Livet er ei gudsteneste – for alle

Tenk nå på korleis mannens fornuft, den listige skjøkja, ser på ekteskapet. Ho set nasa i sky og seier ‘Uff, eg må vogge barnet, vaske bleier, reie opp seng til det, puste inn stanken, ligge vaken om natta for å trøyste når babyen remjar; dessutan må eg ta vare på kjerringa, syrgje for henne, passe jobben… Nei, ekteskapet er berre beiskt og slitsamt. Kvifor skal eg gjere meg til slave under det? … Då er det betre å leve i fred og utan krav; det er prest eg må bli …’



Kva har kristenlæra å seie om dette? Den seier ‘Gud, eg erkjenner framfor deg at eg er uverdig til å vogge barnet, vaske bleiene og ha ansvaret for barnet og mora. Korleis kan eg som ikkje fortener noko som helst, ha fått den store ære å vere tenar etter din vilje for desse to dyrebare skapningane dine? Eg ville ha tatt på meg oppgåva sjølv om ho så var aldri så mykje meir uvesentleg eller forakteleg. Ingen ting skal få meg til å ta lett på det, verken kulde eller hete, plager eller jobb, for eg er viss på at dette er arbeid som du verkeleg set pris på…’ Når ein far vaskar bleier eller gjer andre keisame oppgåver til beste for barnet sitt, då smiler Gud. Ikkje fordi far vaskar bleier, men fordi han gjer det ut frå si kristentru.
(Martin Luther, “Om ekteskapet”)

Når Luther utviklar si lære om kallet, kjem ofte polemikken mot klosterliv og presteteneste fram. I samtida blei desse rekna som dei viktigaste tenestene for Gud. Men hans banebrytande tankegang er at kvar einskild gjer ei gudsteneste innanfor råma av sitt liv og sitt levebrød.

Sitatet over er henta frå boka «Om ekteskapet». Der framstiller Luther på karakteristisk vis ekteskapet som ei gudsteneste. Ikkje berre teneste for Gud, men også gjennom menneske. I ein kommentar til Salme 147:14 skriv han:

«Kva er vårt arbeid for Gud – det vere seg på åkeren, i hagen, i byen, i huset, i krig eller i regjering – anna enn nettopp Guds hjelpemidlar som han brukar til å gi oss sine gåver på åkeren, i huset osv.? Dette er Guds masker som han gøymer seg attom når han gjennomfører sitt verk… Vi har eit uttrykk ‘Gud gir alt som godt er, men ikkje ved å svinge ein stav.’ Gud gir alt godt, men du må rette fram hendene dine og ta tyren ved horna – det tyder at du må arbeide og slik gi Gud eit høve til å virke, gi han ei god maske.» (Luther’s Works 14:114-5).

Å sjå på gudsteneste på denne måten er ei viktig reformatorisk innsikt som ennå, 500 år seinare, har relevans, nå når trua blir privatisert og individualisert på så mange vis (noko som Luther sjølv paradoksalt nok ofte blir skulda for!).

Vårt daglege brød

Når Luther forklårar den fjerde bøna i katekisma, skriv han at også vonde menneske tek imot det daglege brød frå Gud. Dei truande ser at brødet ikkje berre er resultatet av eige og andres arbeid, men også ei gåve frå Gud.

Når vi ber Gud om mat, som vi dessutan har i overflod (i alle fall i landet vårt i dag), minner vi oss sjølve om at maten er ei gåve, og er takksame til Gud som er gjevaren. Den trua vil vi ha bruk for ein vakker dag når vi ikkje lenger kan ta for gitt at vi har mat.

Livet står og fell ikkje med maten, men med Gud, som gir den. Jesus oppmodar læresveinane til å sjå på fuglane under himmelen; Gud gir dei mat sjølv om dei verken sår eller haustar, og slett ikkje er urolege over såtid og haust. Det er vel verd å tenkje over konklusjonen: «Er ikkje de mykje meir verd enn dei?»

At Gud gir brød er ikkje i vegen for at det og er resultat av arbeidet til bonden, møllaren, bakaren og grossisten. Luther forstår at «det daglege brød» er alle desse tannhjula som kvart på sin måte er deler av livet, som «gode tenestefolk, gode politiske leiarar, gode vener, trufaste grannar og meir slikt». Dei er alle Guds medarbeidarar i skaparverket, som blir vidareført når folk får hjelp til å halde livet i gang; dei skapar noko saman med Gud sjølv om dei ikkje ser det.

