Det er nokre som problematiserer at vi talar om noko som kristent, anten det er eit kristent land, ein kristen skule, kristne media, kristen kultur eller kristen journalistikk. Det er berre folk som kan vera kristne, seier dei. Det er sjølvsagt rett med tanke på frelse. I det spørsmålet er det berre folk som kan vera kristne. Når vi talar om kristen i andre samanhengar, er det ut frå ei kristen verditenking og kristen etikk. I det perspektivet er det mange livsområde og tiltak som kan vera kristne.
Spørsmålet er då om journalistikk kan vera prega av ei verditenking og ein etikk som gjer det rett å tala om kristen journalistikk. Nokre vil seia nei til det ut frå at journalistikken har sine bestemte arbeidsmåtar, det som ofte vert omtalt som «vanlege journalistiske kriterier», og desse er allmenne. Omtrent alle yrke har sine arbeidsmåtar, og frå den sida sett er det rett at all journalistikk er omtrent lik. Arbeidsmåtane er likevel ikkje alt som kan seiast om journalistikken. Arbeidsmåtane står i ei ramme av verdisyn og etikk.
Nokre vil så seia at den etikken som ligg til grunn for journalistikken er allmenn etikk i samsvar med kristen etikk. Grunndokumenta for det journalistiske arbeidet er Redaktørplakaten og Vær-varsom-plakaten. Det er rett at det desse to «plakatane» seier om verdisyn og etikk knytt til det journalistiske arbeidet, er humanistisk og allmennetisk på ein slik måte at det svarar til kristen verditenking og etikk – så langt det rekk. Vi tek med hovudelementa i desse to dokumenta med tanke på vårt tema.
Redaktørplakaten
Redaktørplakaten er forholdsvis kort, og omhandlar «redaktørens plikter og rettigheter», og det mest aktuelle i vår samanheng lyder slik:
«En redaktør skal ivareta ytringsfriheten, pressefriheten og informasjonsfriheten. Gjennom sin redaktørgjerning skal redaktøren arbeide for frie mediers demokratiske rolle og det som etter hans/hennes mening tjener samfunnet.
Redaktøren har det personlige og fulle ansvar for mediets innhold.
Redaktøren skal ivareta anonymitetsretten og kildevernet. Redaktøren skal fremme fri informasjonsformidling, og en åpen, redelig og sannhetssøkende journalistikk. Det er redaktørens ansvar å sørge for et tydelig skille mellom fakta og meningsinnhold, og at det klart fremgår hva som er redaksjonelt innhold og hva som er kommersielt materiale.
Redaktøren må forplikte seg på eiers utgivergrunnlag og arbeide i tråd med mediets grunnsyn og formålsbestemmelser. Innenfor denne rammen skal redaktøren ha en fri og uavhengig ledelse av redaksjonen og full frihet til å utforme og beslutte mediets innhold og meninger. Verken offentlige myndigheter, eiere, kommersielle aktører eller noen annen interessegruppe kan gripe inn i denne friheten. Kommer redaktøren i uløselig konflikt med utgivergrunnlaget, plikter han/hun å trekke seg fra sin stilling.»
Redaktøren er altså forplikta på mediets grunnsyn og føremål, men ut over det står han fritt. Viktige verdimessige og etiske signala er ytringsfridommen, demokratiets rolle, kjeldevern og ikkje minst at det skal vera «en åpen, redelig og sannhetssøkende journalistikk». Det er då eit viktig spørsmål korleis ein forstår sanninga og det sanningsøkjande.
Vær-varsom-plakaten
Vær-varsom-plakaten er eit meir omfattande dokument enn Redaktørplakaten, og er i stor grad ei utdjuping og konkretisering med tanke på det praktiske journalistarbeidet ut frå det som Redaktørplakaten omtalar som redaktørens plikter og rettar. Det er lagt vekt på at journalistikken har ein samfunnskritiske rolle, og at pressa skal verna einskildmenneske og grupper mot undertrykking. Det er også framheva at ein skal ta om syn til og verna om folk i sårbare situasjonar, at alt skal vera korrekt og sannferdig, og at vinklar og presentasjon skal vera i samsvar med innhaldet i artikkelen – og fleire andre moment i same gata.
