Publisert

Talsmannen der oppe Luk 24:44-53


Ca leselengde:
10 min

Kristi himmelfartsdag
Tekstrekke 2
 
Lesetekster: Dan 7,13-14 eller Apg 1,1-11
 Rom 10,6-10
Prekentekst: Luk 24,46-53
Fortellingstekst: Apg 1,1-14
Poetisk tekst: Salme 110,1-4

Og medan han lyste velsigninga, skildest han frå dei og for opp til himmelen. Luk. 24:51

Da synda var sona, døden nedtrampa og livet attvunne av Kristus, for han heim som sigerherre, ferdig med den parten av frelseverket som skulde gjerast her nede. Mens Han retta  sine signande hender ut over sine på jorda, for Han opp til Himmelen, og som den levande Kristus, som eit sant menneske, sette han seg ved Guds høgre hand, med all makt i Himmelen og på jorda. Han er gått inn i sjølve Himmelen og syner seg der for Guds åsyn for vår skuld.

Ordet idag, på Kristi himmelfartsdag, om at Jesus for heim att til Gud, gir meg lyst til å tala om to sider av det han er for oss i himmelen. Den eine er at han sit ved Guds høgre hand, og den andre er at han viser seg der no framfor Guds Åsyn for vår skuld.

Kva vil det seia at han sit ved Guds høgre hand?

Da eg var liten, levde dette ordet sterkt i min tanke og fantasi. Når eg prøvde å gjera klårt for meg kva det vilde seia at Jesus sette seg ved Guds høgre hand, så såg eg i ånda ei stor, ven stova. I denne stova var det to gull­stolar. I den eine sat Gud, og den andre var tom. Men så ein dag kom Jesus heim att og sette seg i den tomme stolen på høgre sida av Gud. Denne barnedraumen levde i meg i mange år. No ber eg han ikkje lenger; eg har fått hjelp til å sjå min Frelsar ved Guds høgre hand på ein større og meir fullkommen måte.

Kva er så Guds høgre hand?

Det er Guds uavgrensa evne til å nå alt og makta alt. Det er allmakts-armen hans, som gjorde at han kunne setja skapningen inn i tilværet med lov og med liv, og atter kan sløkkja det ut med eit pust, om han vil. Det er den makt i Gud som ikkje er bunden av tid og rom, den hand som held nykelen til døden og helheimen, som rekk alt og maktar alt.

Bibelen har mange ord om denne Guds høgre hand.

Di høgre hand, Herre, du heilage og sterke, di høgre hand, Herre, knuser fienden.  2. Mos.15:6 Rop av fagnad og frelsa er å høyra i teltet til dei rett­ferdige. Herrens høgre hand gjer storverk. Sal.118:15-16 Og du gav meg di frelsa til skjold, og di høgre hand stødde meg. Sal.18:36 Mi sjel heng fast ved deg, di høgre hand held meg oppe. Sal.68:9 Gud, syn deg høg over himmelen og di æra over heile jorda, at dei du elska må verta frelste, hjelp oss med di høgre hand og bønhøyr oss. Sal.108:6-7 Herren sa til min Herre: Set deg ved mi høgre hand. - Herren ved di høgre hand knuser kongar den dag han er vreid. Sal.110:1-5

Desse orda syner oss at Herrens høgre hand er hans allmakts-evne, den kraft som styrer og held oppe alle ting.

Da Stefanus stod framfor rådet, og øvsteprestane og dei skriftkloke skar tenner imot den djerve mannen, ropte han ut : «Sjå, eg ser himlane opne og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.» Ved Guds høgre hand står Kristus, ja, eg trur vi tør seia at denne allmaktshanda er lagt i Jesu hand og vert styrt av han. Allmaktshanda ligg i frelsar­handa.

Frå hans eigen munn lyder orda likså mjuke som dei er mektige: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.» All makt — lat oss hugsa det.

Denne makta er «gitt» han. Det er eit spørsmål om han hadde denne makta før han kom her ned og stod opp frå dei døde. Det ser helst ut som han har fått slik makt fordi han fullførde frelsesverket og dermed vann eigedomsretten til alle ting.

Han har kjøpt oss til Gud med sitt blod, og det han har kjøpt, det eig han.

Som Menneskesonen, som vår bror og som sigershelten har han denne makta og ber alle ting ved sitt veldes ord.

Alt som har med oss å gjera, må om han først, og så lenge han har evne, makt og hjartelag, ordnar han alt for oss. Han styrer Guds domshand, og om Han må all satans klage over Guds folk. — Og denne mannen er din og min bror, fødd inn i vår ætt av ei kvinna.

Han hersker over alle himler, hans trone i det høye står;
så vidt som skapninger de vrimler hans herredom og rike når.
Hans Slott kan ingen makt bestride, det står på evighetens grunn;
hans fiender må i i  gresset bite, når han kun taler med sin munn.

Det er store ting som har hendt oss, at vi har fått ein  av våre eigne på ein slik plass og med eineveldig makt både i himmelen og på jorda. Ved Han skulle da vi også ha god von om å vinna.

I sådant æresete vårt kjød og blod vi ser,
så må vi da oss glede og aldri sørge mer,
da alle rikers rike vår broder forestår,
og vi engang tillike med våre kroner går.

Det andre som Guds Ord seier oss om Jesus i himmelen, er at han syner seg der framfor Guds åsyn for vår skuld. Kva ligg det i dette? Kanskje det kunne hjelpa oss eit stykke på veg til svaret, om vi går attende til den gamle pakt og ser litt på øvst,epresten når han går inn i helligdomen i templet og skal vera mellommann mellom folket og Gud.

