Publisert

Herre, eg er ikkje verdig Matt 8:5-13


Ca leselengde:
5 min

18. søndag i treenighetstiden
Tekstrekke 2
 
Lesetekster: 1 Kong 8,41-43
 Rom 15,25-33
Prekentekst: Matt 8,5-13
Fortellingstekst: Joh 8,1-11
Poetisk tekst: Salme 116,1-5

Gallilearane på Jesu tid levde lenge før opplysningstida og rasjonalismen. Deira fare var ikkje den snusfornufta som har lagt si klamme hand over vesterlanda dei siste hundreåra. Dei var veldig mottakelege for teikn og under som bevis.

Men Jesus vil ikkje ha noko av at folk trur på Han for teikna og undera si skuld. Ikkje tru på meg fordi eg utfører mirakel, seier han stadig. Han åtvarar mot overtru. Entusiasme som fylgjer mirakelmenn, kan lett føre menneske på villspor. Falske messiaser og falske profetar skal vere like imponerande som Jesus (Mark 13:22).

Men når Jesus gjorde teikn og under, var det for å openberra Guds herlegdom. Og han skapte tru. Likevel vert Jesu gjerning i Gallilea oppsummert slik: "Endå han hadde gjort så mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han," (Joh 12:37). "Brørne hans trudde ikkje på han, dei heller," (7:5).

Menneska har til alle tider hatt ein hang til å bruke Gud til sine formål. Gud får vere attåt. Men slik attåtnæring er noko anna enn tru. Ein gud som får kome fram berre når eg meiner at eg treng han, er ikkje ein eg trur på. Berre ein gud til mine formål.

Når vi vil ha Gud attåt i livet, ikkje innblanda i daglege syslar, skule, arbeid, fritid, hobby, økonomi, ferieplanar, karriereplanar, når vi vil ha Gud som reservesjåfør som får ta over når det skjer ei ulukke, ein sjukdom, då blir Gud faktisk misbrukt.

Kva var då så bra med den kongelege embetsmannen frå Kapernaum?

Han viste Jesus tillit. Han kjem for å møte Jesus. Tilliten hans er førebiletleg. Difor har denne embetsmannen si bøn fått plass i nattverdliturgien i mange kyrkjer: "Herre, eg er ikkje verdig at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att.»

Tre av evangelistane fortel om denne mannen. Jesus gjer ikkje mirakelet for augo på han. «Gå heim, det skal verta som du trudde.» Og han "trudde Jesu ord og gjekk." Utan å ha sett noko mirakel, trur han og går. Trua hans treng ikkje teiknet. Denne trua var tillit til Jesus, ikkje til miraklet.

Grundtvig i ei preike over denne teksten i 1866 uttalte at ei setning herifrå ville han ha på gravsteinen sin: "Manden troede det Ord, som Jesus sagde til ham." Tilliten til Gud er poenget. Tru er dette tillitsforholdet. Uansett miraklar. Han snudde og gjekk heim på Jesu ord utan å ha sett, berre høyrt. Han trudde det han ikkje såg. "Sæle er dei som ikkje ser,» seier Jesus, «og endå trur." (Joh 20:29)

Kvar gong du står ved ei sjukeseng med ein blomsterkvast eller ei konfektøskje og den sjuke bed om forbøn, står denne tilliten på prøve. Når ein av dine kjære vert ramma av ei ulukke og du vrengjer hendene i fortviling. Då er utfordringa å tru det du ikkje ser. Å ha tillit til Han som veit betre enn deg. Det er tru.

Det er ei stor freisting å ville kjøpslå meg Gud. Tru skal livnære seg av Jesu ord og Jesu lovnadar. Jesu ord - "med det innvies Jesu dåp, velsignes Jesu beger …Det skaper hva det nevner, det fyller dalene på jord og høydene utjevner. … Med det der skapes gode kår for Herrens kjemper lave, så de kan le av banesår og springe over grave. …Med det der skapes vin av vann og paradis av ørke, med det der skapes lys om land, mens verden går i mørke." Dette ordet er det trua lever av. Trua kan ikkje leve av mirakelet, men av ordet."

I mi kyrkje er sjukesalvinga eit sakrament som kviler på den truande si bøn. "Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp." (Jak 5:14-16). Bøna, beden i tru, er det Jesus er ute etter. Så kan Gud få den æra som tilkjem Han.

Sjølv om ikkje det mest imponerande skjer, sjølv om ikkje krykkjer og plaster og medisin vert overflødig, kan tru sigre over sjukdom. Å bevare trua i sjukdom, er alltid eit under. Den siste 'sjukdom' skal uansett vinne over oss. Døden. Men trua som stolar på Han som er sterkare enn døden, skal vinne. Til sjuande og sist. Det er hovudsaka.

Ved slutten av høgmessa vår, inviterer vi ofte den som vil, til å kome fram og bli bedt for og bli merka med det sakramentale teiknet, oljen. Utan å seie eit ord. Utan å framføre noko bestilling. Men vite med seg sjølv og nemne for Gud det ein veit ein treng forbøn for.

Trua gjer under. Somme synlege, somme usynlege. Når den sjuke ikkje reiser seg meir frå sjukeleiet, har Gud likevel sett sitt merke på han. Merket som er teiknet på sigeren over døden. Når mirakelet skjer at eit menneske vinn over døden, får Gud all takk og ære. Og når miraklet ikkje skjer synleg for oss, formidlar bøna, sjukesalvinga og nattverden likevel det livet som er sterkare enn døden, lyset som vinn over mørkret.

Soli Deo gloria.


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
5 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Matteus evangelium  8: 5-13

Forfatter
Skrevet av: Ottar Mikael Myrseth.
  pensjonert folkehøgskolelærar og praktiserande prest. Har 23 år bak seg som prest i Den norske kyrkja, som sokneprest i Rødtvet, Oslo, og Spjelkavik, og som stiftskapellan for biskopen i Møre. I 2001 melde seg inn i Den nordisk-katolske kyrkja, der han no er sokneprest i St Olav, Ålesund, og er vald til biskop for Skandinavia. Frå 2001 til 2017 var han lærar ved Borgund folkehøgskole. Han og kona Reidun har tre voksne born og 10 barneborn.
   Ressurser av Ottar Mikael Myrseth
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.