Som ein ser, er dette prinsipielt sett i stor grad uttrykk for etisk tenking som ein frå kristent hald kan slutta seg til. Det som ut frå dette vert omtalt som «vanlege journalistiske arbeidsmåtar og kriterier», kan med det seiast å vera kristent legitimt. Dette gjer at også seriøse kristne media legg Redaktørplakaten og Vær-varsom-plakaten til grunn for arbeidet sitt. Alt er med det ikkje sagt kristent sett.
Den allmenne journalistiske tenkinga er med andre ord grei så langt ho rekk, men ut frå kristen verditenking og etikk bør det seiast noko meir, særleg med tanke på prioritering av stoff og det sjuande bodet. Her kunne ein brukt mange døme med tanke på kva saker som får plass i pressa og korleis saker vert omtalte og vikla, men eg skal ikkje gå inn i ein slik analyse. Det ville vore for omfattande i ein artikkel av denne typen. Eg vil avgrensa det til nokre refleksjonar knytt til kristen verditenking og etikk. Det etiske er særleg knytt til det å ta alt i beste meining og at kjærleiken skjuler ei mengd med synder.
Å ta alt i beste meining
Det åttande bodet seier at vi ikkje skal lyga, eller som formuleringa er i Bibelen: «Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.» (2 Mos 20,16). I si vesle katekisme har Martin Luther ei genial forklaring til dette bodet: «Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje lyg på nesten vår, ikkje svik han, talar vel om han og tek alt i beste meining.»
Dette er ei stor utfordring for oss alle, både kristne og ikkje-kristne, og då spesielt det å tala vel om nesten og ta alt i beste meining – særleg når det er folk som har stelt seg ille, som vi ikkje likar eller er svært usamde med. Etter mitt skjønn har media ei særleg utfordring her. I sin samfunnskritiske og avslørande funksjon er det lett å gjera det motsette av det Luther seier. Ein vrir og vrenger på uttalar og set synspunkt opp mot kvarandre der det knapt er grunnlag for det. Det er noko av dynamikken i journalistikken.
Guds bod gjeld på alle livsområde og inn i alle arbeidsområde, og då gjeld det sjuande bode med Luther si forklaring også i journalistikken. Dette meiner eg faktisk er noko av det mest sentrale i kristen journalistikk, og noko av det som det vert synda mest mot. Dette gjeld også for kommentarskriving og kommentarar til stoff på nettet. Samstundes er det slik at det må stillast kvasse, kritiske og pågåande spørsmål for å få fram sanninga og for å få klarlagt kva folk står for. Journalistikken må ikkje vert servil. Journalistikken skal i alt tena sanninga.
Kjærleiken skjuler synd
Det er også eit anna bibelsk prinsipp som er vanskeleg å leva opp til for nokon kvar av oss, og særleg for media, og det er apostelen Peter si formaning: «Framfor alt, ha inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.» (1 Pet 4,8). Peter brukar uttrykket «framfor alt» i denne samanhengen, der han framhever ei bestemt side med den inderlege kjærleiken: Kjærleiken løyner ei mengd med synder.
Det er ei freisting for oss alle å løfta ting fram i lyset som ikkje høyrer heime der, og i journalistikken er det jo eit ideal å vera kritisk og få alt fram i lyset. Ofte er det også heilt rettkome og heilt nødvendig, men ikkje alltid. Det er noko som er privat og personleg, og det er anna som er offentleg og allment. Kjærleiken skal ikkje sjaltast ut av noko livsområde, heller ikkje frå journalistikken. Det skaper eit kaldt samfunn med mykje mistillit, og til tider får det dramatiske fylgjer for einskildpersonar og familiar.
