Gå bort frå meg, Herre!

Ca leselengde:
9 min

Tekst: Ludvig Hope



Aposteldagen/6. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 1
 
Lesetekster: 1 Mos 12,1-4
 Rom 1,1-7
Prekentekst: Luk 5,1-11
Fortellingstekst: Luk 5,1-11
Poetisk tekst: Salme 40,9-12

«Ver ikkje redd! Frå no av skal du fange menneske.» Dei rodde då  båtane til lands, og dei forlét alt og fylgde han. Luk 5:10-11

I Guds rike og i menneskelivet er det eit underleg samspel mellom siger og nederlag, mellom synd og nåde. Ser vi dette samspelet frå eit reint menneskeleg synspunkt, kan det sjå ut som ein leik med synda for å få nåde, og Gud vert ein æresjuk despot som gjer seg stor på vår vanmakt.

Men ser vi det i lyset av Guds ord, ser vi det i tru, og dømer vi etter dei frukter som veks fram i eit kristent menneskeliv, så finn vi ei livslov som hjelper ein kristen til å takka og tilbe og prisa Herren som brukar si makt til å hjelpa oss arme, fortapte menneske.

Den som Gud skal få oppdra til ein sann, helliggjort kristen, som også kan vera til hjelp for andre menneske, han må finna seg i å strida gjennom lange netter utan å få anna enn ein trøytt arm, svarte garn og ein tom båt. Men når så den same mannen (eller kvinna) enno bøyer seg under Guds vilje og gjer sitt arbeid i truskap mot Guds ord, då slår timen då Gud verkeleg kan bruka det mennesket, utan at det tek skade på si sjel.

Gå bort fra meg, Herre, eg er ein syndig mann

Medan Peter ligg ved stranda med båtane full-lasta av fisk, dett han i stavar. Han synest at Guds nåde mot han vert så altfor stor. Han kjenner seg ikkje eingong verdig til å stå åsyn til åsyn med Jesus. Synda hans stig så levande fram for han at han sig i hop i skam.

Slik går det med den kristne arbeidaren som har slite seg trøytt i lange netter utan å sjå ei einaste frukt, men som likevel tek fatt på nytt, i truskap mot ordet. Når det då lukkast, så er det så langt frå at frukta ein haustar av arbeidet, gjer ein slik kristen stolt og stor, at det tvert om hjelper han til å sjå Guds useielege nåde og si eiga synd og vanmakt.

For eit slikt menneske kan nåden kjennast så stor at det vert naturleg å seia med Peter: Gå bort frå meg, Herre, eg er ein syndig mann. Det vert for mykje for meg dette, Herre. Det er uråd at du kan bruka ein som meg til så store ting. Eg er ikkje den rette mannen. På mitt livstre kan det ikkje modnast så stor og god frukt. Gå ifrå meg, bruk ein annan, - ein som er betre enn eg.

Har du gløymt at eg for nokre dagar sidan var så feig at eg ikkje ville kjennast ved deg? Og no står du her med di signande hand utrakt over meg og arbeidet mitt!

Herre, dette vert for mykje for meg å bera. Din kjærleik mot meg er for stor. Det går ikkje, Herre, å vera slik mot ein feig usling. Det sømer seg mykje betre at du går ifrå meg!

Eg undrast på om det ikkje var slike tankar som for gjennom sjela til Peter før han sa desse merkelege orda.

Når ein sjølv stundom ser litt av kor synda heng fast ved ein, kor lite det lukkast for Gud å få helliggjort ånd, sjel og lekam, og han enno velsignar oss meir enn før, då kan ein ana litt av grunnen til at Peter ba Jesus gå bort ifrå seg.

Men nei, no går han ikkje. No er timen komen då Peter kan brukast til noko mykje meir. No - tenkjer Herren - no kan eg snart bruka han til å vera nummer ein på pinsedag, - og seinare til ein av stolpane i min evige bygning på jorda, utan at han tek skade på si sjel.

 

                                                       Å Gud, forstanden fatter ei

                                                       ditt forsyns skjulte nåde,

                                                       din ubegripelige vei

                                                       og underlige måte

                                                       å føre dine venner på,

                                                       dem bære og ledsage - alle dage -

                                                       og alltid med dem stå,

                                                       helst når de finnes svake.

 

Var det ikkje ved oss at vekkjinga kom?

Mellom arbeidarane i Guds rike er det to typer som er lette å få auga på når ein ser nærare etter.

Den eine er desse som legg til lands med lasta båt og ropar ut med høg røyst til alle kantar: Kom og sjå kor stor fangst eg har gjort! Gud åleine skal ha all æra!

Når dei møter andre arbeidarar, som i det ytre har hatt mindre framgang, skubbar dei desse til side, så dei sjølve kan vera einerådande på arbeidsplassen. Og vil desse ikkje la seg kommandera godvillig, vert dei skulda for å stå i vegen for at folk kan verta frelste. Men den sanne grunnen er at dei står i vegen for «meg».

