Dette er den første artikkelen i en serie som omhandler kristent samfunnssyn og toregimentslæra. De andre tilhørende artiklene finner du her.
Stortingsvalet aktualiserer nokre områder av den kristne trua som spesielt bør haldast blankpussa når me skal velje våre ombod til å representere oss på øverste nivå i det verdslege regimentet (Stortinget).
Toregimentslæra i luthersk format blei til i ei tid då samfunna i Europa var tredelte stendersamfunn med lite sosial mobilitet, lite utvikla demokrati og medborgarskap, og med faste rettar, plikter og privilegium. Læra i si grunnform passar likevel i alle samfunn, men ho svarar ikkje aleine på alle spørsmål som kompleksiteten og dynamikken i moderne samfunn stille om ein i dag vil forme eller beskrive eit kristent samfunssyn. Derfor vil eg i denne teksten dra inn nokre bibelske element som etter mitt syn kan komplementere eit kristent samfunnssyn i tillegg til toregimentslæra. Alle spørsmål blir ikkje besvart av den grunn, men ein kjem eit steg vidare.
Finnes det eit kristent samfunnssyn?
Svaret må bli ja, og dersom ein tenkjer breitt om samfunnssyn, fins det truleg fleire, fordi vi nok vil vurdere dei aktuelle bibeltekstane ulikt, for eksempel om ein reknar dei som deskriptive og temporære - eller normative og tidlause - vil påverkegraden av forplikting og realisering inn i vår tid. Viss vi tenkjer på samfunssyn i smal forstand som politisk system blir svaret nei, Bibelen føreskriv ikkje ei detaljert og forpliktande organisering av makt og beslutningsprosessar, styresett og forvaltningsnivå, om det for eksempel skal vere ein slank nattvektarstat eller ein utflytande velferdsstat med høg BMI, på grensa til å bli ei gudserstatning. Bibelen pålegg samfunn å ha myndigheiter som gir folket tryggleik gjennom å oppretthalde fred og straffe urett (Rom. 13), det vi i vår tid forbind med forsvar, politi og rettsvesen.Diakoni, sjukepleie og omsorgsoppgåver som på nytestamentleg tid tilhøyrde slekta og familien, har gjennom den historiske utviklinga blitt lovregulerte offentlege oppgåver i velferdsstatar. Institusjonalisering og industrialisering har gitt mange fordelar, men også nokre tap, som mindre samhald, framandgjering, funksjonstapping av familie og t.d. kristne forsamlingar. Moderniseringa har element som kan svekke enkelte ting som mange reknar som kristne verdiar, men som vi ikkje for raskt må karakterisere som ukristeleg utan å ta med det større reknestykket over kva som har blitt styrka. Slike aktualitetar bør diskuterast og vurderast i formuleringa av eit oppdatert kristent samfunnssyn, men ein må skilje mellom dei underliggande verdiane og prinsippa som ligg fast og er styrande, og dei varierande konkretiseringane desse bør få på det operative nivået. «Deg Gud til ære, oss til gavn…», som det heiter i bordbøna, er ei generell og god rettesnor så sant ein kan krysse av for begge i den praktiske utforminga.
Byggesteinar i eit kristent samfunssyn
Fem viktige punkt:
- Kulturoppdraget: 1. Mos 1.28: «Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.»
Føde, fylle, råde og leggje under seg jorda er ikkje eit tilbod, men eit fundamentalt oppdrag, kall og plikt for livet på horisontalplanet, og for at samfunn skal bli til og bestå. Inneforstått i kulturoppdraget ligg forvaltaransvaret, og implisitt i dette den private eigedomsretten, noko det 7. bodet stadfestar. Ymse totalitære ideologiar har forsøkt å absoluttere staten og det kollektive, og minimere eigedomsretten inntil folk sjølv blei statens eigedom, med bart og briller. Det har mildest talt vore mislukka prosjekt, uansett politisk grunnfarge har det enda heilsvart for alle involverte. Eigedomsretten og forvaltaransvaret er eit viktig korrektiv til ein konfiskatorisk politikk som vi også ser kan vekse fram og breie om seg i ein smellfeit velferdsstat med ambisiøse utjamningsvisjonar.
- ·Menneskesyn
Menneske som to komplementære kjønn, er, som einaste skapning, skapt i Guds bilete, og det er derfor ukrenkeleg. Mennesket fekk del i tre gudsderivat, dvs. uskapte eigenskapar i Gud sjølv som utgjer grunnelement i gudsbildet. Det fekk innblåst Guds tid, den evige, Guds liv, det evige, og det fekk språket som førestnad for formidling av åndeleg røyndom, å kunne kommunisere med Gud, grunnlaget for åndeleg samfunn. Menneske fall i synd og mista samfunnet med Gud; livet, tida og språket(Guds ord). Menneskeverdet står likevel fast, for som Kain fekk Kains-merket i panna som tegn på både forbanninga og Guds miskunn, er kors-merket over den falne menneskeslekta eit teikn på både fall og oppreising. Bibelen skildrar mennesket etter fallet med stor gjenkjenneleg realisme, eit viktig korrektiv til politiske ideologiar og antropologiar som stundom både undervurderer verdien og overvurderer menneskenaturens ibuande evne til moral, fornuft og samarbeid.
