Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei grådige ulvar. Matt 7:15
Ikkje alle som stig fram og seier seg å vera sende av Gud, er sende av han. Ikkje alt som ber kristennamn, er bore av Kristi Ånd. Frå forste gong ein sann Guds mann steig fram i verda, har falske ånder og falske profetar stige i hans fotefar, folk som av falske grunnar og med satans kunstgrep har søkt å gjera det trongt for sanne kristne og for Guds namn.
Ikkje minst den tid me no lever i, eig jordbotn for alt kristeleg uekte. Under krigen vart folk svært flinke til å laga surrogat for alt slag, det vil seia etterlikningar av den ekte varen. Såleis synest også falsk kristendom meir enn før å få makt til å gjera det trongt for dei få og små som dyrkar Gud i sanning. Or den religiøse jordbotn i notida gror det fram ei yrande mengd av falske profetar og av falske lærdomar. Om ein hadde tid og høve til å syna fram berre ein liten del av all denne uekte kristendommen, ville mange tru at det meste var eventyr, medan andre ville bli såre om hjarta ved tanken på kor lett me menneske har for å fara vill.
Men me vil ikkje gå ut i dette store religiøse kaos. Me vil halda oss til det som kjem oss sjølv nærast og prøva om me kunne få auga på sume av dei falske profetane som særleg held til mellom oss.
Det merkelege, som ein sann kristen alltid må prøva å hugsa på, er at dei falske profetane held seg til Bibelen. Sjølv dei som vil riva han sund, så han – som dei seier – skal bli reinsa for alt uekte, sjølv dei byggjer lærdommane sine på Bibelen.
Der ligg det dårande og forførandle.
Når dei då stig fram med si nye og falske lære, så er det — seier dei — fordi nettopp dei har funne sanninga og forstår ordet rett.
I all denne røra, i all denne strid mellom motsette meiningar vert det almenne folk, som gjerne vil finna sanninga, så trøytte og sundrivne at mange veit korkje ut eller inn. Frå alle kantar lyder det: Kom, for her er Kristus! Her er den rette mann og den rette tru! Her er det heile og fulle Evangelium, her er Jesu Kristi sanne flokk, her er framtida for Guds folk! Dei som vil finna sanninga må koma her !
Og mange trur alt det dei høyrer og spring hit og dit, lokka av falske profetar.
Om folk berre var så vakne at dei såg etter i Guds ord, ville dei få vita klårt og greitt at Gud har aldri bede oss om å springa hit og dit for å finna Kristus. Heller ikkje har han sagt at me skal ta imot alt som gir seg ut for å vera frå Gud, – han har tvert om bede oss å prøva åndene.
Mange kristne er så redde for å gjera Guds Ånd sorg at dei mest aldri tør tvila på ein mann som brukar kristelege ord og vendingar i talen sin. Dei tør snautt hysa ein kritisk tanke i hjarta. Men den slags blaut kristendom, er til inga æra for Gud, og heller ikkje til signing for for oss sjølve eller andre. Me har fått Guds Ord og Ånd og kristeleg skjøn for at me skal bruka dei, så me ikkje skal verta forførde av falske profetar. Me skal øva oss opp til å skilja mellom vondt og godt, mellom sant og falskt, me skal prøva åndene om dei er av Gud.
Men korleis skal me då kunna skilja dei sanne og falske profetane frå kvarandre?
Spørsmålet er ikkje alltid så vanskeleg som det ser ut til. Berre me ikkje gjer det vrangare enn det er, vil me snart finna mange falske profetar.
Men lat oss for det første hugsa at her må me ikkje blanda inn striden mellom dei kristne om kyrkjesamfunn, om arbeidsmåtar, kyrkjeskikkar og organisasjonar; det har lite eller inkje å gjera med sanne og falske profetar. Her må me halda oss til sjølve kristendommen, slik som han er i Guds Ord.
Det som me då først og sist må akta på, når me vil vita om det er ein sann eller falsk profet me har føre oss, er om han forkynner Kristus. Det vil seia: den Kristus som Bibelen syner oss og gir oss. Alle religiøse talarar mellom oss har ein Kristus som dei forkynner, og mange menneske er så lite vakne at når dei berre høyrer Jesu namn i talen, trur dei at alt er i orden. Ein falsk profet kan nemna Jesu namn meir enn ein sann profet — spørsmålet er kva slag Kristus dei forkynner. Rasjonalisten, teosofen og spiritisten har også ein Kristus, men ikkje den som er skildra i Ny-testamentet og som me kristne har funne og trur på.
Dei som seier at Jesus er son til Josef og Maria, ein utsending frå Gud, som levde eit høgre menneskeliv enn andre og til slutt døde på eit tre som martyr og no ligg i si grav som andre menneske — dei er falske profetar, om dei så står i vigde kjolar med gullkors på bringa.
Dei som ikkje forkynner Kristus død for våre synder og oppreist til vår rettferd, dei som teier om Kristi sonande død, om at han nagla skuldbrevet til korset og vart gjort til synd for oss, så me skal verta rettferdige for Gud i Han — dei er falske profetar. Om dei talar aldri så fagert, held gripande bøner og feller mange tårer — falske er dei.
Om folk trudde dette, høyrde etter og prøvde talarane på denne grunnen, så skulle det ikkje vera så vanskeleg å skilja dei falske profetane frå dei sanne.