Samstundes er det nokre gonger slik at folk prøver å skjula ting som ikkje skal skjulast, men der det skal vera transparent – ikkje minst i politikk og organisasjonsliv. Då vil det vera i samsvar med kjærleiken å få dette fram i lyset, slik at folk kan få ta stilling til det som skjer – anten det er i det offentlege, i næringslivet eller i organisasjonslivet.
Prioritering og vinkling
Eg nemner ei siste side ved kristen journalistikk, og det gjeld kva ein vel å skriva om, og korleis ein vinklar stoffet. Kristent sett er det noko som er viktigare enn anna, og det må også avspeglast i journalistikken. Det er mykje i samfunnet som er på eit praktisk plan, der fornufta råder. I slike spørsmål gjev Guds ord ikkje konkret rettleiing, men det ligg under det verdslege regimentet, der styresmakta opptrer som Guds tenar. Alt dette er viktig nok, men kristen journalistikk har her lite å bidra med ut over det allmenne.
I samfunnet er det også ein god del spørsmål av verdimessig og etisk karakter der Guds ord openberrar kva som er rett og gale. Dette er livsområde og stoff som kristen journalistikk må prioritera. Noko av det mest sentrale her er det som gjeld livsrett og menneskeverd, og med det abortspørsmålet og spørsmålet om aktiv dødshjelp. Det same gjeld spørsmål som går på kjønn og samliv, og med det ekteskapet. Også spørsmål knytt til barn og oppseding, og med det foreldreretten og friskulespørsmålet, må prioriterast i kristen journalistikk. Vi har dessutan forvaltningsspørsmålet generelt, og med det fattigdom og bistand. Eg nemner også Israel og jødefolket, og med det antisemittismen.
Fleire spørsmål av denne karakteren kunne ha vore nemnde. Dersom journalistikken ikkje prioriterer det som Gud gjennom sitt ord løfter fram som det mest grunnleggjande, kan det ikkje seiast å vera kristen journalistikk.
I tillegg til å løfta fram dei vikigast sakene, er det også viktig å vinkla stoffet slik at det viktigast kjem i fokus. Dette gjeld alt frå overskrifter og biletbruk til språkbruk og oppbygginga av artikkelen. Etter mitt skjønn er det alt for ofte slik at det mest spesielle eller mest kontroversielle kjem i sentrum framfor det som sakleg sett er viktigast, og det som er berande i argumentasjonen etter kristen tenking. Kristen journalistikk må framstilla stoffet slik at det viktigast kristent sett kjem i fokus og vert det berande, og slik at framstillinga er i samsvar med det som er viktigast for intervjuobjektet. Det må vera indre samanheng mellom det intervjuobjektet eller artikkelforfattaren seier og står for, og slik det vert presentert for lesaren og som skaper denne si forståing av stoffet. Sanninga og kjærleiken krev konsistens.
Det eg her har nemnt, går i stor grad på samfunnsansvaret for pressa, altså det som skjer innan det verdslege regimentet. I tillegg kjem det som høyrer det åndelege regimentet til, altså det å formidla kunnskap og innsikt i det som gjeld kristenlivet i sin breidde, kyrkje og misjon. Dette er jo det aller viktigast som skjer kristent sett, fordi det gjeld folk si frelse og det evige livet. Kristen journalistikk må difor prioritera denne typen stoff. Det som eg har skrive om etikken og vinklinga i journalistikken, gjeld også på dette feltet.
Kristna tanken
Arthur Berg, som var ein av dei store redaktørane i Dagen, snakka og skreiv ofte om å kristna tanken. Det var hovudoppgåva for den kristne pressa og med det for den kristne journalistikken. Slik har eg også tenkt i mi redaktørgjerning. I dette gjeld det å riva ned tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og ta sin tanke til fange i lydnad mot Kristus, slik at det reisest tankebygningar i samsvar med gudskunnskapen som er openberra for oss i Skrifta. (2 Kor 10, 4f). Kristen journalistikk skal tena kristninga av tanken.