Også ateisten tener Gud og er svar på bøna «Gi oss i dag vårt daglege brød.» Vi ser arbeidaren som kanskje gjer jobben sin surmulande, men bak maska sit Gud som vil alle vel og gir dagleg brød både til vonde menneske og gjennom vonde menneske.

Det liknar på salmistens tankegang:

Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen til fånyttes. Fåfengt står de tidleg opp, fåfengt går de seint til bords og et det brødet de har slite for. Det same gir han sine vener medan dei søv. Salme 127:2

Guds vener kjenner Gud nettopp som ven, og veit at hans omsorg gjeld også når ein ikkje kan arbeide lenger. Alt det gode vi får gjennom andre – politiets vern, lærarens undervisning, kirurgens inngrep, forskarens oppdagingar i mikrobiologi, fabrikkens tilbod om ein ny og sikrare bil – er gåver frå Gud, dagleg brød. Når det går opp for oss, blir det lettare å sjå at også vårt eige liv er ei gåve til andre.

Når vi kanskje utan å tenkje på det er «gode vener og trufaste grannar», er vi dagleg brød for dei som tek imot det. Andre kan få auge på Guds «maske» gjennom oss.

Vi er skapte til å vere dagleg brød for kvarandre. Luthers hustavle i katekisma er ei samling bibelord som gir rettleiing til folk med ulike kall og yrker. Det er verd å legge merke til at avslutninga likevel ikkje er eit bibelord, men ei setning som samanfattar heile hans lære om kallet: «Når kvar og ein sitt yrke skjøter, går det vel same kva vi møter.»

Medskapar

Det ligg i Guds plan for skaparverket at menneska, som blei skapte i Guds bilete, skulle delta i å skape vidare. Gud la så å seie eit råmateriale i menneskas hender for at vi skulle foredle og forvalte det til velsigning for alt det skapte, alt ut frå våre gåver og evner.

Ein musikar brukar lyden som råmateriale og får fram meining og harmoni til glede for andre. Bachs musikk, fullkomen som den er, bygde vidare på hundreår med kultivering av råmaterialet lyd. På kreativ og musikalsk vis hadde mange vore med og maksimert og raffinert lydbylgjene som Gud har skapt. Til glede for Gud. Vakker musikk er eit potensiale som Gud hadde lagt ned, og som blei og blir fullenda ved våre henders gjerning. Bach skjøna dette og tileigna sine verk til Gud med orda «Soli Deo Gloria». Han visste at han hadde uvanlege gåver, og han visste kvar dei kom ifrå. Då Bach var nær døden skal han ha sagt at ingen måtte syrgje over han som stor musikar. «For eg går dit musikken blei fødd.»

Alle former for ærleg arbeid inneber å handsame med respekt det Gud har skapt og gitt, kultivere det, gjere noko godt med det og slik vere ein del av at Gud held oppe skaparverket sitt.

Vårt jordiske kall er Guds arbeid for andre, for oss, for skaparverket. Og grunnen til at det var nettopp vi menneske som skulle gjere det, er at det er vi som er skapte i hans bilete. Det er vi som har fått gåver, kreativitet, klokskap, mod og innsikt, slik at vi kunne vere medskaparar og fullføre oppdraget som var å råde over alt det skapte. Slik uttrykkjer profeten Jesaja Guds tanke:

Når bonden pløyer og skal så, held han då støtt på med å pløye og snu og horve jorda si? Nei, når han har jamna åkeren, spreier han dill og strør ut karve, sår kveite, durra, bygg og hirse, og spelt langsmed åkerreina. Hans Gud har synt han den rette måten og lært han korleis det skal gjerast. Ingen treskjer dill med slede eller rullar vognhjul over karve. Nei, dill vert banka ut med stav og karve med ein kjepp. Vert brødkornet knust? Nei, ein treskjer det ikkje for lenge. Ein køyrer over det med hestar og vogner, men lèt ikkje hjula knuse kornet. Dette òg kjem frå Herren, Allhærs Gud. Underfulle er hans råd, stor er hans visdom. Jes 28:24-9

Gud ville at åkerbruket skulle gi god avling, men i staden for å gjere det sjølv set han menneska i sving. Dei skal ta seg av jorddyrkinga med sine kloke og kreative hender – vere medskaparar i teneste for Gud og til Guds ære.

Når Luther i forklåringa til den første artikkelen skildrar kor finurleg vi er skapte, held han fram med å skrive at vi derfor er skuldige til å takke, love, lyde og tene Gud. Vi er medskaparar i guds «næringskjede», der vi sjølve blir objekt for Guds omsorg gjennom andre lange næringskjeder. Vi skal berre seie som dei «unyttige tenarane» i ei av Jesu likningar: «Vi har berre gjort det vi var skuldige til å gjere.» (Luk 17:10).

Synden är med i allt och ger åt allt det sköna en främmande gestalt (Sv.Ps. 322:4)

Frå skapinga av var det meininga at vi skulle tene kvarandre til gjensidig glede. I staden har syndefallet gjort oss til fråfalne frå Gud og innkrøkte i oss sjølve. Ja, nettopp derfor krøkte vi oss inn i oss sjølve: Vi vende oss bort frå Gud. Vi tek ikkje imot alt godt frå Gud i tru, men søkjer rastlaust vårt eige, heile tida på jakt etter det som er til fordel og framgang for oss.

Du er sjefen over livet ditt og smeden for di eiga lukke. Av instinkt ser vi på medmenneske som middel til å nå eigne mål, sjølv når vi gjer noko «godt» for dei. Arbeid blir redusert til noko eg gjer for å livberge meg sjølv.

Rett nok er Guds vedlikehaldsgjerning sterkare enn vår egoisme, ettersom arbeid med egoistiske motiv og kan bli til velsigning for andre, men det er likevel menneskas ulukke at vi alltid kortsiktig må jakte på vårt eige beste.

Det som var gitt ved skapinga, at Gud har omsorg for oss og at vi, som Guds medarbeidarar skulle søkje kvarandres beste, skulle garantere for at alle hadde det bra. Men synda gjorde kvar og ein av oss til sin eigen gud, som tok på seg den tunge oppgåva å ha full kontroll på «det som er best», vi som alle andre. I staden for gudsteneste blei det til slaveri under vårt ego.

Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tene og gi livet sitt til løysepeng for mange (Mark 10:45)

Herren er vår eigenlege arbeidsgjevar; det var først og fremst han vi skulla tene og ikkje menneske (sjå Ef 6:7).

Trass i at han med god grunn kan straffe oss, som også ein jordisk arbeidsgjevar kan, for slikt som ulydnad, slendrian, tjuveri og dårleg styring, syner det seg at han er den beste arbeidsgjevaren ein kan drøyme om i denne verda. Det er rett og slett ein stor fordel og ein nåde å få vere i teneste hos han.

Han søkte det beste for sine underordna i alle saker, sjølv då dei var hans fiendar (sjå Rom 5:8ff). Han er trass alt Herre og kan ikkje nedlate seg til «vårt nivå», likevel vakna hans medynk då han såg kva slag naud vi hadde hamna i som slavar innkrøkte i oss sjølve, medan vi sleit både på det indre og det ytre plan.

Han gjorde jorda vår til ein arbeidsplass, ikkje eit palass der han skulle tenast, men ein stad der han skulle tene andre og gi sitt liv til løysepeng.

Han gjekk friviljug inn i våre kall og blei vårt daglege brød, vår gode granne, vår trufaste ven – og meir slikt.

Han er Gud med oss som kom for å ta plass i våre gudlause liv og løyse oss frå det egoistiske livet der vi berre søkjer vårt eige, men samtidig står i skuld til over øyrene.

Han møtte forakt, baktaling, urett, misunning og anna som gjer det tungt å arbeide.

Til slutt blei han avretta på eit kors, endå han var uskuldig. Men han hadde gjort valet å vere tenar, vår tenar, så heller ikkje han kunne anna enn å seie: «Eg har berre gjort det eg var skuldig til.» Og han avslutta ikkje arbeidet før han hadde ropt: «Det er fullført!»

Sakarias lovar Gud for frelsa som og inneber å få tene Gud «utan otte, med heilag hug og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.» (Luk 1:74). Alle våre dagar. Utan redsle, som om Guds herlegdom og rettferd låg som eit varmande (ikkje fortærande) teppe over oss frostige syndarar kvar dag – for å gi oss kvile midt i dei mange kall og oppgåver vi har i livet.

Kristus gir ikkje berre tilgjeving for syndene, men også fridom frå tvangen det er å vere innkrøkte i oss sjølve. Vi treng ikkje lenger vere sjefen i livet vårt, men får lov å kvile og legge livet i Guds hender.

Men tenesta for Gud medfører ikkje at eg treng få kompensasjon attende med det same. Eg gir ikkje for å få, men når eg gir, så får eg noko likevel. Om ikkje frå menneske, så frå Gud, som i Kristus har gitt oss alle ting.

«De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer» skriv Paulus. Han ville oppmuntre slavar som tente Gud utan å få jordisk løn. (Ef 6:8). Ein som får sansen for at Gud er den eigenlege arbeidsgjevaren, finn meining i det mest keisame kall og yrke. Eit liv i hans teneste er den verkelege karrieren, å få vere til glede for han er den høgaste løna.

Kom kviledagen i hug

Dette er eit bod frå – ja nettopp, arbeidsgjevaren! Vi treng kvile for å kunne arbeide. Utan redsle. Det handlar om å sjå at livet er i Guds hender og i teneste for Gud, med tru på at vi har Kristi tilrekna herlegdom og rettferd alle våre dagar. Gud må få tene oss for at vi skal kunne tene – med glede.

I vår tid får vi tilbod om kviledagar som aldri før. Og aldri har vi vore så stressa og utbrende som nå. Løysinga er ikkje meir kvile, men meir av… Jesus, han som er herre over sabbaten, kviledagen.

Vegen dit er å ta vare på den nåden som dei fleste får tilbod om nettopp på den heilage dagen. Det er ikkje råd å overgå Luthers forklåring til kviledagsbodet:

«Kom kviledagen i hug, så du held han heilag. Kva tyder det? Vi skal ottast og elske Gud så vi ikkje vanvørder forkynninga, Guds ord, men held det for heilagt, gjerne høyrer og lærer det.»

På kviledagen er Herren tenaren vår som stig ned og vaskar oss på føtene. Han kviler ikkje før han gjort arbeidet ferdig, før Kristi kropp, som ein gong blei nagla til korset, blir delt ut til oss i nattverdbrødet. Han kviler ikkje før Kristi blod, som blei utrent for at våre synder skulle kunne tilgjevast, blir oss tilbode gjennom nattverdvinen. Når gudstenesta er over – når Herren har gitt oss sine tenester – kan vi gå i fred «og tene Herren med glede».

Ny skapning

Det å tene Herren med glede er eit kjenneteikn på Luthers lære om kallet. Derimot er «Luther på skuldrane», det plikttyngde vonde samvitet, ein karrikatur som vitnar om at ein ikkje har oppdaga gledene som fylgjer med trua.

Når Luther skal forklåre skilnaden mellom den tenesta for Gud som alle menneske gjer i samsvar med skaparordninga (rett nok forvrengd gjennom synda), og den tenesta som ein kristen gjer, brukar han gjætarane i juleevangeliet. Det står at hyrdingane vende tilbake frå barnet i krubba til si gjætargjerning, til kallet Gud hadde gitt dei, fylte av glede. Dei lova og prisa Gud medan dei vende attende til si sure livsgjerning i øydemarka, der det sikkert ikkje var uvanleg at kollegaer kunne miste livet (vi minnest at David berga sauer ut av kjeften på villdyr; (sjå 1 Sam 17:34ff).

Gleda var, som vi kan skjøne, ikkje berre ein følelse. Det ville kome fleire harde og farefylte netter, det ville kome dagar med daude og sorg. Ein kan seie at glede er ein tilstand. Messias er fødd. Seinare korsfesta, død og gravlagd, men også oppstått – og nå regjerer han i all æve. Som ein konsekvens kan nå heile skapningen vente på si utløysing. (Rom 8:20ff). Ein ny skapning som gjer tenesta i Guds skaparverk til ei glede.