Mennesket er gitt oppgåva å råde over det skapte, vere herre over det, eit korrektiv til ideologiar som nivellerer menneskeverdet til dyrenivå, eller nærast gir dyr menneskeverd.
Mann og kvinne, to kjønn. Passar saman, høyrer livslangt saman. Livsviktig leverandør av det einaste grunnlaget for all samfunnsbygging: nye menneske.
- ·Foreldreautoriteten
Foreldre har primat, dvs. primært mandat både åndeleg og verdsleg til å oppdra borna, og (skapings-)historisk er foreldreautoriteten utgangspunkt for all anna autoritet. For barnet er foreldra begge regimenta i det grunnleggende samfunnet; familien. Myndigheit kom med foreldrerolla, ikkje før og ikkje etter, og seinare behov for organisert og institusjonalisert maktutøving er eit derviat av foreldreautoriteten. Slik kan makt grunngjevast organisk med utgangspunkt i ein gudgitt ansvars- og omsorgsrelasjon, og statsdanninga som ei vekst nedanfrå og opp, til korrektiv for heidenske og nyheidenske ideologiar som snur ting opp ned og gjer menneske til eit middel for staten og makt til ei privat kapitalform tilegosentrisk nytte på veg mot toppen av næringskjeden.
Foreldreprimatet gir ansvaret for oppsedinga og opplæringa. Skulen låner berre denne foreldreautoriteten, det er eit viktig korrektiv til dei som hevdar at det er skuleplikt, og med juridiske og økonomiske pressmiddel vil overdra oppdragaransvaret til staten og forme eleven i einskapsskulens sekulariserte bilde.
- ·Toregimentslæra
Grov sagt kan ein seie at toregimentslæra er Bibelens fordelingsprinsipp mellom kulturoppdraget og misjonsoppdraget, og vil, rett praktisert, fungere som eit maktfordelingsprinsipp i eit samfunn. Meir om toregimentslæra i ein eigen artikkel. - ·Nesterolle og myndigheitsrolle
Alle menneske er ein neste for kvarandre, men dei aller fleste vil og oppleve å vere i myndigheitsroller overfor andre gjennom livet. I nesterolla er det kjærleiken som skal styra og råda, i myndigheitsrolla er det rettferda. Denne skilnaden er det svært viktig å erkjenna, både personleg og for yrkesutøvinga si skuld.Eit brutalt eksempel: Når ein borgar, kristen eller ikkje, må ta liv krig, drep han ikkje på vegne av seg sjølv, men på oppdrag frå øvrigheita. Han er i ei myndigheitsrolle, og blir ikkje råka av det 5. bodet («Du skal ikkje drepa»), dersom det er ein såkalla «rettferdig krig». Kristne pasifistar med eit monistisk syn på etikken, som ikkje skil mellom nesterolla og myndigheitsrolla, er ikkje forankra i bibelsk tenkning, noko Luther skriv i «Om den verdslige øvrighet»: «Skulle du derfor se at det var mangel på bødler, rettsbetjenter, dommere, herrefolk eller fyrster og du mente deg skikket, da må du by deg frem og søke stillingen, for at ikkje statsmakten, som vi jo trenger, skulle miste respekten, settes ut av spill eller gå i oppløsning. For verden kan ikkje på noen måte klare seg uten.» (s.175)
Punktlista er kan hende ikkje utfyllande, men desse er bibelske grunnelement for eit kristent samfunnssyn, element som kristendemokratiske politiske ideologiar har bygd på, om enn i varierande grad. Dei rammar inn og set retning for utforming av praktisk politikk, men er ikkje detaljstyrande.
Fem funksjoner for at samfunn skal bestå
For at eit samfunn skal bestå, må fem grunnfunksjonar haldast ved like, der alle fem er i tråd med bibelsk tenking om samfunn, sjølv om begrepsbruken er samfunnsvitenskapeleg:
Rekruttering (føde barn)
Sosialisering (opplæring og danning)
Produksjon (av varer og tenester)
Fordeling (distribuere til dei som treng)
Regulering av atferd (lovverk, orden, sanksjonar, straff)
I eit berekraftig samfunn er alle dei fem funksjonanen levande og står i eit indre avstemt forhold til kvarandre. Dei heng organisk saman, slik at feiljustering av ein funksjon går ut over andre funksjonar, alt treng ikkje bryte saman for likevel å utvikle eit dysfunksjonelt samfunn på kollisjonskurs både med kulturoppdraget og eiga overleving.