Guds folk, få øyret opp! Høyr og ver redde alle som med Bibelen i hand nektar han som kjøpte oss til Gud med sitt blod. Her er nok av dei mellom våre dalar og øyar. Har du øyra å høyra med, så høyr!
Ve den som kallar det vonde godt.
Ein falsk profet er også den som set moralen i staden for atterføding, som trøystar folk med at dei er gode kristne når dei berre er døypte, som seier at ein vert frelst utan omvending, og som seier «me kristne» og «oss kristne» til alt slag folk, som let folket leve i fred i sine synder og fortel at dei likevel går til himmelen når dei døyr.
Har du høyrt slik tale?
Det er falske profetar.
Synes du det er i samklang med det Jesus har sagt i same kapittel som teksta vår er teken frå? Han seier:
Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn der. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han. Matt 7:13-14
Og ein annan stad:
Den som vil berga livet sitt, skal miste det. […] Vil nokon vera i lag, med meg, så lyt han gløyma seg sjølv og ta krossen si opp og fylgja etter meg. Matt 16:24-25
Den som trøystar folk med at dei er kristne, om dei lever verdsleg og gudlaust, han er ein falsk profet, og den som forkynner Guds Ord, men ikkje lærer at mennesket må venda om og bli fødd på ny, han er ein falsk profet.
Lyset er til verden kommet,
– vet du også om du tror?
Har du noen tid fornummet
at din Jesus i deg bor?
Har hans nådestrålers kraft
virkning i ditt hjerte hatt?
Kan du i ditt hjerte finne
at det bor et lys der inne?
(Sangboken nr. 174, vers 3)
Det mennesket som meiner at alt er i orden om det ikkje kan svara på desse spørsmåla, det dårar seg sjølv. Og den som forkynner Guds Ord utan å seia sine tilhøyrarar at så må det vera, om dei vil vera kristne, han er ein falsk profet.
Det er trist å tenkja på alle desse menneska som av falske profetar vert støypte til kristelege voksfigurar, opp-pussa og utstilte som gode kristne i kyrkje og bedehus — av falske profetar.
Sume er gjennomsyra av åndeleg overmot, fordi dei trur om seg sjølve at dei er betre enn andre. I hjarta meiner dei at det er i grunnen berre dei som er sanne kristne. I alle fall er dei mykje meir åndelege enn andre, fordi dei har lært seg til å ropa høgt «halleluja» og døma andre strengt, men let seg sjølve gå fri. Så rosar dei seg av å vera frie for synd, mens dei ligg midt i søla.
Også det er falske profetar, og enno dei skullle vera lette å kjenna på frukta, så dårar dei mange truskyldige menneske, fordi folk ikkje har lært å skilja mellom sant og falskt. Så vert synda, gudløysa, stormotet og hyklarskapen oversmurt med kristeleg snakk av dei falske profetane, som ropar fred! fred! og der finst ingen fred.
Om Kristus stod fram mellom oss no, ville mange som trur seg å vera gode kristne og rette profetar, få svepeslag som hine i templet, fordi dei gjorde Guds hus til ei handelsbu.
La oss ikkje tru at vår tid og vårt folk er frie for falske profetar. Den åndsstraumen som ber folket no, lokkar det uekte fram og tærer på vår åndelege smak og vår evne til å prøva åndene.
La ingen av oss vera for trygg på seg sjølv.
Den som vil koma vel gjennom verda — som kristen og som forkynnar — må vaka og be. Ikkje alle som seier Herre, Herre! skal koma inn i Himmelriket, men berre dei som gjer det Faderen vil.
Me kunne då spørja: Kva er det Faderen i Himmelen vil at me skal gjera?
I Joh 6:45 les me dense orda:
Det står skrive hos profetane: Og alle skal dei vera opplærde av Gud. Kvar den som har lydt på Faderen og lært, han kjem til meg. Joh 6:45
Og i vers 40:
For så vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal vekkja han opp att på den siste dag. Joh 6:40
Her er sagt oss klårt og enkelt kva Faderen vil at me skal gjera. Me skal koma til Jesus og tru på Han, så har me evig liv. Lat oss ta det som det står og gjera etter det, så finn me Frelsaren, og så får me livet i Guds Son, og så er me frelste. Vert me så verande hos han, så gjer me Faderens vilje.
Og alle som i lære og liv forkynner Kristus korsfest for våre synder, alle som ber oss venda om og tru oss frelste åleine i Han som gjer den gudlause rettferdig, alle som ut frå Guds Ord ber fram tukt, lærdom, maning og trøyst til Guds folk, alle som ber oss halda fast på Kristus som vår einaste frelsesgrunn både i vonde og gode dagar, og som saman med Guds kjempande kristenflokk tiggar om nåde og som lit på Kristus — dei er sanne profetar. På deira livstre veks det kjærleik, fred og glede, frukt som spring fram av livet i Gud.
Måtte vårt folk få eiga sanne profetar heilt fram til enden av tidene.
Måtte også komande ætter få sjå Kristus — teikna og tolka av menn som Gud har sendt.
Gud, la ditt ord i nåde lykkes
og vokse både dag og natt,
men kveles og med rot opprykkes
hver plantning du ei selv har satt !
All Satan løgn og lærdom knus,
med Ånd og sannhet fyll ditt hus.
La ingen falsk profet forville
oss bort i nattens sure nød,
la ingen lærdom vrang forspille
vår trøst i Jesu dyre død! —
Jag bort hver ulv i fåreham,
o, hyrde god, vokt dine lam.
(Sangboken nr. 11, vers 1-2)
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli