Det er tid for bøn. Tidebøn. Men kvifor, og korleis?
«Be uavlateleg!» skriv Paulus til tessalonikarane (1. Tess. 5, 17). Uavlateleg. Det er eit gamalt ord. Det betyr i grunn det same som å be utan stopp. Be evig. Be alltid. Det er litt av ei oppmoding Paulus gir til kyrkjelyden. Men korleis kan det skje? Eit svar på denne oppmodinga frå Paulus kan vera nettopp tidebøn. Og slik sett har me hjå han eit svar på kvifor tidebøn kan vera ei god hjelp for eit kristent menneske.
Eit anna svar på kvifor tidebøn, det ligg i Jesus og læresveinane sitt eige bøneliv. Me gjer vel i å følgja deira eksempel. Me kan lesa noko om dette i Apostelgjerningane 3, 1: «Peter og Johannes gjekk ein dag opp til tempelet, til ettermiddagsbøna ved den niande timen.» Sjølv praktiserte dei, som jødar, tidebøn. Altså bøn til faste tider – etter fast mønster. Dei gjorde det ved bruk av Bibelens eiga bøne- og songbok: Salmane.
For tidebøn, slik tidebøn historisk sett er kjent, består for det meste av Bibelens eigne ord, særleg då nettopp frå Salmane. Slik bed ein med Guds ord. Ein får leggja sitt eige liv inn i vel prøvde tekstar og bøner, som menneske før oss har funne trøyst og oppmuntring i. Ein slepp å finne opp krutet på nytt, så å seie. Slik sett ligg det noko evangelisk i tidebøna. Ein kan få gå inn og ausa av kjelder som alt ligg der – gitt til oss. For der, i Salmane, så finner me ein stor rikdom av bøner – til alle tider. Den tyske presten og martyren, Dietrich Bonhoeffer, seier det slik ein stad, at «... jo djupare me veks inn i Salmane og jo oftare me bed dei som våre eigne, dess enklare og rikare vil bøna vår bli».
Eg trur Bonhoeffer har rett, og mange med han kan skriva under på dette. Og Bonhoeffer har meir å seia til dette: «Salmane fylte livet til den tidlege kristendomen. Men enno viktigare enn alt det er det at Jesus døydde på krossen med ord frå Salmane på leppene sine.» Ei sak er at me står i ein kontinuitet med den kyrkja som har gått føre oss. Men enno større er det at Jesus sjølv heldt seg nær til Salmane og brukte dei i sitt eige liv – ja, heilt til han døydde på krossen for vår skuld. «Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.» les me i Lukas 23, 46 - kor Jesus ropar med ord frå salme 31, 6.
Ein annan som brukte Salmane i sitt bøneliv, det var Martin Luther. I sitt vesle skriv til barbermeisteren Peter skriv Luther: «Når jeg føler jeg har blitt kald og ikke er i humør til å be på grunn av andre gjøremål eller tanker (for kjøttet og djevelen gjør motstand og hindrer bønnen på alle måter), tar jeg psalteret mitt og skynder meg inn i lønnkammeret.»
Luther tek altså med seg psaltaret sitt, det er ei bok med Salmane. Der finn han altså eit våpen mot kjøtet og djevelen som vil hindra bøna. Eigne ord kan av og til vera vanskelege, men orda frå Bibelen står faste – dei er alltid tilgjengelege.
Det ligg ein hjelp i det å be tidebøn, i å be Salmane, som kan vera god når eigne ord ikkje strekk til. Eg trur det kan forklara noko av grunnen til at det på sett og vis har vore ei gjenoppdaging av tidebøn i ulike kristne samanhengar dei siste åra, også i samanhengar som tradisjonelt har sett på tidebøn som noko stivt, «katolsk» og utan Anden. Men Guds ord er aldri utan Anden, det er levande og virkekraftig jf. Hebrearbrevet 4, 12.
«Våk og be», fortel Bibelen oss fleire stader. Ei hjelp til dette er nettopp tidebøna. Ei bøn som held fokuset på Guds ord – og som hjelper oss til å be regelmessig, ja, nærast uavlateleg som Paulus oppmodar til.
Så var det dette praktiske: Korleis be tidebøn? Det er i grunn ganske enkelt. Det enklaste vil vera å finna fram Bibelen din og for eksempel bruka Salmane og Klagesongane til å be, høgt eller stille. Det finst salmar til alle tider, og til alle situasjonar. Kanskje kan du lesa ein salme om dagen, saman med anna bibellesing. Eller finna salmar som kan passa til det du treng. Og så kan me få legga det over i Guds hand. Som salme 31 fortel oss, i vers 16: «Mine tider er i di hand...»Det er ei god overskrift for tidebøna.
Tidebøn handlar om å setje av tid til bøn. I klosterrørsla har tidebøn vore livet, så å seie, for munkar og nonner. Og dei samlast fleire gonger om dagen i klosterkyrkja for å be tidebøn. Den moderne nordmann har ikkje det privilegium. Tidsklemme og så vidare. Men det å setje av nokre minutt på morgonen, og/eller om kvelden, alt etter kva som passar best – det kan dei fleste av oss. Der kan tidebøna ha sin gode plass. For at ein enkelt kan gå inn i noko som ligg fast og som er med på å skape ei god ramme om dagen. Ikkje som ein tvang, men som ein hjelp til bønelivet.
For å gjera det enklare for folk å bruka tidebøn, så finst det fleire tidebønsbøker ein kan få kjøpt seg. Til og med appar! Anten til eige bruk – eller til bruk i fellesskap. Det kan vera freistande å nemna ei bok eg sjølv har bidrege til: Tidebøn, gitt ut i desember 2023. Det er ei enkel bok med fire tidebøner for kvar dag i veka. Den finst på både bokmål (utgitt i 2020) og nynorsk, og det finst au ei større bok på bokmål som har med seg tidebøner for kyrkjeåret (utgitt i 2017). Dette er berre eitt eksempel, det finst fleire gode bøker der ute. Ta gjerne turen til din kristne bokhandel, om du er så heldig å ha ein slik i nærleiken, og spør etter ei tidebønsbok. Men ein kan au berre bruka sin eigen bibel, og der slå opp i Salmane.
Martin Luther, han seier ein stad, at i Salmane får me sjå inn i hjartet til dei heilage. Og i Salmane kan me få legga vårt eige hjarte. Som ei bøn til Gud, som ein takk til Gud, som ein lovsong til Gud, som ein klagesong til Gud, som eit håp til Gud og så vidare. Gå inn i Salmane. Bruk denne skattekista som me har fått frå dei heilage som har gått føre oss på trua og livets veg.
Til slutt tek me turen tilbake til Dietrich Bonhoeffer, den tyske martyrpresten: «... jo djupare me veks inn i Salmane og jo oftare me bed dei som våre eigne, dess enklare og rikare vil bøna vår bli». Det finst ein rikdom i Guds ord som au kan og vil hjelpa oss i vårt bøneliv. Tidebøna vil gjerne vera ei slik hjelp. Bruk den som nettopp ei hjelp og ikkje som tvang, og som skulelaget hadde på bønekorta sine då eg gjekk på vidaregåande: B og C kva som skjer!
* Fra s. 10 i Martin Luther: «En enkel måte å be på», For Oss/EB Media. Kan kjøpes her.