Gjætarane vende tilbake til gudstenesta si styrkte av den kvila som møtet med Jesus gir, han som er ja og amen til alle lovnadane frå Gud (2 Kor 1:20). Det må vere meiningsfullt å vie seg til å passe sauer når dei som kjøper deira lammesteik, ost og saueskinn blir kalla «menneske som Gud har hugnad i» av englane.

Om dei hadde vanskelege grannar i Betlehem, kunne dei sikkert sjå på dei med nye augo når dei tenkte på at den levande Gud i stor kjærleik var blitt… deira nabo og frelsar.

Dei kunne betale skatt og vere lydige mot styresmaktene som truleg på mange måtar var korrupte, men som forsynte dei, «menneske som Gud har hugnad i», med fred, rettsvesen, vegar og «meir slikt».

Dei kunne halde fram med å jage sauene sine til nye grøne beitemarker og gå frå svartgnagne grasmarker før dei blei til ørken – av respekt for både menneske og dyr.

Dei gjætarane som hadde familie tok seg av store og små som om dei hadde «Guds hugnad» i sine hender.

Kanskje sende dei sine beste sauer til tempelet i Jerusalem, som uttrykk for at alt vi er og har er gåver frå Gud. Enka som la alt ho hadde å leve av i tempelkista blei rosa av Jesus for si sterke tru. Ho levde ikkje av pengar, men av Guds omsorg.

Ikkje underleg at hyrdingane var glade då dei vende attende frå stallen. Dei hadde sett Guds omsorg som ein liten kropp! I spontan glede fortalde dei andre kva dei hadde vore med på. Dei hadde sett at den nye skapningen hadde kome, midt i den gamle døyande skapningen.

Gjætarane blei verande i sitt kall; deira arbeid var ikkje til unyttes. (1 Kor 15:58). Når dei ved slutten av livet døydde mens dei utøvde sitt yrke, gjekk dei berre over til kvila der dei ventar på oppstoda, då kropp og menneskeliv skal slå ut i full bløming, som når ein sommarfugl kjem ut av si puppe. Då får dei sjå den fulle frukta av si meiningsfylte teneste her på jorda.

Nettopp oppstoda av lekamen – eller forvandlinga for dei som lever når Jesus kjem att – vitnar om at det som er rett og godt i menneskeleg kunnskap, innsikt og erfaring, også er å finne i det komande tilværet.

Om den skapargjerninga som held fram gjennom menneskehender kan Gud seie at den «står seg». Vi kan ane at så er tilfelle berre når våre henders gjerning har vore i samsvar med Herrens vilje, når elden på domedag har prøvd korleis kvar manns verk er. (1 Kor 3:312ff). I det nest siste kapittelet i Bibelen, som handlar om det nye Jerusalem som kjem ned frå himmelen til jorda, står det at «alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føre inn dit». (Op 21:26ff).

Vi får lov å fantasere om korleis Bach får tre inn i herlegdomen med musikken sin – til glede for dei mange som kjenner den igjen og gler seg over hans bidrag til herlegdomen. Gud veit kva som er den nye skapningen verdig. Nettopp fordi dauden ikkje er eit meiningslaust «tilbake til null» men «larvas overgang til sommarfuglens fridom», så er ikkje noko arbeid i Herren til fånyttes.

Alle gjer gudsteneste heile livet, sjølv om dei ikkje ser det. Med tanke på kor lite vi merkar av Guds nærvær og godleik i livet og kor låge tankar vi har om dei oppgåvene Gud har gitt oss, så anar vi denne syndenauda: Vi er blinde og treng ein reformasjon. Den skal bestå i at Guds Ande opplyser oss gjennom skriftordet:

Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Jes 43:19

Teksten er først publisert i “Hälsning från Församlingsfakulteten”, nr 3 2017, og oversatt fra svensk av Kjell Magne Yri.

Likte du artikkelen?

Relaterte innlegg

annonse

logo

Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet. (2 Kor 5,21)

Vipps: 70979

Kontonummer: 1503 82 08168

Organisasjonsnummer: 917 742 065

Epost: post@foross.no

Nettstedet er utviklet av Marius Sørenes. Logo og grafisk profil er utformet av Creo-x AS.