Som ein sterk, djup understraum kjem det fram i skrift og tale: Ser de ikkje kva «eg» og «vi» i vår båt har fiska? Var det ikkje ved oss at vekkjinga kom? Kva har dei andre å gjera her no? Ro bort her ifrå og la oss få arbeida i fred; vi vil ha alt i vår eigen båt. Skulle han verta for liten, så får heller resten gå til botn. Det er betre det enn at andre skulle få noko i sin båt. -

Andre - med det same sinn - ligg på lur som ein rovfugl, om det skulle vera noko å grava til seg og sitt arbeidslag av det Gud har brukt andre til å gjera. I samanheng med dette nyttar dei også kvart høve til å rakka ned på andre arbeidslag. Her er slike arbeidarar i Guds rike mellom oss no.

Er det sant?

Måtte det ikkje vera sant!

Den andre typen, som vi også finn mellom oss, ser på alt dette med hjartesorg og skam. Dei lir ved å sjå på slikt, og sorga og skamma veks når dei sjølv vert freista til å gjera som desse andre. Men gjennom kamp og under tårer vinn dei over sin vonde natur, og når dei legg til lands med sin fangst, så takkar dei Gud som signa arbeidet, og dei takkar også sine lagsbrør som var med i arbeidet.

Gud vere takk at her også er slike arbeidarar imellom oss!

Til ei tid – og den kan stundom vera nokså lang – ser det ut som det er desse første som det er noko tess med. Det ser mest ut som det er dei Gud helst kan få bruka. Men det ser berre slik ut.

Han som ha arbeidarar med eit anna syn og sinn og ei anna utvikling enn desse har hatt, om han i lengda skal få arbeidet gjort, han har i farne dagar jaga desse storskrytarane i land, og så har han kome med eit nytt kall til dei som trudde om seg sjølv at dei minst av alle dugde til arbeidarar i Guds rike. Men nettopp dei ville Gud ha; for dei hadde sterkare trong til å tena Frelsaren enn dei hadde mot og tru til å gjera det.

Slike kallar Herren til ein ny arbeidsdag.

Og kan han ikkje få slike, så er hans beste arbeidsfolk borte, og hans rike her på jorda vil siga ned i vanmakt og verdslegdom.

Det er ei fornying av det indre liv gjennom sann anger og syndsvedkjenning, saman med nåde frå Gud, som legg grunn til eit nytt kall og ein ny arbeidsdag, både for kvar enkelt kristen og for heile hans folk. Når det skjer, kan Herren senda oss ut til enno større og striare arbeid og la oss vinna meir frukt og velsigning enn nokon gong før.

Kan han gjera det med oss, - med deg og meg?

Kan han ikkje, så ser det smått ut; men kan han, så vil han nok også gjera med oss som han gjorde med fedrane våre, når han fekk fornya dei igjen.

 

                                              Du fører oss i kamp og strid

                                              mot mørkhets hele skare,

                                              vi synes tidt at sådan tid

                                              er altfor stor en fare.  

                                              Da lærer vi hvor litt vår leir

                                              formår mot satans pile,

                                               til deg ile

                                               og etter vunnnen seir

                                               hos deg alene hvile.

 

Då har vi funne eit stykke nærare inn til den store sanning: når eg er vanmektig, då er eg sterk, for Guds kraft vert fullenda i vår vanmakt.

 Nåden er nok.

På den vegen gjekk Peter inn til den nye, store arbeidsdagen i Guds rike. Paulus også, og alle andre som Gud ned gjennom tidene har brukt i si teneste.

Den vegen vil han også føra deg og meg.

Måtte det lukkast for han!

Ver ikkje redd!

Men det er som eg høyrer mange tunge sukk frå kristne som held på å mista motet og er nær ved å gi opp. Du synest det er så smått stell med deg og med andre, som kristne og som arbeidsfolk for Gud. Det lukkast så lite mellom dine, - og det du prøvde å gjera for andre, synes også å vera spilt. Hauststormane gjer sinnet kaldt og tungt, og mørket sig inn over di trøytte, såre sjel.

Du som kjenner deg att i denne klagesongen, og som skammar deg over noko av det same som Peter, då han bad Frelsaren gå ifrå seg: Tenk etter korleis Jesus tok seg av den motlause og skamfulle mannen.

Vedkjenn deg at du har vore utru og feig. Sei han at du er ein syndefull mann. Gråt ut endå ein gong ved hans frelsarhjarta; han skal svara deg før du ropar på han. Og når du minst ventar det, vil han som har all makt i himmelen og på jorda, seia til deg som til Peter: Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.

Då vil du få ein ny arbeidsdag av han som deler ut etter som han vil.

Hans nåde er stor !

Arbeid, for natten kommer,
bruk rett din nådetid!
Når du har endt din vandring,
er og endt din strid.
Hist i Guds lyse himmel
hvor gleden evig er,
venter en salig hvile
Jesu stridsmenn her.
(Sangboken, nr. 695)


 


Støtt foross.no
Ca leselengde
9 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  5: 1-11

Kirkeåret

  Alle ressurser for kirkeåret

  Kirkeåret ressurs - alle dager

  Kalendervisning


Aposteldagen / 6. søndag i treenighetstiden i:

  Kirkeåret ressurs

  Kalender for 2017/18


Flere ressurser for Aposteldagen / 6. søndag i treenighetstiden

  Søndagsteksten Luk 5:1-11

  Jesus peker ut de tolv

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
  Flere ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.