra i desse gjerningane som Gud på førehand har lagt ferdig. Men kvar foregår denne vandringa?

Roller

Alle menneske er sett inn i ulike relasjonar. Ingen av oss lever i total isolasjon. Me lever i relasjonar der me har ein rolle overfor våre medmenneske. For mine elevar er eg rektor. For mi kone er eg hennar ektemann. For min nabo, er eg ein nabo. For mi mor er eg son. For Tromsø kommune, der eg bur, er eg ein innbyggjar. Der me lever våre liv, har me ulike roller. Og det er i desse rollene me er kalt til å elska våre medmennesker. Nestekjærleiksbodet vert gjennom dette noko meir enn eit fjernt og svevande prinsipp. Det blir ikledd kjøtt. Kjøttet til dei medmenneska som du har rundt deg og du har ulike roller overfor.

Guds tenarar

I denne samanhengen kan det vera nyttig å merka seg korleis Paulus framstiller styresmaktene i Rom 13. Han omtalar i denne samanhengen styresmaktene som innsett av Gud (v.1). Vidare understreker han korleis styresmakta er Guds tenar, til det beste for den kristne (v.4). Utan å gå inn på ein grundig vurdering av kva dette lærer oss om ein kristen sitt forhold til styresmaktene, kan me merka oss to ting.

Kommunearbeidaren si gudsteneste

For det fyrste, ved å utføra sin rolle med å straffa det vonde og fremja det gode utførte styresmaktene sin rolle som Guds tenar. Slik var det då, og slik er det no i dag også. Den offentleg tilsette verkar som Guds tenar i sitt yrke ved å gjera det som er godt og rett, og ved å hindra og straffa urett. Dette handlar ikkje berre om offentleg sektor, men om eitkvart yrke og einkvar rolle eit menneske kan ha. For den kristne bodskapen er ikkje noko som er fjernt frå eller uaktuelt for dagleglivet. Tvert i mot er det slik at livsfellesskapet med Jesus, der den kristne dag etter dag får leva av den nåden som Jesus gjev, er eit liv som lyser opp det grå kvardagslivet. Kvardagslivet vert ikkje ein meiningslaus repetisjon av ulike gjeremål, men ei gudsteneste. Guds teneste. Det vert vår måte å tena Gud på, for den useielege nåden og godleiken han har vist og dagleg viser mot oss i Jesus. For å gjeva nokon konkrete eksempel, kan ein då tenkja at mora som trøyster sitt skrikande born kl 4 om natta, skal få sjå at ved å hjelpa bornet tener ho sin frelsar. Læraren som førebur seg og gjer sitt beste for å læra bort rettskrivingsreglar til sine elevar, skal få sjå at dette er ein del av hennar gudsteneste. Lastebilsjåførane som arbeider for å sørga for at varene kjem fram i god stand til rett tid, skal få sjå at dette er ein del av deira gudsteneste. Og pensjonisten eller den uføre, som ikkje er i stand til å arbeida, skal også få sjå at dei gjennom dei andre rollane dei har i sitt liv skal ha si gudsteneste. Om det er som ein nabo, som ein forsamlingsmedlem, romkamerat på sjukeheim eller ein besteforelder.

Ikkje-kristen-gudsteneste

For det andre, teksten i Rom 13 viser oss ei sanning som lett kan verta gløymd eller oversett. Når Paulus skriv dette, skriv han det til forsamlinga i Roma for over 1900 år sidan. Som de sikkert forstår, var ikkje ordføraren i Roma ein KrF-representant. Han, saman med resten av establissementet i byen, var sannsynlegvis alt anna enn kristne. Men likevel - dei er Guds tenarar som er innsett for å fremja Guds gode vilje. Dette er ikkje berre aktuelt for styresmaktene, men for alle dei ulike rollene som mine medmenneske har overfor meg. Anten dei likar det eller ikkje, er det slik at gjennom å gjera det gode tener menneske i desse rollene Gud. Sjølv den mest ihuga og militante ateisten kan Gud bruka for å fremja sin godleik. For meg er dette ein djuptpløyande sanning som får meg til å måtte stoppa opp og tenkja meir over Guds uforståelege omsorg for oss.

Nakkekoteletten

La meg ta eit eksempel. Når eg sit meg ned for å eta middagsmat, er det ein butikktilsett som har ekspedert meg, så eg har fått kjøpt maten. Det er ein butikksjef som har bestilt inn varene og sørga for at den var i hyllene. Det er ein kjøttprodusent som har tatt seg av slakt, innpakking og konservering. Og det er ein bonde som har avla opp grisen, gjeve han mat, og til slutt sendt den frå seg. For meg er det ein nakkekotelett som ligg på ein tallerken. Og eg veit at eg så lett kan verta prega av eit rasjonelt tankesett som ser på dette som noko sjølvsagt, som eg har ordna opp i ved at eg har arbeidd og tent pengar til å kjøpa maten. Men det er til sjuande og sist ikkje meg sjølv eg har å takka for alt godt. Det er Gud. Hans er jorda og alt som fyller henne. Og når eg får eta, skal Han få ære for at Han ser til meg på denne måten, gjennom rollen til bonden, kjøttprodusenten og butikksjefen. Og om han ser til meg på denne måten, kor mykje større er det ikkje at han faktisk har sørga for meg og alt eg treng for mi frelse (Ef 1:3)!

Nestekjærleiken ikledd kjøtt

Heilt til slutt. Eg skreiv tidlegare at i våre roller vert nestekjærleiksbodet ikledd kjøtt. Tankane går då til Ordet som vart ikledd kjøtt, og tok bustad mellom oss (Joh 1:1-14). Den inkarnerte Jesus viste gjennom sitt liv og sin død korleis Guds vilje var at han skulle elska menneska. Hans kjærleik er retta mot deg og mot meg, og det var den som førte han til krossen. Han som har sona våre og apostlane sine synder, fortalde i forkant av sin død domslikninga til læresveinane (Matt 25:31-46). Mellom anna, fortel Jesus i desse versa om korleis det dei rettferdige hadde gjort mot Jesu sysken, det hadde dei gjort mot han. Også denne teksten understreker dermed ein nær samanheng mellom Jesus og den kristne. Han som vart ikledd kjøt, er også han som refererer til korleis den rettferdige er kalla til å gjera godt mot sine sysken i trua. Ei sann gudsteneste vert ikkje utelukkande kjenneteikna ved om du møter opp og syng med på songane søndag kl 11. Den sanne gudstenesta vert knytt til mandag kl 08.00, onsdag kl.13.30, fredag kl 22.25 - når du i dine roller ser dine medmenneske og deira behov. Han som elskar deg og har gjort alt for deg, vil at du i desse møtene skal få leva eit liv i teneste til han som har gjeve deg alt.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
8 min
Ressurstype

  Livet

Skrifthenvisning

  Romerbrevet  13: 1-6

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ingvald André Kårbø.
  Ingvald André Kårbø kommer fra Øygarden utenfor Bergen. Han jobber som lærer på Fjellheim Bibelskole i Tromsø.
  Flere ressurser av Ingvald André Kårbø
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.