Denne tekstkommentaren omfatter et avsnitt som i kirkeåret er fordelt på to søndager; søndag før pinse, tekstrekke 3, har vers 12-15 som prekentekst, mens 2. pinsedag, tekstrekke 1, har vers 5-11 som prekentekst.
Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leia dykk fram til heile sanninga; for han skal ikkje tale av seg sjølv, men alt det han høyrer, det skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kjent for dykk. Joh 16:13
Kristus har fullført si gjerning på jorda. Det han tok på seg å gjera for oss, før verda var grunnlagt, er no gjort. Det vil seia: No har han fullført sjølve frelsesverket. Så står han ferdig til å stiga over grensa att. Han gjekk ut frå Faderen og kom til verda; han forlet verda att og går til Faderen. Men han er ikkje den same no, som da han kom.
Han kom som Guds Son, eitt med Faderen. Han går heim att som Guds Son og som Menneskesonen, eitt med Gud og eitt med oss. Som han er Guds einborne Son, er han også vår.
Som Guds og vår Son løyste han oss ut frå alt vondt og forlikte oss med Gud. Og med kvittering for betalt skuld, med fridoms- og utløysingsmerket i side og hender stig han fram for Guds åsyn.
Menneskesonen er herleggjort, og Gud er herleggjort i han.
Men dette er ikkje nok for oss.
Det er nok sant at vi ikkje treng meir til frelse enn det Kristus har gjort.
Men så er spørsmålet: Korleis skal vi få syn og sans for det han har gjort, det som vi må ha, om vi skal bli frelste?
Skal vi få det, så må Jesus ha ein mann her nede, som talar hans sak — for oss og til oss — og fører oss inn i sjølve frelsa.
Talsmannen, som er sendt her ned, skal gjera dette.
Så har vi Jesus som vår talsmann i himmelen for Gud. Der er Han no for vår skuld. Og så har vi talsmannen, Den Hellige Ånd, her nede. Han talar Kristi sak for oss. Det er godt ordna for oss menneske.
Herre, salv våre auge, så vi kan sjå!
Guds Ånd er den uroande kraft i menneskelivet. Utan han ville vi vera innfrosne i ei evig ismark. Men no er vi ikkje ei ismark, vi er tvert om i vårloysing under den nådesol som skin ved Guds Ord og Guds Ånd frå Jesus Kristus, vår Herre.
Trass alt så lever vi under den gryande dag. Difor er her også slik isande uro i menneskelivet.
Vår vonde natur vil ikkje ha noko med Gud å gjera. Alle vil vera heilt fri han, og så brukar vi alt det vi kan bruka, til å halda oss borte fra Gud. Vi prøver å tru at det er godt nok som det er, og at vi skal greia oss sjølve. Men mens vit og syndelyst, stormot og trass arbeider gjennom hovudet på denne måten, så arbeider Guds Ande på hjarta.
Der inne høyrest ei røyst som vitnar imot at alt er vel.
Der inne talar noko useieleg og uskjøneleg, noko som talar tvert imot vit og syndelyst, stormod og, trass. Der inne ligg ein bunden mann, som hoyrer ei røyst om utløysing og fridom. Denne mannen vert uroleg. Den bankande handa utanfor og den Sannings-røysta som høyrest gjennom den stengde døra, uroar samvitet, og så stig det fram sterkare og sterkare ei lengting etter å bli løyst ut.
Som klokka tikkar i lomma di, og som hjarta bankar i barmen din, på same måten er du forfølgt av denne uroande røysta og denne bankande handa.
Og som ropet gir ekko fra berget i dalen, så lyder svaret frå sjela som lengtar etter utløysinga. "Det er Åndens røst som sier: Gå og lukk din Frelser inn!"
Men Anden skal gjera meir, seier Jesus. Han skal overtyda om synd, fordi vi ikkje trur.
Dette synest vera noko underleg. Skulle det ikkje vore meir sant om det hadde stått at Guds Ånd skal overtyda mennesket om synd, fordi dei drikk, svik, stel, spottar, driv utukt og er sjolvgode, stolte og gjerrige? Skulle ikkje det ha vore meir rimeleg enn å stilla vantrua fram som den store grunnsynda?
Prøv det! La ordet i Joh 3:16 stiga fram for deg:
Så elska Gud verda, at han gav sin Son, den einborne, så kvar den som trur på Han, ikkje skal verta fortapt, men ha evig liv. Joh 3:16
Så elska Gud!
Etter at Gud ga oss Jesus, og Jesus sona vår synd og betalte vår skyld, står og fell alt for oss etter som vi stiller oss til Kristus.
Den som trur på han, har evig liv.
Den som ikkje trur, er alt dømt, fordi han ikkje trur.
Å ta imot eller slå vrak på Kristus, det er skiljevegen vi står på no. Det er det som avgjer om vi skal verta frelste eller fortapte!
Slik har Gud ordna det.
Dette er det ingen som sansar eller ser, utan Guds Ånd får syna oss det. Og så trur folk at det skal nok gå godt, når dei berre kan berga seg frå rennesteinen.
Du som er så blind: Hugs Jesu ord om at tollmenn og syndarar går før deg inn i Guds rike.
Det skal du nok ein gong få sjå og sanna når Han openberrast, som ved seg sjølv gjorde reinsing for syndene dine, men som du i vantru støytte ifrå deg og dermed dømde deg sjølv.
Men Guds Ånd skal ikkje berre overtyda om synd, fordi vi ikkje trur. Han skal også syna Kristus fram for oss, så vi kan tru.
Sola skaper ikkje berre uro i naturen, ho gir også liv. Slik skal Anden ikkje berre syna oss vår synd, men også vår Frelsar.
Ein har sagt at Guds Ånd har ei tre-dobbel gjerning å gjera her nede:
1) avduka vantrua, grunnsynda, som gjer at folk går fortapt.
2) syna fram den rettferd som ein syndar må ha om han skal stå seg for Gud.
3) kunngjera den dom som feller eller frikjenner oss, så snart vi sjølve vil.
Sæle bod for ein og kvar: Ved hans kors er rom!
Kom frå by, frå grend og gard, Ved hans kors er rom!
Jesu frelseverk er gjort, Åpna har Han Himlens port!
Å, kor det er sælt og stort: Ved hans kors er rom!
(Sangboken nr 166)
Denne teksten er hentet fra Ludvig Hopes ”Mot Målet”, utgitt første gang i 1924 av Lunde Forlag. Tekstene fra boka er varsomt språklig oppdatert i 2016 av Målfrid Fjell og Kirsti Tværåli