Ein kan foreta ein funksjonsanalyse basert på desse punkta og finne helsetilstanden til eit samfunn. For eksempel rekruttering: Med dagens fødselsrate på 1,4 er folkesetnadeni Norge halvert i løpet av 75-90 år (om ein ikkje reknar med innvandring). Mange vil seie at det er teikn på eit dysfunksjonelt samfunn, «a race to the bottom»,på kollisjonskurs med kulturoppdragets«Fyll jorda…».Kollektivt overlevingsinstinkt, fornuft og kristen forplikting på kulturoppdraget tilseier at ein støttar politiske ideologiar som legg til rette for barnefødslar og familieliv. Derfor var det destruktivt at Stortinget, dagen etter 1. adventsøndag i 2024, vedtok å utvide abortgrensa til slutten av 18. svangerskapsveke. Helse- og omsorgsministeren og kulturministeren feira vedtaket med kake og stor glede for åpent kamera. I lys av kulturoppdraget, kristent menneskesyn og Guds vilje med det verdslege regimentet framstod kakeseansen som ei rite i ein bisarr dødskultus. Det personifiserte og sjølvgratulerande Helse-Norge og Kultur-Norge feira døden som grunnverdi under førebuingane til feiringa av Jesu fødsel, og premierte kvarandre med applaus, klem og kake.
«Kristne fyrster og herrer» som «…tenker på å komme inn i det hinsidige – og dem er det heller få av» skriv Luther (Den verdslige øvrighet, s.191). Det verdslige regimentet kan ikkje utan konsekvensar – av alle gode grunnar vi kan tenkje oss–spele nihilistisk tombola med grunnverdiar og låneverdiar tilfeldig kastande rundt i trommelen. Verdikaos og dysfunksjonalitet i samfunnsfunksjonar er ei side av saka med negative konsekvensar for mange. Det personlege ansvaret overfor Gud er eit anna. Det hjelper ikkje om ein har landsmøtevedtak i ryggen på at han anten ikkje finst, eller ikkje har noko å gjere i politikken.
Luther om kristne i myndigheitsposisjon
Luther har viktige ting å seie til både kristne og ikkje-kristen i leiarposisjonar. Han referer her til Jesu ord i Lukas 22.25:
««De verdslige fyrstene er herrer over sine folk, og de som står øverst, går fram med makt» [Luk. 22.25] De har ikkje annet syn på makten enn at de, når de er født eller valgt til herrer, har rett til å la seg tjene og herske med makt. Men den som vil være en kristen fyrste, han må sannelig legge vekk den meningen at han skal være herre og gå fram med makt. Forbannet og fordømt er nemlig alt liv som leves og søkes egennyttig, til beste for en selv, forbannet er all gjerning som ikkje skjer i kjærlighet. Men i kjærlighet skjer de når de ikkje tar sikte på egen lyst, nytte, ære, bekvemmelighet og frelse, men av et helt hjerte er innstilt på andres nytte, ære og frelse» (Ibid. s.194)
Til slutt kjem han med eit firedelt prinsipp for kristent leiarskap:
«En fyrste skal orientere seg i fire retninger: For det første mot Gud med sann tillit og hjertelig bønn; for det andre mot undersåttene sine med kjærlighet og kristen tjeneste; for det tredje mot rådsherrene og forvalterne sine med fri fornuft og uhildet dømmekraft; for det fjerde mot ugjerningsmenn med behersket alvor og strenghet.» (Ibid. s.198)
Bør toregimentslæra påverke kva parti eg som kristen skal stemme på?
Ja. Kristen tru i moden form er erkjenningsmessig tilslutning og tiltru til ein ontologisk heilskapskonsepsjon, eit grunnparadigme, ei total røydomsoppfatning, - trua er ikkje berre å klamre seg til eit frittståande frelsesbodskap utan forankring og samanheng med resten av røynda. Derfor er det i heilt naturleg samsvar med tru, logikk og menneskeleg verkemåte at ein som truande agerer slik i det verdslege regimente at ein ved høve forsøker å fremje eit styresett som er i størst mogeleg ontologisk samklang med eins eiga røyndomsoppfatning. Ein politisk ideologi fundert i ei kristen røyndomsoppfatning vil i utgangspunktet ha betre føresetnder for å respektere toregimentslæra og spegle eins eigen ontologiske struktur med omsyn til verdivurderingar, menneskesyn, rettferdsoppfatningar ogpreferansar. Ein politisk ideologi som i liten grad respekterer toregimentslæra bør ein kristen ikkje vere med å fremje. Ei naiv, overidealistisk rettferdssans har stundom leia mange kunnskapsmessig svakt forankra kristne til å støtte sosialistiske rørsler som etter kvart viser seg å ikkje respektere korkje det åndelege regimentet, menneskeverd eller privat eigedomsrett.
Er demokrati og diktatur eitt feitt i bibelsk forstand?
Bibelen pålegg øvrigheit, derfor er anarki utelukka, men er elles tidlaust indifferent til forma på styresettet. Demokrati, slik vi kjenner det med institusjonaliserte høve til siviliserte og fredelege «opprør» (val) med jevne mellomrom,har historisk vakse fram og blitt utvikla i den kristne sivilisasjonen som ei frukt av eit kristent verdsbilete. Akkumulert fornuft etter århundrelange erfaringar, og prov på at makt korrumperer alle menneske, har i demokratiet nedfelt seg i borgerrettar og maktfordeling som sikkerheitsventilar mot tyrrani og alternativ til voldsomme opprør. Demokrati som styreform kan me derfor ansjå som ei Guds gåve, men ikkje eit tvingande pålegg for organiseringa av eit kvart samfunn til alle tider.