Vi må hugsa at den gamle pakt er eit førebilete på den nye. Alt i det store meisterverket av hus og ofringar og presteklede peikar fram imot Kristus og har noko å seia oss om han. Mykje av dette er det ikkje godt å få auga på eller å tolka rett, men det vi her vil prøva å dra fram, synest vera lett både å skjøna og å bruka rett.

Det er understreka fleire gonger i Mosebøkene at utan heilage klede kunne øvstepresten ikkje stiga fram for Gud. Retten til å stå for Guds åsyn låg ikkje i personen, men i kleda. Steig nokon fram for Gud i helligdomen utan heilage klede, så  laut han døy.

Om dette står det skrive :

Såleis lyt Aron vera budd når han skal gå inn i heilagdomen : — Han skal kle seg i ein vigd linkjole, og ha ei linbrok på seg nærast kroppen, og binda eit linbelte om livet, og sveipa eit linplagg kring hovudet ; vigde klede lyt det vera, og før han tek dei på seg, skal han vaska lekamen sin i vatn. 3. Mosebok 16:3-4

I 2. Mosebok 28 ser vi at det utanpå linkjolen skulle vera ein messehakel  «av gull og purpur og skarlak og kar­mesin og kvitt tvinna lingarn.» Denne messehakelen var bunden saman over skuldrane, og på skulderbanda var det festa to ekte onyks-steinar, innfelte i fatingar av tvinna gull. På desse dyre steinane var det inngrave namna på dei 12 Isra­els-sønene.

Så skulle  Øvstepresten også bera ein firkanta bringeduk av same materiale som messehakelen og sett med dyre steinar i fire rader, tre i kvar rad. Desse tolv steinane var innfelte i fatingar av tvinna gull, og på kvar stein stod namnet til ei av Israels-ættene inngrave, som ein grev namnet pa ein seglring. Med snorer av tvinna gull var duken festa til skulderklaf­fane og livbeltet, og når Aron går inn i helligdomen og står framfor Herrens dsyn, så ber han namnet til Israelsættene «innmed hjarta sitt på domsbringeduken, så Herren all­tid skal koma dei ihug.» Såleis låg israelsfolket på skuldrene og hjarta til Øvste­presten når han gjekk inn i hellig-dommen fram for Guds åsyn. Han skulde bera dei innmed hjarta sitt, så Herren alltid skulde koma dei ihug.

Det kan ikkje vera tvil om at dette er eit bilete på Kristus og Guds folk i den nye pakt.  Som namna til Israelssønene var inngrevne i steinane på skuldrene og bringa til øvstepresten, såleis er alt Guds folk lagt på  Jesu skuldre og hjarta. Der ligg vi som ekte, dyre steinar med namna våre inngrevne, og såleis er han no i sjølve himmelen og syner seg der for Guds åsyn for vår skuld. Derifrå ser Gud sitt folk. Derifrå kjem han oss ihug. Derifrå ser han oss som om vi aldri hadde synda; vi er stilte fram ulastande for hans åsyn.

Dette er eit under så stort  og trøysterikt for oss at vi skulle fylla heile jorda med jublande lovsong til hans pris. Eit lite bilete på dette er far og mor. Vi  veit at borna ligg ikkje berre på hjarta til foreldra, men dei ligg i hjarta deira. Så lenge det finns morsnatur i ei kvinne, så lenge ligg barnet i hjarta hennar.

Frå mi eiga mor ber eg med meg all min dag eit fagert minne om dette. Det var mykje strev for mor, og utan klage sleit ho seg ut for oss. Det var også mest uråd for oss å få henne bort fra heimen og arbeidet, så ho kunne kvila og få litt omskifte. Ein og annan gong fekk vi slita henne laus, så ho for med oss til kyrkje. Vegen var lang og stri. Tidt bar vinden imot, og vi måtte baska oss fram tomme for tomme langs stranda. Når det såleis tok lenger tid enn vanleg å koma heim att, var det sers vondt for mor i båten og for det vesle barnet heime. I slike stunder hende det ofte at mor sa: «No gret barnet, no er det tørst» Da lo vi og kunne stundom gjera litt narr av henne. Kor­leis kunde ho vita at barnet gret heime ! Men ho svara berre: «Å, de forstår det ikkje, de.»

Og korleis det no var eller ei, når vi kom heim att og spurde etter om barnet gret da og da, så kunne dei fortelje oss at det var slik. Mor tok aldri feil der, så vidt eg minnest. Så sterkt kan eit barn leva i morshjarta at ho langt borte kjenner det på seg når det gret og er tørst. Kan ikkje dette underet med mor hjelpa oss til å tru underet med Gud, at vi ligg i Jesu Kristi hjarta, meir enn noko barn ligg i morshjarta, at vi er elska av han utan grenser, at vi i han er stelte fram for Guds Åsyn, reine, heilage, fullkomne ? Om denne sanning kunne lysa meir for oss -  og vi meir kunne gripa henne i tru, så ville vi oppleva mykje større glede og kraft i vår kristendom.


Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli


 

Relatert



Støtt foross.no
Ca leselengde
10 min
Ressurstype

  Søndagens tekst

Skrifthenvisning

  Lukas´ evangelium  24: 44-53

Forfatter
forfatter_fotoSkrevet av: Ludvig Hope.
  Ludvig Hope (1871- 1954) regnes som en av 1900- tallets mest innflytelsesrike kristenledere i Norge. Han var fra Masfjorden og virket som forkynner hele sitt voksne liv. Han var også generalsekretær i det som i dag er NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) fra 1931- 1936.
   Ressurser av Ludvig Hope
Vil du støtte foross.no?

  Du kan gi via kredittkort

  Du kan benytte Støtt foross via Vipps! med Vipps-nummer: 70979

  Mer info og andre alternativ finnes på siden STØTT OSS.