Dette er den tredje artikkelen i en serie som omhandler kristent samfunnssyn og toregimentslæra. De andre tilhørende artiklene finner du her
«Vi river ned tankebygninger og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud. Vi tar hver tanke til fange under lydigheten mot Kristus.» (2.Kor.10.4-5)
Paulus skildrar her apostlane sin apologetiske praksis. Formuleringa er ikkje direkte ei imperativ formaning om å kopiere praksisen, men det er i tråd med ei naturleg trusutvikling å ville etterfølge han i dette. Ein samfunnsengasjert kristen treng primært å kjenne Bibelen for å ha den rette norma til å kunne vurdere ideologiar, filosofiar, etikkar og tankebygningar. Ein treng ikkje for eigen del andre begrep enn dei Bibelen nyttar, men det kan vere berikande både for eigen tanke og for samtale utanfor kristne samanhengar å ha eit allment begrepsapparat til analytisk kniv og gaffel. Har ein i tillegg eit fiber akademisk interesse for utviding av vokabularet, så kan fagbegrep vere ein eigen liten dessert blant kvardagens verbale kneippbrød. I det etter-kristne Vesten er vi så «heldige», enn så lenge, at vi stort sett først møter forfølging i verbal og ikkje-fysisk form. Kunnskap om både retorikk og hersketeknikkar kan vere nyttige, men å avsløre tankebygningar handlar om meir enn appellformer og oppbygging av argument. Det handlar og om å oppdage kva trusbaserte posisjonar ulike verdiutsagn og påstandar om røynda kviler på. Her kjem ein liten intro til nokre begrep som kan brukast til slik kritisk undersøking.
Verdianalyse
Forfattar Ronald Fangen skreiv i 1940 ein lang artikkel i tidsskriftet Kirke og kultur med tittelen «Om troskap», og innhaldet fekk han arrestert av Gestapo for «tyskfiendtlig holdning». Artikkelen er eit velformulert oppgjer med den tyske okkupasjonsmakta spesielt, men grunntankane er tidlause verktøy i kultur- og samfunnsanalyse med kristen basis. Sentralt i artikkelen er skiljet han gjer mellom grunnverdiar og låneverdiar. Låneverdiar er avleidde frå grunnverdiar, dei er avhengige, relative, har ikkje sjølvstendig konsistens. For å illustrere det prinsipielle i saka nemner han kunsten som ein grunnverdi, medan kunst-arter og kunstretningar er låneverdiar. Reknar ein kunsten som null verd, fell med logisk naudsyn også kunst-arter og kunstretningar til null i verdi, fordi dei er direkte avleiingar av noko djupare. Trass i at det er ulogisk er slike verdiomsnuingar ikkje uvanleg å finne på individ og samfunnsnivå. Fangens hovudpoeng er at både i det personlege truslivet og i kultur- og samfunnsliv går det galt når låneverdiar får status som grunnverdiar, noko han eksemplifiserer på mangfaldig vis. I låneverdiane sin tidsalder forvitrar samfunn fordi grunnverdien folkefellesskap med tilhøyrande forplikting taper for kryssande interessefelleskap med sine egosentriske manglar på forplikting, men djupast sett fordi kultur, tanke og tru er blitt demonisert. Eit folkefellesskap som har Bibelens Gud som alle grunnverdiars kjelde vil ha det beste og einaste rette utgangspunkt for vellukka samfunnsliv. Nazi-Tyskland er eit eksempel på at ei demonisert utgåve av folkefellesskap har fått hegemonisk makt i kulturen. Berre trua på og truskapen til Gud slik han openberrar seg i Kristus sikrar at verdihierarkiet ikkje blir pervertert.
Begrepsparet grunnverdiar og låneverdiar er ein enkel reiskap for å analysere tidsånda, politisk ideologiar og ideologisk ladde bodskap. Vakne menneske med ei medviten tru les nok verda slik uansett, ein kjenner at noko skurrar når det bryt mot tru og verdiar, men desse to kan vere gode analytiske siktereiskapar.
I ein brutal vits blir det fortalt om ein mann som blei skoten med 10 skot, «…men heldigvis var det berre det siste skotet som var dødeleg»Poenget er absurd, overtydeleg og tragikomisk: verdien av at berre eitt av 10 skot var dødeleg blir null når grunnverdien -i dette tilfellet eit menneskeliv - har gått tapt. Det er ingen grunnverdi att å låna frå.
Aksiomatisk analyse
Eit aksiom er eit grunnleggande premiss, eit utsegn om røynda (virkeligheten) som ikkje kan bevisast, men må truast. Dei kristne dogma om at Gud har skapt verda, at Jesus er Gud, at Han er verdas frelsar osv. er slike aksiom. Likeeins er trua på at Gud ikkje finst også eit aksiom (ateistisk aksiom), at alt som finns er materie (materialisme), at menneske berre er avansert biomasse o.s.v.
I sterkt ideologiske tekstar blir gjerne slike aksiom formidla direkte, men ofte elles ligg dei som ein usynleg undertekst eller premiss for det som blir formidla. Slike trusbaserte aksiom kan folk bygge både luftslott, politikk, samfunn og kyrkje på, men ofte er aksioma sjølv forkledd som allmenne sanningar. Ein teologi, ideologi eller anna helskapssyn må vere bygd opp frå aksiom med logisk konsistens og samanheng, utan alvorlege inkonsekvensar. Sidan menneskesinnet kan vere ein frodig hage, der villskot og ugras kan trivast i lag med kultiverte planter, er det ikkje alltid logiske samanhengar i tenkinga vår. For ikkje å forføre, eller bli forført av retoriske alkymistar og sverdslukarar både i religiøs og politisk drakt, er det lurt å vere vaken i det aksiomatiske analyseapparatet og spørje seg: Kva for trusbasert fundament (aksiom) er djupast sett premisset for det som blir tenkt, sagt og skrive, mitt eige inkludert?
Ontologisk analyse
Ontologi tyder læra om det verkelege og arbeider med å finne fram til grunnelement og grunnstrukturar i røynda, røynda sin intra-struktur. Korleis noko er, kva relasjon det har til andre delar av røynda, om det er subjektivt eller objektivt, ein realitet eller eksistent, årsak eller verknad og andre kategoriar. F.eks kan ein seie at Donald Duck er verkeleg, han er ein realitet, men han er ikkje eksistent. Han er verkeleg som teikneseriefigur, og i mange sin fantasi, men han er ikkje eksisterande som vesen i røynda. Bibelen lærer at menneska, på individniviå, er ein realitet i Guds hjarta frå æva av, men blei ikkje eksistent før konsepsjonen i mors liv. Ontologien har slik sett eit ryddig og presist begrepsapparat som kan vere ein god hjelpar for teologi og tanke både i analyserande og syntetiserande verksemd.
Bibelen har ei lære om røynda, ein fundamentalontologi som basis i og under alle dogme, og spreidd utover i alle 66 skriftene finst skildringar av delelement av røynda som samla dannar ein struktur, ein total røyndomskonsepsjon, eit nettverk som utgjer den bibelske røyndommen, og som truande menneske til alle tider har hatt det som eit mål å kjenne, å adoptere og synkronisere seg med i ånd, liv og tenking. I alt røyndomsinnhald vi får servert kan vi spørje oss korleis det omtalte elementet er i tråd med bibelsk røyndom. I møte med politikk, ideologi, teologi, og stadig oftare nyheitsmedium, er det nyttig med ei ontologisk samanlikning; å halde den biten av røynda som blir presentert opp i mot fasiten i Openberringa.
Når vi blir presentert eit syn på for eksempel mennesket på ein metodisk og systematisk utgreiande måte, kan det vere enkelt å samanlikne og vurdere bodskapet dersom ein har kjennskap til Bibelens menneskesyn. Men oftast kjem ikkje verdiladde bodskap til oss i ei slik oversiktleg systematisk form, så ein må lytte etter vektleggingar, antydningar, valørar og andre ting som eventuelt blir sagt om grunnelement i røyndomsoppfatninga for å få eit heilskapleg bilete.
Mennesket sitt forhold til sanning kan tene som eksempel. I Joh. 8 er Jesus i samtale med jødar, nokre var komne til tru på han, andre ikkje. Fleire forsvarar seg med at dei har den rette trua allereie, men Jesus kontrar: « Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. (v43-45)
Mennesket manglar ikkje berre sanninga, men har ein aktiv uvilje mot henne. Mennesket er ikkje eingong sanningssøkande, djupast sett. I idealistisk tenking og filosofi (prega av Platon og Sokrates) eig mennesket sanninga og har henne i seg, dei treng berre hjelp til å forløyse sanninga i seg. Mykje pedagogisk filosofi tek utgangspunkt i ei slik naiv tillit til mennesket si ibuande erkjenning av grunnleggande sanning. Utslaga er gjerne ei over-optimistisk tru på kunnskap og ein rettlinja moralsk progresjon som følgje av opplysning.
I marxistisk filosofi blir mennesket sitt «problem» (synd) flytta ut av mennesket sjølv og over i system og samfunnsstrukturar, med følgjeskadar på mange felt. Enkeltmennesket blir avpersonalisert og avindividualisert. Det vonde, «arvesynda», blir plasserte i dei materielle, økonomiske og politiske strukturane, den enkelte sitt ansvar og samvit blir utviska og konvertert til samfunnsplikter og kollektiv sosialetikk. Marxismen er på full kollisjonskurs med kristen røyndomsoppfatning ved å gje materielle faktorar primat og sjå bort frå at det er gjennom mennesket si ånd og vilje forminga av historie og samfunn skjer. Ved å degradere mennesket til eit offer for materielle vilkår og produksjonsforhold forsvinn det bibelske synet på mennesket ut av bildet både i den vertikale og den horisontale dimensjonen. Avartar av marxistisk ideologi har fått prege teologi på skadeleg vis ved at slike tydelege ontologiske grunnelement i Bibelen har blitt avstreifa og omtolka i tråd med bibelframand politisk filosofi og ideologi. Teologi må vere ontologisk-kongenial med den forståinga av røyndommen som møter oss i dei bibelske kjeldeskriftene. Eit viktig poeng med ontologisk analyse er ideologikritikk; å avsløre slike forureiningar som vatnar, fordreier eller motseier Guds ord, «tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud».
Litteraturreferansar:
Martin Luther: Om den verdslige øvrighet https://www.nb.no/items/24532ed3f14a5b0261e627041c484fec?page=163
Ronald Fangen: «Om troskap» https://www.nb.no/items/6d9639793464aaa5d8b6f1d042c1214e?page=3
For dei som vil fordjupe seg i det å bruke ontologien som reiskap i teologi og kristen tenking, finst ein serie på tre bøker av Aksel Valen-Sendstad:
- Troens fundamenter | Dogmatiske hovedspørsmål i lys av bibelsk ontologi (Forlaget Kolon, 1996)
- Religionsfilosofi, (Forlaget Kolon, 1996)
- Tenkningens fundamenter | Vitenskapsteori | Paradigmer i filosofi, teologi og andre vitenskaper, (Forlaget Kolon, 2003)




